Junihymne 2020

Ja, så er det tid for nytt  hymne. Denne månaden har vore laber mht blogginnlegg frå gubben si side. Alder og koronatider får ta skulda.
Elles var Krf høgt på bana med si omsorg for mangfaldssamfunnet, MEN gløymde dei å ta med dei skeive i omsorga si.
At NSB, orsak VY, tenkjer på botnlina og kuttar ut nattoget til Bergen  er vel ikkje overraskande. Ikkje rart at dei tapar driftskontraktar på tidlegare NSB-strekningar.
Så spekulerer gubben på  kvar gassen me sparer ved å elektrifisera sokkelen vert brent. Drit i det, berre me får ned CO2 utsleppet her heime.
Ja, så fins det så mykje krenkjing her i landet. Ein tysk student tykte det var upassande å verta påminna at me har hatt tyskarar på vitjing her i tidlegare tider. Dei krenka ikkje – dei DRAP.
Og professoren som stod for krenkjinga – han fekk seg ein dragelse!

Frå FB

Junihymne 2020.

Mangfaldspartiet vårt, Krf,
har visst køyrt skuta på grunn.
Dei samla stortinget til stemmetreff
for sikring av vårt mangfallssamfunn.
Men kva med dei lesbiske og homofile?
Har Krf berre rom for heterostabile?

Å driva med nattog er noko «ræl»,
er visst den fyrste visjonen til VY.
Vart det ein økonomisk akilleshæl
å frakta folk nattestid frå by til by?
Å vaska nattvogner vart berre bal,
og det gjorde økonomien heller skral.

Churchill og Holberg kom ned frå pidestallen.
som symbol for rasisme og diskriminering.
Våre gamle heltar skal ned frå pallen,
gløymast skal vår rasistiske utagering.
Soga ber me med oss på vondt og godt.
Me må ta vare på kulturarven me har fått.

Våre tallknusarar har forrekna seg heilt
me forureiner mindre enn dei trudde.
Pinleg av SSB å rekna så feilt,
at dei heile klimarekneskapen snudde.
No lyt opposisjonen snu på kritikkflisa,
og kua til bonden kan framleis få fisa.

Ja, så er det visst kraftmangel her vest,
her me produserer kraft for eksport
Me får visst ingen industrireisingsfest,
for straumen vår er vissnok lova bort.
Ja, så lyt sokkelen elektrifiserast
slik at våre CO2-utslepp kan minimaliserast.

Så har ein professor fått på kjeften,
Han fornerma visst ein tysk student.
Påminning om den tyske 40-tals geskjeften,
Hadde studenten gløymt det som var hendt?
Kva var professorens store krenketabbe?
Jau, okkupasjon må ikkje verta hoggestabbe.
30.06.2020.M-m.

 

3 kommentarer
    1. Ikke nok med at Holberg og Churchill skal fjernes, da må vi vel fjerne Olav den Hellige også. Vi kan vel ikke å være kristnet av en vikingrøver. Så vil Nordhusen godkjenne hakekorsflagget til bruk i Norge. Hva blir det neste? Brenne alle bøker, for det var sikkert noe galt med Gutenberg også.
      Ha en god sommer med Jeppe på bjerget.

      1. Ja, nå må Mein Kampf fram i bokhylla, ikkje tvil om det. Nei, eg f¨år ta meg ein tur på dei nye løparhjula, som bergensarane kallar det resten av Noreg kallar elektriske sparkesyklar, og tenkja over om salige Christian Michelsen fortsett kan få stå på sokkelen og glana ut over Festplassen. Ha ein god ferie på nord-vestlandet.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg