Lauskanoner på dekk og sånn…

I 1628 vart eit stort svensk krigsskip, det såkalte Vasaskeppet, sjøsett på Stockholms havn for så nesten med ein gong å kantra og søkkje. Ei av årsakene til havariet var visst at dei store og tunge kanonene på dekk var for dårleg festa og og rulla over til eine sida av båten då den fekk ei slagside, og vips – båten trilla rundt og sakk.

Google

I desse dagar ser det ut til at me har eit politisk parti som ikkje kjenner denne tragiske vasasoga og har sjølv gløymt å binda kanonene sine. Om båten vil bera no er eg slett ikkje sikker på, men her er eit par eksempel på lauskanonene.

Etter siste stortingsvalet inngjekk Høgre og Framstegsparitet ei samarbeidsavtale med Krf og Venstre som skulle sikra regjeringsskuta til Erna. Å  seia at dette samarbeidet har vore nært og godt er vel ei stor overdriving.
I samband med ein budsjettkrangel partia hadde slo den fyrste lauskanona, Mazyar Keshvari til og gav Krf og Venstre karakteristikken “Tullepartia”. Dette skapte sjølvsagt himmelsk stemning i samarbeidet, så Frp laut ut med brannkorps og tauverk for både å sløkkja brannen og festa kanona att.

 

Det brannsløkkjarane ikkje hadde kontrollert var om andre kanoner trong å festast betre, for der er visst nok av kanoner på det skipet. Forresten, sjølve storkanona “tjukkeberta” fins det ikkje sterkt nok tauverk til, så brått ein morgon small det, og kula (Per Sandberg) var retta mot Krf med bodskapen. “Dette partiet har stort ansvar for radikalisering av unge muslimar”.
Me som lydde på radioprogrammet lurde med ein gong på om han Per hadde teke restane av akevitten etter eit berømt julebord for nokre år sidan, eller om det var inntaket av Møllers tran som hadde teke overhand.

I alle fall, den sindige bømlokaren Knut Arild vart, som venta; fly forbanna og forlangte ei årsaking. Den kom saman med eit oppgulp av gamle påstander. No er visst brannkorpsa i både Høgre og Frp i gong med å pumpa vatn og godord på han Knut Arild. Så då får me sjå kor, og kva tid den neste kanona smell av. Me lever i eit spanande politisk landsskap…

 

8 kommentarer
    1. “Djupt såra og vonbroten” held nok ikkje denne gongen, men kva endar me opp med dersom Hareide tek hatten sin og går. Nyval blir vel ikkje aktuelt. Friske meiningar passar best i eit fleirtalsparti (ref Håkon Lid i AP). Spanande tider i politikken blir det i alle fall. God helg!

    2. Pedro: Eg trur at korkje Erna eller Siv greier å bolta fast kanonene, så me kjem nok til å oppleva friske politiske fråspark utover våren. Merk deg Pedro, Jonas og gjengen sit musestille og lyder. Dette er kraftfor til deira meiningsmålingar.
      Ha ei helg i kanonstille…

    3. Bømlngen var “nesten” svart i blikket, så svart som ein av hans kaliber kan bli. Eg kjende formeleg kor det kalde gufset stod ut av tv-apparatet, då han snakka til krutkula frå FRP. Eg kan godt forstå frustrasjonen til guten frå naboøya, det får no vera måte på.

    4. Oldemorbloggen: Ja, eg skjøner Knut Arild så godt. Sandberg sitt utspel var usmakleg, usakleg og langt under beltestaden. Og han hadde ikkje såpass til ballar at han greidde å bera fram ei skikkeleg orsaking.
      Huff!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg