Kor lenge skal galskapen få rå?


Google

I fjor var det valkamp og val på ny hovding «over there». Eit av hovdingemnene var oveleg storkjefta. Han skulle reversera alle dei viktige reformene forgjengaren hadde innført. I tillegg ville han stengja grensene mot Mexico, kutta banda til NATO, kasta gamle handelsavtalar på skrothaugen, og så skulle «over-there-landet» verta størst att.
Vel, han vart den nye hovdingen og sette straks igong med å innfri lovnadene sine.
Kva hende. Jau, han stonga hovudet i veggen med ein gong.
Fekk ikkje gravlagd Obama-care.
Grensenegjerdene mot Mexico er framleies i det blå,
og NATO er inne i varmen att.
Kva gjer ein storkjefta hentesveisoperatør då?
Jau, han vender kjeften mot utlandet, fyrst mot Nordkorea og krydrar retorikken med millitærøvingar utafor stoveglaset til «babyface» som i lange tider har nappa dei i pelsen «over there».
Denne, på si side let seg ikkje draga etter nasehåra, og han svarar straks med å fyra av rakettar med helsing om at han ser fram til å landa dei i hagen til hovdingen. Så krydrar han det heile med nokre drustelege atomsmell.
No har hovdingen også vendt seg mot eit anna land som han har ei avtale med og forkynt at den avtalen kan dei kasta på bålet, og kva gjer så presteskapet i det landet. Jau dei svarar med åfyra av ein rakett som rekk godt fram til ein av hovdingvenene, og då har me det vel gåande også der.
Men alt dette godtfolk, er alvorlege greier, og eg kjenner meg ikkje sikker på at vetige krefter elles i verda greier å roa ned desse galningane. Diplomati har visst vorte eit framadord i dei krinsane.
Om ikkje verda greier å roa ned potensen til desse krigshissarane kan me frykta eit ragnarokk som verda ikkje har sett før. La oss vona at vetet vinn over galskapen til sist, at diplomatiet får koma på banen, og at verda kan verta spard for slike styrlause hovdingar i framtida.

Google

8 kommentarer
    1. Skummelt ja… Hvorfor kan ikke de med normalt “vett” styre stormaktene..men det er vel ønsketenkning bare… Vi får ikke gjort stort mer enn å håpe det går bra… !

    2. Ja de herrer tøffer seg. Håper FN kan være sterk og fornuftige nok, og at de vettuge kommer med kloke innspill. Dessverre skjer ikke det i Nord Korea. Får håpe Iran har klokskap da. Og Trumph må da ha noen vettuge folk der også. Vi små må bare henge med. Ha en fin søndag dere da!

    3. mimremor: Ja, vi har ikke stort annet å gjøre enn å henge med, men det som skuffer meg er at de ikke fant noe bedre hovdingemne “over there”. Ha en fin søndag.

    4. To Store i en Sæk kan ingenlunde rømmes,
      Men Sækken som I to kan ikke rømmes i,
      Tilgavns undgielde maae for eders Klammerie
      Det skrev dikteren, og det stemmer nok i dag også, men det leie er at sekken er vår felles klode. Fjompen i Nord-Korea har et vanvittig ego-bilde, og motparten er vel heller ikke helt god. Hvem kan få disse gutta ned på jorda igjen?
      Inntil videre får du ta deg en biltur på nyasfalterte gater, nyte fineværet og minnet om et storsått sykkel-VM.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg