Dagens trimtur…


Google.

Skoddeburet.

Fyrst vaknar du klokka fem,
og gardina står litt på klem.
Ute er himmelen rein og blå,
ein vakker dag, skal du sjå.

Etter ein ørliten attpålur
gler du deg til dagens trimtur.
Kva ser du utafor glaset då
Jau, ein himmel skoddegrå.

Skulle du ut i skoddeeimen,
ei kvie å forlata heimen.
Motviljug på med turhabitten
utan den store turappetitten.

Litt råsur start på turen,
gubben både lei og sturen.
Men då han kom i gong
gjekk det som ein song.

For brått skein sola opp
og varme kom i kropp.
Det gråe vart til ljos,
og turen vart berre kos.

Moralen er enkel og grei,
ligg skodda,  legg likevel i vei.
Det går oftast betre enn du trur.
La ikkje skodda verta ditt bur.
06.11.2017.M-m.

Google.

10 kommentarer
    1. Her måtte eg smila
      for det er ofte dørstokkmila
      som hindrar ein å gå
      ikkje tåka som ligg grå
      Skulle ein berre gå når sola skein
      fekk ein ikkje trimma gamle bein.
      Ha ein fin dag!

    2. Anonym:
      Nei,du har so evigt rett
      eg er visst gamal, rett og slett.
      Lett å skulda på ein skoddedått;
      og sitja i godstolen og ha det godt.
      Nei, gubben lyt slita seg opp etter håret,
      sjølv om han går i det åttifyrste året.

    3. Så bra det ble både ljos og kos… En tur fint fortalt i diktform..Tåke er fint på bilder.. men sol og finvær på tur er det beste … :))

    4. «Jeg, som kun behøver et Glimt av Solen for at briste i høi Latter af Glæde» skrev Henrik Wergeland. Du sier omtrent det samme, men med dine egne ord; flott dikt. Har du forresten undersøkt om det skulle være noen gamle slektsbånd der? Selv har kona funnet ut at hun har nært slektskap med Ludvig Holberg, så nå må jeg prøve å finne storfolk på min side.
      Ha en fin kveld i dikterstolen.

    5. Pedro: Ja, men har ikke du aner på den geistlige siden da. Vel, som deg må jeg visst starte med litt slektsgransking for fruen i dette huset har fått dokumentert at hun tilhører etterkommerne til Peter Dass i ca 11 ledd. Men den slektsboka er tjukk så han var nok en aktiv kropp, ikke bare med pennen…
      Lykke til med slektsgranskingen…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg