Februarnytt…

Dette har vore ein triveleg månad for oss som ser skrått ned på det som hender rundt oss.
På utanriksfronten har me opplevd både sprengkåte og maktsjuke verdsleidarar som opptrer i fri dressur, og innanriks går Sandbergen framleis på overdosar med Møllers tran.
Ja, og så har me VM på ski kor me ramla ned i kollektiv depresjon då me smurde oss bort på 10-kilometeren for kvinner
Men det er jo inga nyheit at me ikkje taklar snøver når me skal ut og tevla på ski!

Google.

Februar 2015.

Blomhoff var ein annsam mann.
Høgvyrd prest og samfunnsstøtte.
Kongens sølv vart tildelt han,
men kva var det då han møtte ?
Jau, sin eigen ustyrlige ereksjon
og lauslivnad for million på million.

Så var det stordirektøren Strauss-Kahn,
fransk presidentkandidat, må vite.
Det gjekk ikkje betre med han,
så han laut ned frå øvste elite.
Han laut visst ha 6 ? 7 kvinner i senga,
i skamlaus flukt på «høge venga».

Nei, no vart det visst nok erotikk,
her må då vera anna å skriva om.
Gubben får konsentrera seg om politikk
og det som lek ut frå dei lukka rom.
Det stundar også mot VM på ski,
då spørs det om Northug let svensken svi.

Rattsøen er sanneleg ikkje snau
i sin produktivitetsrapport.
Medan byane fyller våre pengetrau
bidreg visst ikkje distrikta stort.
Olje, fisk og landbruk kan leggjast ned,
Det vert visst ikkje pengar av det.

Frp slit med sine lause kanoner,
der kjem det salutt etter salutt.
Usaklege og saftige provokasjoner,
her manglar korkje kuler eller krutt.
No er det Krf som får på pelsen,
skulda for innvandring og terrorfelsen.

På ski har me vorte for gode,
nokon vil visst ha det til det.
Me sopar inn av premiebordet
og kjempar konkurrentane ned.
Men vil ein verta verdsmeister
lyt ein trena så det sler gneister.

Kva hende så ein rufsen snøversdag.
Jau, jentene valde feilsmurde ski.
Det vart eit fåfengd  medaljejag
utan smørjebua sin supergli.
Det vart Kalla og USA sin jubelsong,
for smørjebua bomma denne gong.

Så er det tid for dei glupe kommisjonar.
Politiet i Bergen har dumma seg ut.
Men vert det orden i lovas bastionar,
eller slepp han unna, den gullpryda fut.
Vert vanstyret borte i skodde og ull,
gøymt og gløymt forsøming og skuld?

Vegvesenet er påmeld i avgiftsdansen
med framlegg om køprising på trikken.
Enno ein gong vert Olsen, Berg og Hansen
offer for den vetlause finansakrobatikken.
Skal folk no jagast bort frå buss og trikk,
og over på ein forureinande biltrafikk?

Kva gjer dei i eit av våre granneland
når dei vil kvitta seg med ein brysam opponent
som plagar den store og sterke mann?
Jau, dei hyrer ein revolveragent.
Tre ? fire skot, og problemet er løyst.
På ny har dei stogga ei brysam røyst.
28.02.2015.M-m.

 

8 kommentarer
    1. Jammen er du god til slikt
      som å skrive saftige månadsaktuelle dikt
      Me andre får sjå verda, slik du ser
      og ofte sit me og humrar og ler.
      Takk for ei hygjeleg lesestund
      eg nytte kvart eit sekund

    2. Det var mye politikk ,sport og andre nyheter samlet i et supert dikt …mye bedre å lese nyhetene på denne måten 🙂
      Nå skal jeg se litt på jentene…må jo få med meg litt , selv om jeg ikke sitter “klistra”..Fortsatt fin helg til deg 🙂

    3. Oldemorbloggen:
      No får eg visst ikkje svaret til,
      for hjernen kjennes stå heilt still.
      Må satsa at han verkar att i mars
      med god hjelp an han Kaffilars.

    4. Her var mykje to-the-point
      om folk som ikkje har tålt ein joint.
      Men også om dagar med gull på gull
      og ein Northug utan for mykje tull
      og nye talent både i spor og bakke
      då er det berre å bukke og takke.
      God helg.

    5. JA:
      Her er det berre å bukka og takka
      for borte i Falun tok me heile pakka.
      Me gløymde heilt både regn og vind
      då gulltårer rann ned Northugens kinn.
      Då trong sjølv gubben ein styrkedråpe
      og vinflaska laut då fram frå skåpet.
      God helg…

    6. Der gav du meg ei triveleg stund att; kjekt å få hendingane innpakka i gode rim. Når det gjeld siste verset, så er eg glad for at Putin har teke på seg å finna gjerningsmannen. Då kjem nok sanninga på bordet.

    7. Pedro: Ja, den karen har god erfaring på å finna skuldige attentatmenn, så han greier nok å finna ein “syndar” denne gongen også.
      Ha ei god helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg