Julihymne 2020.

Skriblerier og Funderier – Vår nye fylkesmann.
Google

Eg vart for freista til å ta med eit vers om han Lars, den nye fylkesmannen i Vestland. No har han meldt seg ut or venstre, så no kan han seia.: “eg og kongen”. Kongen er også, som kjend, også partilaus.
Elles tok sparkesyklane politikken i Bergen på med buksa på knea. Brått sto syklane der, i gatene, utan at dei folkevalde hadde klargjort ein einaste regel for bruken av syklane. No gjeld det å få fingen ut med eit regelverk som regulerer at bruken av syklane vert til å leva med.
Koronaen får brei plass i dette hymnet, for ei ny smittebvølge kan vera framfor oss. Når Hurtigrutra importerer mannskap frå Asia utan tilstrekkjeleg smittesikring kan ein verkjeleg lura på kva bodskap regjeringa har greidd å banka inn i presumptivt vettuge skallar. Ikkje rart at meinigmannen snåvar i Antibac-dunsten.
Elles har gubben lagt på latsida med hymnet denne månaden, men de får bera over med ein gamal mann.

522. Julihymne 2020.

Så kom sparkesyklane endeleg til byen,
bergensarane kallar dei løpehjul.
No kan «bysludden» gløyma paraplyen,
politikarane ergrar seg blå og gul.
Dei meiner at fenomenet er noko herk,
men forsømde visst å laga eit regelverk.

Endeleg er han Lars på bana att;
Han tek farvel med det venstresongen.
Fylkesmann utan partipolitisk hatt,
no vert han meir og meir lik kongen!
Det tok han ti år å finna det ut,
ein fylkeskonge og offentleg fut!

Så har koronabyråkratiet slege til
kjærastimport må no dokumenterast.
Det må ikkje herska nokon tvil
forholdet skal vera fysisk, seriøst og fast.
Det nytter ikkje med ein «one-night-stand»
om du vil inn i vårt koronafrie land.

Endeleg er Harryen slept over grensa
etter bacon, brennevin, røyk og snus.
Så no skal svenskefluidum halsen rensa
med egg og bacon i coronarus.
Kva gjer det vel om halsen vert koronasår
når me får krossa grensa etter «kvota» vår?

Hurtigruta har vore på svalbardtur,
det var antakeleg ikkje så lurt.
For coronaen låg i mannskapa på lur
og reiaromdømet vart heller surt.
Den usmarte virusimporten frå austen
vert nok ein snakkis denne hausten.

-m. 31.07.2020.

 

2 kommentarer
    1. Godt å sjå at du er attende nokolunde i rute. Me går nok og slit med dei same tankane i denne koronatida, men at Lars hadde gått ut av venstre, det var nytt for meg. Ein gong vart partiet kalla Vinglelina, og det gjeld vel framleis; det kan ikkje vera greit å bli sett i bås med dei. No kjem sumaren, noko i seinaste laget når eg snart skal dra frå landsdelen.
      Ha ein strålande «lndian summer» i Vestland!

    2. Ja, i dag var det rett og slett for varmt ute for ein gamal gubbe, så då var tida inne for å skipa ut julihymnet. I går vart det ein fin båttur, så i dag vert det meir landleg. Eg kunne sjølvsagt ikkje la vera å kommantera han Lars sitt siste “scoop”. Eg er freista til å seia,, “Kva gjer ein ikkje for å koma i bladet?”.
      Jaja, vestlandssumaren kom omsider etter ein heller rufsat juli, så no nyt me Øygarden, medan du venteleg held til på Sandøya. Ha fortsett god sumar begge to.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg