Valomat – hurra!

Dette er ei åtvaring til dei som ikkje tykkjer at eit skråblikk på politiske valutspel er OK. Ikke les vidare!

Google.

No som gubben har fått med seg over halve valkampen kan det vera på sin plass å gjera ei lita oppsummering av inntrykka han har fått så langt.
Det starta med pilgrimvandring og kulturdebatt. Her tok ho Linda staven fatt og for over fjellet til Nidaros, samstundes som ho ba om vern av den norske kulturen. Svaret kom fort frå den andre sida då me brått såg ho Hadia sitja på Trollpikken og ropa ut norske verdiar som ho hevda at dei blå-blå no står i ferd med å øydeleggja.
Jonas, på si side spelar ein revyvideo og ropar skatt – skatt – skatt.
Han Audun vil no ha bort alle dei som hjelpte Kristin for 8 – 10 år sidan då ho lova å gå frå minsiterposten om ikkje alle ungar fekk barnehageplass i hennar valperiode. Dei private berga henne, men no skal Audun ha dei bort. Profitørar, kallar han dei.
Han Trygve ropar berre fy til sentralisering, og ser “fanden i sekken” til eikvar reform regjeringa innfører. Dessutan gliser han rått og svarar notorisk på alle andre spørsmål enn dei som vert stilt han.
Rasmus hipsar på okslene og lovar å tilsetja 200.000 nordmenn på NAV innan 15 år då oljekranene skal stengjast. Kvar dei 200.000 som misser jobbane sine elles skal finna arbeid har han visst enno ikkje funne ut.
Knut Arild stakkar,vart visst så sjokkskada då ho Sylvi skulda han å sleikja imanane op etter ryggen at han har mist både munn og mæle. I alle høve har han rota det litt til når han vert spurd om kva regjering han vil støtta etter valet.
Så har vi ho Trine som ligg og vakar i sperregrensa.  No har ho fått seg EL-bil som ho suser fram med, land og strand. Eg undrar om det kan vera for å spara pengar i alle bompengeprosjekta til han Kjetil.
Eg undres om ho Sylvi har teke kommandoen i Frp. Ho har slengt om seg med så kvass retorikk at sjølv svenskane vågar ikkje å møta henne. Nei, no må du på banen Siv.
Så har me ho Erna, den nye landsmodera. Ho vert piska med skatteretorikk av han Jonas, og vil framleis ha meir skattelette. Ho skryt av at gubben har fått kr 7000,- i lette under hennar styre, men sjølv har han berre inneverande år fått kompensert det med 5000,- i eigendomsskatt i tillegg til kr 4000,- i auka bompengar! Slå den!
Eg har ikkje nevnt Moksnessen, men der er det nei til mykje og mangt.
Rett nok er han gamal, og hovudet er fullt av like mykje rot som ei gjennomsnittleg handveske, men sanneleg hjelper ikkje politikarane han å rydda opp i villfaringane sine heller.
Er det rart gubben er forvirra?

Men her fins alltid hjelp å få, og no har han funne tre valomatar som skal hjelpa han å stemme etter si overtyding.
Den fyrste, NRK sin valomat rådde han til å stemme raudt. For å vera sikker i si sak tok han testen ein gong til (Han svarde kanhende ærligare den gongen). Då vart det blått.
I dag var han innom ein annan valomat, då kom ho Trine glisande.
Nei, når til og med valomatane ikkje kan hjelpa, då er det sanneleg godt at gubben allereide har førehandsstemt!
Godt val!

 

2 kommentarer
    1. Ein kan seia kva ein vil om valet, men spanande blir det ? alt er i endring. Ein gong var 36,9 eit krisetal; i dag er det ein AP-draum.
      Me stemte for null i bompengar, men fekk i bøtter og spann. Ein tur gjennom Gudbrandsdalen i dag er som eit lys-show; det blinkar grønt over alt. Ja, mest som nordlyset.
      Uansett valresultat så må me nok lita på oss sjølve i framtida også, og vera glade så lenge me slepp å gå til eldreomsorga; den det skulle skine av før Stoltenberg ga ei einaste krone i skattelette. Men no er vel ikkje skatten så tyngande for den karen lenger.
      Kona fekk nett 45 kroner i auka pensjon, minus 11 skattekroner, det vert 34 kroner. Nok til ei bompengepassering i månaden, eller ei krone per dag til eit liv i sus og dus.
      Ha ein fin haust med politikarane framfor TV-ruta!

    2. Pedro:Takk for underfundig og treffande kommentar. Ja, med skatteauken Jonas tillyser, og med støtte frå Rasmus kan du vel setja jarnhesten på båsen, for då ryk vel dei 34 kronene kona di fekk – og meir til. I tillegg vert vel drivstoffet så dyrt at ein kan leggja om til 60% på tanken.
      Jaja, spanande vert det, og får han Rasmus ei hand på rattet ber det vel utfor vegen allereide i første svingen.
      Vis godt mot i tyngre tider!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg