Vy!
FYYYYYYYYYYY!
No skal NSB kallast Vy.
Var gamlenavnet til bry?
Er me lurde opp i stry
av direktøren sitt snakkety
eller er det styrets kykkeliky
til ein saueflokk med paraply?
Kva skal namnet eigentleg bety
eg skjøner ikkje eit kny.
Me reisande frå bygd og by
vil ikkje ha ein navnerevy.
Me vil ha ein velutrusta rutemeny
og ein sitjeplass, rein og ny.
og tog som går på rute frå by til by.
Men no skal me reisa med Vyyyyy.
Eg kunne sitja meg ned og spy.
13.03.2019,M-m.
6 kommentarer
FOR et herlig dikt!! SÅ morsomt og fint skrevet
Spark de fortjener 
Takk. Ja, dette måtte bare komme.
Dette skjøna eg ville verta mat for Mons (eller Magnus), og medan me sit her i sjokk har du alt eit velskrive Vy-kvad klart. Jotun målingsfabrikk og konfeksjonsindustrien gnir seg nok i hendene, for her er det millionar å henta. Snakk om å bruka pengar som fulle sjøfolk. Hadde det endå vore 1. april. God natt, og sov godt dersom du får roe nervane etter Vy-sjokket!
Er nivået på det som går føre seg i offentlege styrerom på dette nivået. då lover det ikkje godt for framtidig drift av offentleg verksemd. At det går an å koma med eit slikt tomt navneframlegg skjøner eg ikkje. Vy skal vekkja assosiasjon mot ei visjonnær verksemd, men eg tviler på om brukarane kjem fortare, billegare og behagelegare fram av visjonen. Nei, dette er bortkasta pengar, rett og slett.
Og eg som hadde trudd at eg hadde sett og høyrt det Mesta då eg fyrst høyrde om Equinor.
Ordsnobberiet lenge leve.
Vy uttales på Tysk FY !!!
Ja, og det burde kanskje generalforsamlingen (les ministeren) merke seg, og ta kkonsekvensen av. Det sies at det er ingen skam å snu, men det gjelder visst ikke politikerne. God helg.