Robust, eller…?

 


Google

Robust – – – Så braaa?

Det surrar så mange rare ord og vendingar rundt ein gamal gubbe at han vert mest hovudgalen etter å ha høyrt på dagsrevyen ei kveldsstund.
For nokre år sidan vart adjektivet «veldig» utbygd til «veldig-veldig» for til sist verta «veldig-veldig-veldig» når noko var retteleg storveges.
Men no har politikarane våre introdusert eit ord som nesten hadde forsvunne ut or ordboka. Ordet «robust», osar det ikkje av initiativ og tryggleik ?
Siv og Erna kan vel få hovudæra for at ordet no er drege fram att frå småbokstavane i ordboka.
Dersom dei ikkje avsluttar utgreidingane og tiltaka sine med ordet robust ja, då kan me lita på at dei ikkje garanterer for resultatet.
Me skal no få ei robust helseteneste, eldreomsorg og skule. Forsvaret, barnevernet og «you name it» skal sjølvsagt også vera robust, må vita.
Men, kva hender i mitt hovud når ordet fyller øyret mitt i tide og utide. Det kan sjølvsagt ikkje du veta, men for meg vert ordet meir eller mindre ein floskel på line med ein annan ny ordsleng, «såå-braaa!». Ein skal ikkje ha gjort rare tenesta før det er såå-braa.
Jaja, for å halda meg til sjargongen.
Så-bra Erna, at du gav oss eit gøymt og nesten gløymt ord for å gjera vår forståing av dei politiske tiltaka betre, i tillegg til at du no opnar butikkane på sundagar for oss shoppoholikarar med robuste lommebøker.

6 kommentarer
    1. ..hehe..har ikke fulgt så mye med i politikken om dagen…men sikkert litt merkelig ord i slike sammenhenger…Jeg bruker ofte ordet i sammenhenger som f.eks…støvel med robust såle (altså litt grov )…eller en arbeider som jobber med nevene…da tenker jeg på en robust arbeidskar…
      Artig med slike refleksjoner rundt språkbruk …Fortsatt fin dag til deg :))

    2. Du gamle gubbe får lotten fram hos meg. Eg har ikkje tenkt over at ordet robust er komen på moten igjen, men du kan vera sikker på at no kjem eg til å leggja merke til om det blir brukt. Eg syns du skriv såååå bra, altså.

    3. Oldemorbloggen: Slikt skryt gjer meg veldig godt, kjenner eg. Eg registrerer at du alt har kome inn i den nye sjargongen, du også, så-braa!
      Elles vonar eg at dei to sterke damene i regjeringa ikkje skuffar deg, men lovar nye robuste prosjekt i nær framtid..
      Ha ein fin kveld med gode vervoner for morgondagen.

    4. annebe: Du vet at en gammel kverulerende avisoman henger seg lett opp i ord og saker som kan vris og vendes på. I dag ble det altså noen ord som har frekventert oftere i landsskapet i det siste.
      Selv om det av og til går litt fort i svingene med mitt eget språk i bloggen så er det kjekt at noen synes om det jeg skriver.
      Ha en fin kveld…

    5. Trøysta er at moteorda forsvinn etter ei tid, men men ordet FOKUS har me slite med lenge. Det er stort fokus, breid fokus og liknande, men då er du ikkje fokusert på oppgåva.
      Her om dagen las eg at Enok i Anno-programmet var sjeldent langsint, så konkurrentane bør passe seg i lang tid framover. Ha ein fin dag i vårveret.

    6. Pedro: Nei, no misste eg heilt fokus, eg vart heilt skremd av langsinte Enok. Du veit, han er her i omgivnaden så eg lyt viss passa meg nå eg fer til byen.
      Nei, sinnet hans Enok er nok eit resultat av slarven gramatikkopplæring i skuleverket.
      Ha ein kortsint dag…Me er i Øygarden…Sol og 15 grader, og det er ikkje i sola…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg