Julihymne 2017.

Det er berre å kasta seg utpå att sjølv om juli er ein feriemånad utan for mykje action. Fallet og gjenreisinga av Trollpikken vart vel eit høgdepunkt for nyheitsmedia.
Elles kan vel den nyetablerte faktakomiteen, som bl a skal faktasjekka politikarar si omgang med sanninga i valkampretorikken, verta ei urfordring for dei friskaste agitatorane.
Og så merkjer eg meg at både Krf,og spesielt Venstre no søkjer seg under Erna sine vengjer for å prøva å karra seg over sperregrensa. Jaja, budsettkrangel og valkamp held til på to ulike arenaer .


Google

453. Juli 2017.

Løvehola har tilsett fotograf og bakar,
så no kan dei skriva i puraste gull.
Dei kan også servera kostesame kaker,
men noko skrik at dette er kostesamt tull.
Men meiner me at landets fremste forsamling
skal leva med gråbleik skrift og frukostblanding.

No ber det fort mot valkamptid
og retorikken vert svulstig og ram.
Det innbyr til sjekking og faktastrid,
faktakomiteen skal ha sanninga fram.
No lyt politikarane vakta kva dei seier,
og ikkje føra retorikken på ville vegar.

Ho Trine er på valkampturne,
Venstre skal opp frå dødens posisjon.
Skal EL-bilkampanjen hjelpa med det,
eller vert det framleis opposisjon?
Etter at flyplass og veljarstøtte er fjerna
skal dei no pleia venskapen med Erna.

Forresten fer alle rundt land og strand
på skrytetur kalt valkampturne.
Frå Kirkenes til Kristiansand
ser du dei lova, handhelsa og le.
Men klørne kjem fram i debatten.
Det er berre å fylgja «Dagsnytt atten».

Så er Trollpikken atter på plass,
den største fallosen her vest.
Kom ikkje med ein liten tass
når Rogaland byr på fallosfest.
Denne karen skal lokka turistar.
Er dette ei PR-sak for vår kulturminister?

Dette hymnet vart heller kort,
det er ferie og smålate dagar.
Men feriedagane går alt for fort,
snart attende til jobben du jagar.
Vart det tid til å fulllada batteria
eller vart ferien mas og jag heile tida?
31.07.2017.M-m.
 

8 kommentarer
    1. Noe har da kommet til i juli også,og du følger med du :)) valkampen ja,nesten så det blir mer og mer nytteløst å gå til urnene ,men vi får se,gjør nok borgerplikta mi i år også uten å høre for mye på det dei store har å berette i forkant for å lokke til seg velgere :))

    2. fruensvilje: Helt enig. Vi må gjøre oss opp vår mening uten retorikkhjelp fra politikerne, og vår borgerplikt skal vi gjøre. Ha en fin kveld.

    3. Du fekk til eit godt kvad utan å ty til agurknytt; flott prestert. No har eg teke VGs valgomat, og svaret er greit. So står det berre att å laga eit nytt hol i beltereima, eg kjem neppe mellom nullskatteytarane. Fortsatt god sumar (og skitt fiske).

    4. Pedro: Takk for hyggelig kommentar, jeg er takknemlig for de få som kommer, og i så måte er du trofast. Ja, no brakar det laust, og statsrådar på pilgrimsferd lyt antakeleg få ein kommentar. Guten frå Nasaret var på menneskefiske, men desse var antakeleg på stemmefiske.
      Ha ein god sommer videre.

    5. Det var eit fint resyme for juli.
      I år undrar eg meg verkeleg på kven som skal få stemma mi. Dei eg har stemt på før, syns eg ikkje om lenger, men eg syns heller ikkje om dei andre. Kan hende eg stemmer blankt? Men det går vel ikkje an, det heller. Eg er i villrede……

    6. Oldemorbloggen: Takk…Ja, det er lett å koma i villreide når ein høyrer på debattar og politiske utsegner på denne tida. Dei to “store” prøver å fortelja oss at skilnaden på dei er stor, men eg trur helst ikkje det når det kjem til praktisk politikk. Eg må vedgå at eg har sansen for ho Erna, men ho har ein ustyrleg ulveflokk å passa på. Nei, det vert ikkje lett…
      Ha ein fin ettersumar på Stord…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg