I dag funderer eg…


Google.

…på korleis det fungerer i samfunnshåvene våre.
Den siste veka har det kome fram at partiet Raudt vil avprivatisera alle skular her i landet, og byrådet i Oslo gjer det same med eldreomsorga, og det siste vil kosta skattebetalarane over 400mill. Kor veldokumentert det er at dei eldre vil få valuta for dei 400 millionane seier “ismane” lite om, men bestemor på anbod var, og er, visst ein styggedom – i alle fall retorisk.
Denne same veka har det så kome fram at på Kvinneklinikken i Bergen rår det til tider nærast kaotiske tilstandar rundt fødselsomsorga. Underbemanning og sjukefråvær fører til utryggleik blant mange av dei fødande, og delar av personellet tyr til tårene når presset vert for stort. Er det slik me vil ha det?
Ein annan institusjon her vest er Sandviken sykehus, og her er det også store manglar ved pasientomsorga. Dette er dokumentert ved ein alvorleg rapport frå Sivilombudsmannen, som bl a seier.:”Dette er en nedverdigende måte å ivareta  mennesker i krise”..
Men dette er då døme på offentlege institusjonar som ikkje gjer jobben sin. Grunnane til at det vert slik er sikkert fleire, men oftast renn løysinga bort i ein politisk krangel om kven som er skuld i vanstyret – dei raude eller dei blå.
Dette er kort og godt  nedverdigande mot dei som har behov for tenestene.
I staden for denne avrettingskampanjen mot dei private støtteinstitusjonane bør ein snarast sjå til å få dei offentlege institusjonane til å fungera.
Det må ikkje gløymast at det var dei private initiativa som i si tid berga regjeringa frå å bryta lovnaden om full barnehagedekning, men dei private barnehagane er vel dei neste som står for nedslakting.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg