Oktoberhymne 2018…


Google.
Denne månaden har gubben vore oppteken av mjuke verdiar som sumarveret, U-hjelp, årmålsdagar, nasjonalsong og ikkje minst krumspranget til KrF.
At presidentar, spesielt i einveldige statar, vil halda seg med flotte fly er vel ikkje akkurat ukjend, og tidlegare i månaden kunne Aftenposten kunngjera at presidenten i Zambia hadde skaffa seg doning(sjå googlebileta) til 400 mill på U-hjelpa sin kostnad. No var det vel ikkje heilt slik, men ein lyt spørja seg kor greit det er å bruka 400 mill for å polera eige glansbilete medan folket svelt.
Som 90-årsgåve frå Bondevik fekk Willoch Hareides bok “Det som betyr noe”. Jaja, det er mange måtar å sparka nokon bak på.
Så er særinteressene ute og vil skriva om gamle nasjonalsongar og barnesongar. Ja, kva gjer me ikkje for å bli høyrt i våre dagar.
Men dette har vore Hareidens månad, fullt og heilt. Han skulle vel ha fått eit heilt oktoberhymne for seg sjølv, men kanskje vert det tid til ein nekrolog i novemberhymnet, om han ikkje greier å skrema menigheita si til å fylgja rådet hans. Stakkars KrF seier eg berre.

Oktoberhymne 2018.

Etter ein sumar med sol og varme
er rekninga lagt på bordet no.
Eg høyrer stormen rundt novene larme
og tomånaders  ustoppelege regnværsflo.
Kvar glede skal betalast med sorg og sut,
og sumaren med storm og regnværssprut.

Ein heidersmann fyller nitti år,
ein politisk høvding på høgre sida.
Framleis samfunnsengasjert og klår.
Jau, Willoch fylgjer med i tida.
Takk for innsikt og engasjement.
Min respekt får vera din presang.

Eit luksusfly kan vera kjekt å ha
for å løyna fatigdom og naud.
Særleg om du er president i Afrika
i eit land kor økonomien ligg daud.
Men kan det eigentleg vera så bra
at U-hjelp vert til presidentfly i Zambia?

Fyrst vart nasjonalsongen for pompøs
Den har ei alt for maskulin form.
Så var julesongen for religiøs.
Høver visst ikkje dagens profane norm.
No er dei ute etter «Bæ bæ lille lam».
Å stela ull frå sauen er visst ei skam.

Så har Hareiden endeleg skifta farge
Han er vorten sosialdemokrat.
Det har gjeve Erna regjeringsplage
medan Jonas står lysten og parat.
Er det ikkje ein demokratisk parodi
at landet tykkjest styrt av eit miniparti?
31.10.2018.M-m.

9 kommentarer
    1. Kjekt å så mine eigne tankar formulert i eit flott kvad. Interessante rim og formuleringar gjer det til ei lys å lesa. November har sikkert litt stoff på lur, så eg reknar med eit nytt kvad når den tid kjem. Takk for dagens!.

    2. Du er litt av en rimsmed. Her er det både snert, engasjement og ironi – uten at det blir veldig “Slemt” – bare morsomt! Det er ett ord her som er nytt for meg: “profan”. Det har jeg aldri hørt før? Jeg har også veldig sansen for Willoch. Han er en mann mange kan samles om – uavhengig av “partifarge”. Han er så klok. Sjøl om han ofte kan virke veldig tørr, saklig og “spiss”, så har han nok også et varmt hjerte. Han er aldri “ufin”.

    3. karidansen: Takk for alle godord, de varmer. Så til ordet profan. Det kom jeg borti da jeg sang i mannskor, og profant reportuar ble da forsått som ikke-religøse sanger.
      Willoch har blitt mer og mer romslig med årene, men ha kan fremdeles til tider være like skarp i kanten, det hat jeg sansen for.
      Ha en fin dag i tigerstaden.

    4. Pedro: Takk skal du ha Pedro. I dag har det vorte så mykje godord at eg får mest lyst til å halda fram over nyttår. Ja, november vert nok spanande. Dei kjem vel i gpng med litt politikk att då. Denne månaden har dei berre “trått vatnet” og venta på han Knut Arild inne i løvehola.
      Ha ein grei dag…

    5. Landsmøtet har gjort sitt vedtak
      I Knut Arild si store flaggsak.
      Han fekk ikkje medhald
      der han ønskte seg fleirtal
      Men han viste kampmot
      og for det skal han ha.
      Han stod opp for si meining.
      Sortien var verdig og talen var bra.
      Han var raus mot sin neste
      Som ikkje var einig.
      Han gjorde sitt beste og har vokse på det.
      Det gjenstår å sjå kva det fører te’
      Men som Per Sivle skreiv om Tord Foleson etter slaget på Stiklestad:
      ” Og det er det det store og det er det glupa
      at Merket det stend
      um Mannen han stupa.”

    6. Jakob: Ja, det var ei modig, raus og romsleg side han viste. Han har vist ei ny leiarside den siste tida, men det var bibelbeltet og deler av Vestlandet som felte han. Ein god anslutningsappell.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg