Oktoberhymne 2020.

Ja, så var det tida for nytt hymne, og det er to emner som har falle ein i augo denne månaden, Korona og valkamp i USA. Begge deler er pest og plage for ein gamal gubbe. Koronaen fordi det ikkje ser ut for at me ser ein endskap på plagene, og valkampen avdi me vert påtvinga amerikansk løgnpropaganda og skitslenging frå alle media.
Her heime har bråket i arbeiderpartiet teke sin plass, og her er det boka og posituren til ho Tadja på framsida som har opprørd sume av oss medan andre ser ut til å bekymra seg over vinflaskene og Jegermeisteren på kjøkenbordet hans Jonas. Jajja, moralpolitiet ber fanene høgt for tida.
Ja, og så fekk gamlingen påpakning frå den lokale pressa av di han hadde omtalt løna til rådmannen i kommunen (den er mellom topp 10 her i landet). Det var personåttak vart det sagt, men gubben hadde berre kome med framlegg til å løysa problemet med millionlønene til dei kommunale direktørane, slik at dei fekk til salt i maten,  med å auka eigendomsskatten.
Jaja, resten av gubben sine «hang-ups» og personåttak finn de i hymnet.


Google

Oktoberhymne 2020.

Jonas har mist ein spelar på laget.
Grorudsdalens store son
med mange tiårs røynsle i politikarfaget
godtok ikkje at politikkverv er på lån.
Då han Jan for til Senterpartiet
kom «leppa frå Grorud» fort ut or «hiet».

Kven viftar med munnbindet sitt på fingen.
Jau, det er han Donald i Kvitestova.
Men så hamna han sjølv i sjukebingen,
laut forlata den ovale stova.
Medan han ufarleggjer koronasituasjonen
passerer dødstala i verda millionen.

Kva seier me når me skal tømma blæra,
kva er gute- og kva er jentespråk?
Er pissa eller tissa den rette læra
No vil jentene pissa, og då vert det bråk.
For å lura meg unna einkvar dissens
fer eg no ut bak nova og sler lens.

Så kraup han fram frå sitt spanske asyl,
eller ramla han ned frå hornet på veggen?
Vil han Karl no gje Siv litt pryl
eller heller sparka henne på leggen?
Jau, no skal det verta orden på Frp,
Eg undres om ho Erna gler seg til det.

Denne månaden gav ikkje mange vers,
Er det koronaen som roer oss ned?
Me har hatt lite politisk kommers,
og ho Erna er nok velnøgd med det.
Men «Trumpen» har dreve sin bøllepolitikk.
Eg undres, kven tek det siste stikk?
M-m.31.10.2020.

 

2 kommentarer
    1. I dag vart spaninga utløyst; ville Oslo slå Bergen i nedbørsmeisterskapet for oktober? Ja, me greidde det med 17 mm margin – hurra! Neste spaningsmoment vert USA-valget. Det får me vita resultatet uti neste veke.
      I desse koronatider må ein finna ting som engasjerar, elles vert det kryssord, kryssord og kryssord.

      Folk burde unna Jonas ein vinskett til frukosten, han treng både brød og vin når han skal halda styr på flokken sin. Me har vel sjølve god røynsle med raudvin og dagsgamle baguettar til frukost; eit godt grunnlag så vidt eg kan minnast.

      Kvess blyanten og gjer deg klar, november vert ein spanande månad

    2. Ja, kryssord vert det nok av denne tida, så får me sjå om me nokon gong vert slept ut att i samfunnet.
      Elles har du rett i at november kan verta inspirerande både heime og ute. Det står berre å sjå om tigerstaden vil halda på regnversrekorden også i november. Det kunne høva godt for meg som har taklekkasje ute på Alvheim. Me treng nokre dagar med opplett ver til å reparera skadane.
      Elles er det lite å beretta om no som me for det meste lyt halda oss innomhus.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg