Black friday, “blakk” monday.

Mykje godt har me sikkert fått frå USA, både i krig og i fred. Likevel er det freistande å undrast litt over dei siste importvarene frå “over there”. Dei gav meg i alle høve grunnlag for nokre enkle refleksjonar. Illustrasjonane er tekne fram frå Google.

Black Friday, blakk laurdag.

Halloween er over oss alle
med graskar, knask og knep.
Handelen let sine lokkesongar gjalle,
foreldre spring rundt med poden på slep.

Nye masker og drakter kvart år
når den håpefulle fer på tiggarferd.
Snart utafor dørene dei står
utan snop er du lite verd.

Uskuldig morro kan me nok seia
Men kven sjekkar kontoen og flirer.
Jau, handelen skor seg på heile greia
og mot aukande pengebunke smiler.

Black Friday, kredittkortets marerittdag.
Butikkar som kokande heksegryter
av kundar i åndlaust tilbodsjag,
med konto som pengefull tyter.

Gubben skal berre handla ei skjorte,
eit plagg som høver alder og stand.
Men framme ved disken er skjorta borte.
Ho hamna i skåpet til ein annan mann.

At skjorta vert borte gjer ikkje stort,
det heng ti att heime i skapet.
Då er det at refleksjonen kjem fort,
lar me oss sluka i det store tilbodsgapet.

Trump har verda også fått frå USA,
ein twitrande kverulantisk lauskanon.
Er du ueinig seier han.: Drit og dra.
Legg seg ut med nasjon etter nasjon.

Men USA eksporterer godsaker og,
ein Tesla er send opp til Vårherre.
Så no gjer han CO2-frie himmelflog,
i si miljøreine amerikanske luksuskjerre.

Så er det at gubben spør seg sjølv.
Har me bruk for meir stress og kav.
Treng me samla så mykje sølv
med stasjfulle heimar og plasfylte hav.
03.12.2019.M-m.

2 kommentarer
    1. Du finn tema som mange av oss samstemmer i, og du pakkar dei fint inn. “Something is rotten in the state of Denmark” sa Hamlet. I dag passer vel dette heller på USA, og me diltar etter. Ein ting er Halloween, Black Friday og Cyber Monday, men endå verre er all galskapen med det vi er med på på den militære sida; bombing i Libya, krigføring i Irak og Afganistan, og kjøp av rådyre fly, som kanskje er ubrukande i forsvar av landet vårt. I dag er soldatane våre i Midt-Austen, medan noregs forsvar rotnar på rot. Når me no veit at USA er styrt av ein mann som få har tiltru til, då kan det gå ut over nattesvevnen.
      Nei, no må eg snart finna fram litt gamaldags adventstemning, elles må eg sjå meg ein tur i kjellaren og finne fram eakevitten.
      Hald deg i ro til stormen har gitt seg, og ha ei fin adventstid (legg merke til at eg ikkje har nemnt ordet jul).

    2. Nei, jul nemde du ikkje men juledrammen fekk du ned på papiret – så då vert det vel jul i år også. Kjekt å få dine utfyllande og gode kommentarer på ordspela mine. Du fekk med deg mykje her, og så kan me toppa det med luframbullansekollapset i nord. Ikkje rart at han Trygve gliser frå øyre til øyre når han ser på meiningsmålingane der.
      Elles er både statsbudsjett og Thunberg i hamn, og NAV lever framleis sitt eige liv – det kan verta kjekt på nyåret.
      Du får sikra deg med ribbe og pinnekjøt denne jula, til neste jul kan det verta nøtteskinke og kålrabi.
      Ha ei god førjulstid, men hugs at akevitten skal vara heilt til juylekvelden!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg