Årskavalkade 2020.


Gogle.
Eg lovde ein årskavalkade då eg sende ut desemberhymnet, og under finn de eit utvald vers frå kvart månadshymne siste året.
Forresten kan vel karikaturen over vera ein illustrasjon på 2020 som  eit “Annus Horribilis”.
I alle høve vart det slik for USA som blottla for heile verda sine store interne motsetningar, og ein sparka president som i sin narsissiste galskap truga landets demokrati.
På toppen av det heile vart heile verda råka av ein farleg pandemi som me snautt ser enden på enno.
Gubben sitt private bidrag til det traurige året gjekk ut over han sjølv med eit par ribbeinsbrot og ei sundslegen skulder. Gamle folk skal halda seg nærast mogeleg stovegolvet og ikkje klatra oppunder taket på skjelvande føter.
Under vil de ellers finna nokre av sakene som har trigga gubben til rimsmedarbeid siste året..

 

Årskavalkade 2020.

Januar.
I stova starta året også med brak
då gubben skulle ta ned julestasen.
Han klatra oppunder sitt stovetak;
fotfestet svann og han for på nasen.
Oksla og ribbeina tok verste smellen,
så dette vart fyrste nyttårsskrellen.

Februar.
Fiskeriministeren har vore på fisketur
nedi den offentlege fiskedammen.
Mange kroner låg der på lur,
men vart dei han til «fryd og gammen»?
Nei, lønnsposane frå kommune  og stat
kom heldigvis fram på skammens fat.

Mars.
Koronafrykt er sterke saker,
me hamstrar dopapir og paracet.
Fyller heimen med mjøl og joikakaker.
Det er det verste ein skulle ha sett.
Nei, gubben heldt seg til Antibacen,
vonar at han ikkje får virusen på nakken.

April.
Så har me atter eit tilsetjingsbråk.
Smørjeopplegg og påkosta turer.
Pressa fyrer opp eit drusteleg ståk,
og me amatører sit heime og lurer.
Eg veit om ein som vaktar sin formue.
Kva om oljefondet tilset Onkel Skrue?

Mai.
Noreg vart for keidsamt for Equinor,
dei ville prøve lukka ute i verda.
Men pengane raskt ut or bankboka for,
200 milliardar vart svidd av på ferda.
Millionløner og kalkun til millionen
vart resultatet av investeringsaksjonen.

Juni.
Churchill og Holberg kom ned frå pidestallen.
som symbol for rasisme og diskriminering.
Våre gamle heltar skal ned frå pallen,
gløymast skal vår rasistiske utagering.
Soga ber me med oss på vondt og godt.
Me må ta vare på kulturarven me har fått.

Juli.
Så kom sparkesyklane endeleg til byen,
bergensarane kallar dei løpehjul.
No kan «bysludden» gløyma paraplyen,
politikarane ergrar seg blå og gul.
Dei meiner at fenomenet er noko herk,
men forsømde visst å laga eit regelverk.

August.
Fornærma vart han den tyske student
påmint om tidlegare tysk visitt.
UiB vil tukta professor og dosent,
det er då 75 år sidan landet vart nazifritt.
Studenten fekk titusen for tort og svie;
Me nordmennn må visst om okkupasjonen «tie».

September.
Kvinnfolk i kyrkja er noko herk,
det tykte han, sogndalspresten.
Stakepussing kan vera deira verk
så tek bibelpresten seg av resten.
Skal du vera prest lyt du vera mann.
Kvinnolk på «stolen» går slettes ikkje an.


Oktober.
Kven viftar med munnbindet sitt på fingen.
Jau, det er han Donald i Kvitestova.
Men så hamna han sjølv i sjukebingen,
laut forlata den ovale stova.
Medan han ufarleggjer koronasituasjonen
passerer dødstala i verda millionen.

November.
Han Jonas klaga på informasjon frå Erna
han sakna koronainfo til stortingssalen.
Men så glimra han med fråvær, AP-stjerna
då Erna møtte med koronatalen.
Jonas laut pleia veljarane i nord
før Trygve heilreinska hans veljarbord.

Desember.
Etter eit tiår med kommentarar på rim
og gubbe med skrantande inspirasjon,
står ikkje rimorda lenger i stim,
og avslutning er ein rett konklusjon.
No er det over, sluttstrek er satt.
Hymnebloggen kjem neppe att.
31.12.2020.M-m.

4 kommentarer
    1. Håper det går bra med ribbein og skulder nå da..:) Flott oppsummering av et år hvor Koronaen har vært i fokus.. Håper jo det kommer flere innlegg både på rim og ellers hos deg… Ønsker deg uansett et godt nytt år !

      1. Godt nyttår til deg også, og takk for mange hyggelige kommentarer i året som gikk. Det har vært kommentarer som har gitt inspirasjon.
        Kanskje kommer det en og annen “epistel” på bloggen min også dette året. Det skjer jo så mye som frister til kommentar. Ha en fin dag…

    2. Av gamal vane kikka eg innom Skribleriane ved månadsskiftet, og jaggu, der var han att. Eg hadde gløymt at du hadde meir enn nok tilfang for å koma med årskavalkaden.
      No vonar eg me er kvitt han Donald i Junaiten, men kva med koronaen? Annlaug har fått fyrste vaksinedosa, men er vaksina god nok for å kverka alle mutantane. Eg lever så varsamt eg kan, men når kvelden kjem vitjar eg «medisinkista» i kjellaren. Der finst det opptil fleire velprøvde varer; og det kjem seg nok av eg har så få dårlege kameratar att.
      Enno har eg ikkje måka snø på nyåret, men det er bitande kaldt, og då er det berre svindyr straum som hjelper.
      Lev vel, og pass på helsa!

      1. Eg lyt med ein gong vedgå at, for tida er det abstinenesen som rår i den heimlege kohorten – skriveabstinenesen.! Her er nok av saker å ta tak i,: Raymond sin klagesong etter meir vaksine, opposisjonspartia sin klagesong om koronatiltak som kjem for seint, for puslete, for kraftige etc etc. Stakkars ungane, stakkars dei gamle, stakkars ungdommen, stakkars dei på heimekontora, stakkars dei som lyt sitja på jobben att ålein. Er me gjort til eit folk av stakkarar?
        Denne stakkaren ser at det tek til å “fjæra” ned i barskapet i denne ulvetida, men ho Erna har lukkelegvis opna pola att så den absistensen kan i alle høve haldast i sjakk,hehe.
        Her ventar me på stikket i arma så me, fullimpregnert kan få stikka inn til byen og sjå kva butikkar som har overlevd koronamassakren.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg