Maihymne 2020.


Var det regndansen, eller var det koronadansen regjeringa  bedreiv på slottsplassen før 17. mai. Modig og artig var det i alle fall.
Ellers baud mai på alt frå frost og kulde til en varm dag halt på tampen.
Varmt var det til tider også i Løvehola, spesielt då Tybring Gjedde måtte ta ein furtetur på gongen. Ja og så opplevde Robstad månadens nedtur etter å ha stabla heile løvebølingen på beina for å stemma ned den nye bioteknologilova. Det «gjekk skitt» for han.
Ein liten opptur vart det kan hende for Donald etter han greidde å melda USA ut ot WHO. Jaja, det er visst fleire måtar å gjera «America great again».
Elles slit dei visst på andre frontar der borte i donaldland, men noko om det i hymnet nedanfor.

Maihymne 2020.

Kom mai du skjøne milde;
jaggu sa eg smør!
Ventande dagar varme og gilde,
nymodna biff på grillens glør.
Kva vart det så me endeleg fekk,
Jau, snøver, kulde og brunfrosen hekk.

Tybring Gjedde vart såra og bister,
vart han offer for eigen medisin?
Eit skeivt ord frå vår utanriksminister,
så fær han ut i vandrehallen og grin.
Sjølv er han ikkje kjend for mjuke ord,
som han sender ut over land og fjord.

Noreg vart for keidsamt for Equinor,
dei ville prøve lukka ute i verda.
Men pengane raskt ut or bankboka for,
200 milliardar vart svidd av på ferda.
Millionløner og kalkun til millionen
vart resultatet av investeringsaksjonen.

Så har me feira vår 17. mai
utan tog og konge på balkongen.
Utan flaggtog, festbrus og «rai-rai»
sto me heime og song fedrelandssongen.
Men dagen vart feira i vår kjære by
med salutt på Skansen og fyrverkeri.

Ho Erna dansar visst for mykje,
og så et ho pizza med ananas.
Sume meiner at når det kjem til stykkje,
vert det lite politikk og mykje fjas.
Men tåler me ikkje i desse alvorstider
å få sjå politikarane sine ljosare sider?

Han Donald har mykje å styra med,
corona, rasismedrap og Twitter.
Hin dagen laut han i kjellaren sin ned
Slik går det når han nasjonen splitter.
For meg kan han sitja i kjellaren og stura,
i staden for med verda å hersa og tura!
31.05.2020.M-m.

 

8 kommentarer
    1. Flott oppsummering..har fulgt med litt ..men “fikk det inn”på en mer interessang måte her hos deg… Ønsker deg en fin Juni mnd.. 🙂

    2. Me sit der og ristar på hovudet over alt elendet , men det vert med det. Du tek pennen fatt og skriv velforma vers om galskapen; takk for dei. Koronaen blir nok ståande i språket vårt som Svartedauden og Black Monday. Du er heldig som har båt og kan ligge på sjøen til det går over. Ein ting er ialle fall sikkert: Møter eg ei flaggermus så må ho lata livet, sjølv om ho er ein freda skapning.
      God sumar, med eller utan verneutstyr.

    3. I år vart det litt vedlikehald på båten, for då han kom på sjøen gjekk det med båten som det, iflg frua ofte går. Den miste styringa. Men med nytt ratt og styrekabel skal eg nok verta klar for sumaren. Den kjem til helga forstår eg.
      Elles ser det ut for at politikarane gjev meg stoff denne månaden også. Krf tyt stadig om mangfall, men har visst gløymt dei “skeive”.
      Jaja, nok om det…Du er vel på tur vestover no så då står det att å ynskja dykk ein fin sumar utan alt for mykje nordavind.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg