Ny forretningside…?

Ettersom oljealderen tek til å skranta vert det viktig å finna andre bein å stå på, difor er det no tida for gode forretningsidear.

Fyrst eit par ord om dei luftforureina byane våre og tiltak for å halda bylufta reinare.

Google
For å redusera biltrafikken i rushtidene har Bergen nett no vedteke å auka bompengane morgon og kveld. Sjølv om dette sikkert vert til ulempe for eindel, trur eg at det er naudsynt å finna ut om slike tiltak kan ha nokon effekt. Tanken er sjølvsagt å prøva å få fleire pendlarar over på offentleg kommunikasjon, og med det ferre bilar inn til bykjerna.
Men hallo, kva seier så vegvesenet og dei offentlege transportselskapa. Jau, dei vil innføra køprising på offentleg transport i rushtidene. Det skal altså verta dyrare for arbeidsreisande med buss/bane i rushtidene. Eg må, for eigen del, seia at dette forslaget er noko av det mest toskete eg har høyrt på ei stund.
Har vegvesenet, i tillegg til ein overdose Møllers tran også fått i seg høgoktan bensin.
Her treng eg hjelp frå folk med meir vit enn det eg har, for i mitt hovud vert det slik at når både bomsatsar for bilane og bussbiletten aukar i rushtidene vi tilstanden på innfartsvegane verta “status quo”. Kven vil røma frå høgare bomsatsar til høgare bussprisar???

Nei, dette må koka ned til å vera eit lite gjennomtenkt forslag til ein ny forretningside for finansiering av offentleg kommunikasjon. I mitt hovud burde det vera slik at samstundes som ein innfører høgare bomavgifter for bilane bør billettprisen på offentleg transport gå radikalt ned. Det kunne kanskje hatt ein ynskt effekt.

 

6 kommentarer
    1. Dersom fleire skal over på kollektivtransport i rushtida, så veit dei alt no at dette vil by på store problem. Det er ikkje kapasitet på buss, bane og tog til å ta unne fleire reisande. For å skjule dette, lar ein publikum få svi for det ved høge billettprisar. Politikarane snakkar om å ha to tankar i hovudet samstundes, men det er ikkje så enkelt.
      God helg!

    2. Pedro: Nei, du har rett, men me burde vel kunna forlanga at ein tanke fekk slå rot, nemleg felles innsats for å få bukt med “giftskya” over dei store byane våre, og der er ikkje køprising på buss og bane mykje til hjelp – tvert imot.
      Alle miljøavgiftene me pungar ut med her og der burde vel vera med på å styrka kollektivtilbodet i og rundt byane…
      Hald deg unna køane i helga. God helg…

    3. Dette var jo et helt tullete forslag. Kan umulig være gjennom tenkt. Avgiftene må jo ned på kollektivtransport hvis folk skal slutte å kjøre bil.
      Ha en fin kveld 🙂

    4. Det er n mye rart de politikerne finner på. Her kommer vi ingen vei uten bompenger, på andre siden av byen er det ikke bom, men det er der de bygger veier.

    5. Siv Svanem: Ja, det er ikke alt vi forstår oss på, men vi har vel etterhvert fått et såpass komplisert samfunn at det kan skorte på oversikten for noen og enhver. Men å innføre køavgift både i bomringen og på bussene på samme tid skjønner jeg ingenting av. Hvilken effekt ønsker man av det?
      Ha en fin helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg