Nokre er harde i klypa…


…og denne karen som sat i krabbeteina mi i går heldt eg meg unna å handhelsa på. Det var ein vaksen kar. Men så er det slik med store krabbar at det ofte er lite mat i dei – slik også med denne.
men teinene inneheldt fleire eksemplar så det vart eit fint krabbemåltid om kvelden.
Ellers “går no dagan” her ute i havgapet.
Ettersom sjøtemperaturen ikkje har bikka 20 grader enno, og gubben helst ser 25-talet før han stikk mer enn stortåa i sjøen, let han badebuksa ligge trygt i skåpet.
Jaja, for nokon er det betre å vera oppå sjøen enn i han.
No er det spådd tropevarme i to – tre dagar, så då er det vel berre å førebu seg godt med små paraplyar, blandevatn og isklumpar “avec” om terrassedagen skal gje full utteljing på velværeskalaen.
Ha gode sumardagar i nord og sør…

6 kommentarer
    1. No var eg redd for at det var berre elende med landligge og minstelott i Øygarden, men så viser det seg at du lever som ein fyrste med gourmetmat og sydentemperatur. Sjølv sit eg og lurer på korleis eg skal koma meg opp gjennom Gudbrandsdalen frå aust til vest til helga. Eg får ta med sjøstøvlar og livbelte.
      Du får bunkre og bu deg på strålande dagar!

    2. Pedro:Du får snakka med dei som legg elv i rør, og spørja om dei ikkje har høyrt om rotbløyter da dei dimensjonerte rørgangane.
      Elles nyt me godt av havet frukter. No er det makrellen som står for tur…
      God tur oppover, og hugs å ta med vadarar!!!

    3. Slike som denne handhelsar ein ikkje på ustraffa, det er sikkert og visst. Du må nok vente til hausten for å få fin “sjeta” som me kallar det brune, gode i krabben og rogn, nam, nam. I morgon drar egog ma’en frå krabbens rike, direkte til fjells for å leike Lars Monsen nokre dagar. Med oss har me lavvo og jegermeister og litt mat og slikt.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg