Desemberhymne 2020.

Så går det mot ei avslutning av det annleis året. Det året mange av oss laut stengja oss litt inne, eller litt ute. Korleis vert året som ventar oss? Me veit ikkje, men me voner. på meir sosial kontakt, på kino, konsert eller teaterbesøk, meir kontakt med vener og kjende. Jaja, tida vil vise.
Ein ting som er sikkert er at gamlegubben no vil avslutta dei månedlege hymnene sine. Kanskje kjem det eit årssamandrag av året som no ebbar ut, og kanskje kjem det ein og annan kommentar til aktuelle hendingar om skrivekløa tek overhand. Me får sjå.
Det har vore eit hyggjeleg tiår med mange fine kommentarar til skribleria mine – takk for dei.

Dette siste hymnet kunne sikkert ha femna breiare og tatt opp fleire emne, me har jo fått ein vaksine mot pandemien, og her har alle media meska seg i kjendiseria over alle som får “stikket”, alt frå ministrar til den krokrygga gamle på aldersheimen. Me får ynskja kvarandre lukke til i von om at vaksina vil stagga styggedomen som har råka oss.

Så har han Trygve spurta forbi både Jens og Erna mange stader i landet vårt. Sentraliseringstrugsmål og maktsvekking i distrikta ligg nok litt i botnen her, men me bør kanskje la tanken gli litt innom det faktum at den same Trygve vil ha oss heilt ut or det europeiske samarbeidet – noko å tenkja over kanskje.?

Ei årviss brudulje rundt skule og kyrkje ved juletider er julegudstenestene for skuleelevar. Her får eg seia som han Ludvig i Flåklypa.: Julegudstenester, “Det e’ fali det”.!

Google.

Jaja, her er nokre andre saker gubben har møtt i månaden som gjekk.

GODT NYTT ÅR…

 

Desemberhymne 2020.

Endeleg fekk dei statsbudsjettet i havn,
det vert billegare sukker, øl og snus.
Strømstadturen vert ikkje noko savn,
me kan nyta vår lokalkjøpte billege julebrus.
Ei krone på flaska skal no gjera susen;
og me kan nyta ribba og julebrusen.

Dette måtte vel koma til sist,
no skal me ha GPS i småfiskebåten.
Eg tykkjer det er useieleg trist,
øvrigheita vil overvaka småfiskeflåten.
Vert det til sist ein slik konsekvens
at me ikkje kan lura oss attom nova for å slå lens.

Noreg ramla ned frå pidestallen.
heilt ned til sekstandeplass.
Etter tiår øvst på lukkepallen
ramla prestisjeplassen rett i dass.
Me er ikkje lengre beste landet i verda
miljøavtrykka lyt ned på den vidare ferda.

Juletid og kyrkjestrid, høyrt den før?
Jau, dette er åras store farang.
Juleavslutning i kyrkja, ein god tradisjon,
eller berre ein forelda attraksjon?
Kven bryr seg vel om kvifor me feirer jul
berre jula vert festleg, gåverik og kul!

Etter eit tiår med kommentarar på rim
og gubbe med skrantande inspirasjon,
står ikkje rimorda lenger i stim,
og avslutning er ein rett konklusjon.
No er det over, sluttstrek er satt.
Hymnebloggen kjem neppe att.

 

Takk for meg.
31.12.2020.M-m.

 

2 kommentarer
    1. Kva du får med deg i denne hektiske juletid. I min ungdom var det mest ingen som nytta snus, og i dag vart det snusen som berga statsbudsjettet. Når kolonialmajorane tek seg råd til å bygge luksushotell og teater, då trur eg dei har litt for romslege fortenestemarginar, difor går ferda for meg mot aust når det vert lovleg. Meir til søta bror og meir i lommeboka.
      Men det er også andre som tener grovt; lakseadelen. Så lenge han får breie seg fritt og ureine havbotnen, sler han beina unna småfiskarane, og du slepp kanskje skaffa GPS til skipet. Elles er det mykje å seie i den saka: Nedbrenning av regnskog, dyrking av soya i stor målestokk, Noreg kjøper store mengder laksefor frå desse områda, og til slutt betalar Noreg brennarane for å stoppe nedbrenninga av skogen. Avlatshandel!
      Slik ser du korleis du set i gang tankeverksemd med dine månadskvad. Men eg unner deg så vel å nyta ditt otium fritt. Kjenner eg deg rett så har du nok planer for framtida.

    2. Som vanleg tankevekkjande kommentar frå deg Pedro. Kommentarane dine er nok ein av grunnane til at eg heldt fram dette siste året, men no er det på tide å gje seg – tykkjer eg. Kanskje det kjem eit og anna rim, men ikkje noko fast.
      Du må tru at eg har tenkt på alt avfallet som vert lagd på havbotnen etter oppdrettsnæringa, det vert vel eit makabert supplement til plastforureininga etterkvart.
      Ei anna sak som rører seg meir og meir oppe i hausen til denne gamle kallen er at det stig meir og meir fram ein elefant som me ikkje høyrer eit einaste ord om, nemleg den at me antakeleg er på veg over grensa til ein berekraftig befolkningsauke. Greier denne kloden vår å brøfø alle utan at miljøet vert øydelagt – spørsmålet lyt snart stillast.
      Til sist så fins det nok planar gubben kan finne for framtida, men spørsmålet vert vel heller kva planer framtida har for gubben.
      Tida får vise, og det nye året ber i seg spanande dagar. Godt nyttår til dykk begge.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg