Aprilhymne 2020.


Google

Kva har me vore oppteken av denne månaden?
Jau, Korona eller covid19 opp og i mente. Pandemien er sikkert alvorleg nok den, men om NRK’s opplegg med koronaen minutt for minutt frå kl 0900 til 1800 kvar bidige dag har gjort oss meir opplyste enn skremde stiller eg meg tvilande til.
Me får vona at styresmaktene har pandeminen sånn nokonlunde under kontroll, så får me alle gjera vårt beste i å fylgja tilrådingane som kjem.
Av andre saker har vel tilsetjinga av ny oljefondsjef vekt mest diskusjon. Gubben vil i det høvet nøya seg med å seia at triksing i skatteparadis neppe er ein etisk tilnærming til den jobben.
Ho Siv var også innom og hytta med neven då regjeringa ville flytta iskanten sørover. Jaja, det kan vel vera greitt å koma i rampeljoset att.


Aprilhymne.

Dette har vore ei merkjeleg tid,
virusåttak og dopapirstrid.
Sit heime i stova, og ikkje gå ut,
no lyt du skjerpa deg, gamle gut.
Palmesusreisa  vert berre ein draum
i årets store koronaflaum.

Skula på grannen, er han for nære;
to meter bør avstanden være.
Ser de ein joggar som pustar og peser
hald dykk for både munn og neser.
Vask dine hender og host i armen
då unngår du kan hende koronabarmen.

Sit i stova, hald deg mest åleine,
hugs å halda hendene reine.
Sørg for rikjeleg med dopapir i huset
men unn deg ein skvett med øl i kruset.
Det viktigaste er nok å halda ut,
i spritvaska stove med naseklut.

Ho Siv er ute på krigsstien att,
me har visst for lite med kriser;
No tek ho usemja om iskanten fatt,
og ser gjerne at regjeringa forliser.
Har me  ikkje nok av kriser desse dagar,
om ikkje Siv etter regjeringa jagar.

Så har me atter eit tilsetjingsbråk.
Smørjeopplegg og påkosta turer.
Pressa fyrer opp eit drusteleg ståk,
og me amatører sit heime og lurer.
Eg veit om ein som vaktar sin formue.
Kva om oljefondet tilset Onkel Skrue?

Ein filosof var med på kapitalistseminaret,
styremedlem i selskap  i Caymanparadiset.
Filosoferte han seg rett i «baret»
gløymde han reint det kvasse presseriset?
Trassa han alle sine varsellamper,
freista av festen med rikfolk og pamper?
30.04.2020.M-m.

 

2 kommentarer
    1. Du er produktiv som vanleg, og versa flyt lett; det er kjekt at noko er som det skal vera. Sjølv om me får rimeleg bensin og billeg straum, så blir me ikkje retteleg glade likevel, og spesielt når dei kunnige ymtar om at coronaen vil vare i eit par år.
      Pass på helsa og nyt våren!

      1. Nei, ein kan verta litt lei av denne innesitjinga, og kva skal ein med billeg bensin nå ein ikkje torer å køyra til butikken ein gong. Me har løyst ørlite på “regelverket”, og me er litt saman med born og borneborn som torer å møta oss. Ein skal då leva litt også.
        Så får me sjå kva det vert til denne månaden, kva dei lærde og dei styrande finn på. Det skal visst verta noregsferie i år etter det eg har høyrt, kanskje me sjåast framfor trollet i Hundersfossen.
        Ha ei fin veke, men spar på handspriten. Hugs det snart er 17.mai.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg