Eg hadde ikkje tenkt…

at eg skulle skriva så mykje om det, men dess meir eg tenkjer på det dess meir skurrar det i det gamle hovudet mitt.

Google

Her hin dagen ville politimeisteren på Romerrike automatisk leggja bort småkriminalitet som tjuveri, småslagsmål etc. Angjeveleg var dette for å kunna etterforska større saker. Det høyrest bra ut, men kva gjer det med tryggleikskjensla vår, og kva gjer det med dei småkriminelle som då vil veta at om dei naskar frå ei butikkhylle eller ei lomme vil det ikkje bli noko straff.
No la rett nok stats – eller – riksadvokaten den ballen daud. Men politimeisteren si utfordring, for små ressurser til å etterforska dei såkalte småsakene, er enno ikkje løyst. For lite pengar til å gjera jobben heiter dette i praksis.

google

Men har me for lite pengar til å gjera samfunnet vårt tryggare. Me som er viljuge til å pøsa ut 35 milliardar på eit OL i Oslo i 2022. Dette talet vil nok stiga med nokre titals milliardar til før leikane er sett i gong. Det er berre å sjå på tidlegare offentleg budsjettering og pengebruk for å skjøna at underbudsjettering er meir vanen enn unntaket.

Me skal ikkje setja “gode” formål opp mot kvarandre, er politikarmantraet når me prøver å ha to tankar i hovudet samstundes.
Jau, seier eg, me pliktar å sjå pengebruk og nytteverdi i ymse sektorar opp mot kvarandre.

I dette tilfellet vil eg seia at den kollektive tryggleiken må koma langt framfor ei 14.dagars idrottstevling i Oslo diktert av eit pampevelde i Lausanne.

6 kommentarer
    1. Så enig så enig. Fritt frem for kjeltringene. Det er vel slik noen vil ha det.
      Helt feil i forhold eksisterende lover og folks trygghetsfølelse. Har nettop selv fått litt av “pakkets” manglende respekt for “mitt og ditt”.
      Men Anundsen sier vi må prioritere mellom stort og smått. Han sa ikke det samme i opposisjon.

    2. Brodern: Det små er ofte det som rammer “folk flest” (FRP’s yndlingsuttrykk), men jeg vil hevde at vi må prioritere både det store og det små, når det gjelder kriminalitet. Kriminalitet skal, og må bekjempes, og da blir et OL i Oslo helt uviktig.

    3. Politiet tenkjer vel ikkje alltid på oss små og våre problem. Dei kreative løysingane kjem oftare til syne i det personlege. Dersom ein politimeister degraderar seg sjølv til fotsoldat i 56-årsalderen kan han ved 57 år gå av med gullpensjon som fotsoldat/politimeister, i staden for å vente til 67-årsalderen. Slike krumspring krev nok sin mann, eller kvinne. Vi får nøye oss med den kapasiteten som vert til overs.

    4. Pedro: Nei, det skurrar i øyrene mine når politiet vil nedprioritera arbeid med kvardagskriminalitet. Men det var kanskje eit rop om hjelp (meir penger), og det burde dei kanskje få ?!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg