Junihymne 2017


Google

Juni 2017.

Ein stortingsmann med for liten bil,
var på IKEA og handla stort.
Han stapla opp på bilen med eit smil,
lasta langt over ripa og køyrde bort.
Men borte i svingen sto onkel politi,
og brått var førarkortets tid forbi.

No skal LO-pampen ha etterløn,
dei har lært av sjefane i banken.
Likskap er fagrørslas motto og bøn,
det er slutt å sitja og syga på “skanken”.
Nei, er ein sjef må også likskapen rå,
om ein er raud, gul eller blå.

Ho Erna har vore på barnefestival,
godt rusta med vepna politi.
Nei, det var slett ikkje eit karneval;
ho var visst førebudd på terrorstrid.
Om ho lyt forsvarast  med vepna eskorte
er det kanskje best at ho heldt seg borte.

I sumar lyt me visst binda oss fast i stolen,
for denne valkampen kan verta stygg.
Skamlaus retorikk frå talarstolen,
svir verre enn stikka frå sumarleg mygg.
Har Trumpen lagt lista for oss her i landet,
for der er det mykje skit på tungebandet.

Her vest fins mange attraksjonar
for ein opplevingssjuk turist.
Trolltunga har ført til bergingsaksjonar
for mang ein lettskodd og tunnkledd optimist.
Men no er det visst Trollpikken som gjeld,
sjølv om den førre veka gjekk på ein smell.

Etter ein kald og utriveleg vår
bar det til solvarme for gubben og frua.
De veit der sola dagleg over hovudet står,
og varmar alle som hadde mista trua.
Forfrosen nordbu med soltur på blå resept,
men det fins ikkje i helseverkets konsept.

30.06.2017.M-m.

14 kommentarer
    1. Du skriver jo såååå fint :)) Men hvem var han som hadde vært på Ikea..hehe..f år med meg mye her hos deg jeg skjønner du… Palmer og blå himmel er vakkert da.. Kos deg med helga :))

    2. Steikje flott dikta, som vanleg.
      Mi diktarånd har meg forlete,
      difor sit eg her og grete.
      Både forlete og grete kjem med raud strek,
      så er det rart at eg sit her å gret?

    3. Jeg følger ikke så godt med i “Nyhetene”, men jeg koser meg med de finurlige versene dine likevel. “Trollpikken” har jeg fått med meg – ellers var jeg litt usikker her! 😉

    4. annebe: Det var en bergenspolitiker som hadde overlasta bilen, Eirik Skutle. Det ble tre mnd utren sertifikat….Ellers er det hyggelig at du følger gubbens viderverdigheter i inn og utland…Jeg setter stor pris på det.
      God helg til dere.

    5. karidansen: IKEA-stuntet ble utført av en bergenspolitiker, og Erna hadde skarpladd politieskorte med seg i et barnehagebesøk. Ellers var det ett eller annet politisk sleivspark som trigget et av versene.
      De kommer rennende ut når jeg tenner på et eller annet avisoppslag, og av og til må jeg forkaste ett eller annet vers pga at jeg selv ikke husker bakgrunnen ved månedens slutt. Slik er det å bli gammel og glemsk.
      God sommerhelg.

    6. Oldemorbloggen:
      Endeleg kom kommentaren på rim,
      slike innlegg kjem ikkje i stim.
      Om rima kjem med tårer og gråt
      sume tider er me i same båt.
      Det som var lettskrive eine dagen
      sit neste dag bomfast i magen.
      Ha ei roleg sumarnatt
      før du tar tak i pennen att.

    7. Så fin ein penn du har
      meininga kjem så lett og så klar
      Du forstod så godt mine rimevanskar
      og du skriv svar med silkehanskar
      At du òg kan ha utfordring
      med å få rimorda i sving
      Livet er no slik
      at den eine dagen ikkje er den andre lik.
      (Jøss, her fekk eg det jammen til å rime, etter gamalt)

    8. Ja, slik var juni, og du fekk dokumentert det fint og presist som vanleg. No går eg her i middelhavstemperatur og rustar til tur i vesterveg. Eg let skia stå att, men sydvesten og ullgenseren blir med. Etter ein Harrytur har eg nokre vinkartongar til trøyst i tunge stunder, men kanskje sola syner seg att; det har skjedd før. God sumar!

    9. Pedro: >Eg vil minna deg på at den gufne nordavinden fordrar ein lang undikk i beredsskap. Onnatrekk kan vera lumsk, veit du.
      Elles er nok raudvinen ein smart nisteboks å ha med…Oppvarma gjer den underverk i ein varmehungrig skrott.
      God tur til den gamle heimstaden og god sumar til dykk begge…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg