Novemberhymne 2019


Gubben har inntatt ferieposituren. Venner i bakgrunnen.

Det er tid for nytt hymne, novemberhymnet. Det er nok å ta av denne månaden også.
Det siste eg las var at på skulen i Seljord skal ikkje elevane bruka ordet julemat, her er det tradisjonsmat som gjeld. Kor langt skal galskapen gå ?  Eg berre spør. Skal me snart skamma oss over jula også i desse skamlause tider?
Elles har denne brannfansen snart heile sesongen vore vonbråten over dei dårlege prestasjonane til favorittlaget Brann som toppa seg med eit braktap denne helga.
Gubben kjenner at vinterdepresjonen ligg og lurer. Kanskje han må ta ein ny skamlaus flytur til sol og varme snart for å dempa dei verste symproma – ja, dersom NAV tillet det då!
Her er i alle høve nokre av sakene gubbe ikkje skammar seg over å harsellera litt med.:

  1. November 2019.
    Så greidde han å drita seg ut
    sjølvaste sjefen for PST.
    Ulovleg våpen hjå den øvste fut,
    at det går an, eg skjøner ikkje det.
    Han bør nok finna noko anna å gjera
    som ikkje kjenner ansvaret han skal bera.

    Er du NAV-ar eller NAV-turist
    lyt du passa deg i desse dagar.
    Fleire slike har fridomen misst.
    Her hjelpte korkje bøner eller klagar.
    Rettsvesenet vårt gjekk seg vill i «lova».
    Sjølv høgsterett la seg visst til å sova..

    Har du høyrt om UiB’s julebord i år,
    Der vert servert vegetar og fisk.
    Altså korkje svineribbe eller får,
    for kjøt er bannlyst på bord og brisk.
    Har verkjeleg kjøtskamma vorte så stor
    at me kastar ut vårt tradisjonsrike julebord?

    Miljøhovudsraden legg stein i gata,
    Grynerløkka skal no pyntast opp.
    Norsk stein er visst «non grata»,
    kinesisk gatestein vart meir pop.
    Rundt halve kloden skal steinen fraktast
    medan biltrafikken i byen skal slaktast.

    Er du lei av å vera direktør;
    for mykje ansvar, kritikk og mas?
    Sørg for at lommeboka ikkje blør,
    kvar finn du så det grønaste gras?
    Få deg ein rådgjevarjobb i nye VY,
    og du er framleis på lønstoppens aveny.

    Frua og gubben har vore på tur,
    denne gongen til sol og varme.
    Giktbrotne skrottar fekk ein kur.
    Jau, haustturen har sin sjarme.
    Skamlause tok me fly ned til sola,
    seglbåten vart for treg for han Ola.

    30.11.2019.M-m.

4 kommentarer
    1. Du kledde ferie-stilen.. 😊 Fin oppsummering av november..og kan forstå at det var godt med litt sol og varme.. Hææææ , julemat må man da kunne si…får da værra måte på å leite etter ting som ikke skal være lov ..Ønsker deg og dine en fin desember 🌟

    2. Takk. Jeg måtte vise et gubbeferieantrekk som en “motvekt” til alle de flotte dameantrekkene du presenterer. Sikkert inspirerende for mange!
      Jo, det var litt godt med en uke med sol, det ble en uke for kort. men slik går det når en er sent ute med bestillingen. Ellers går vi brygge-,bake-, og pyntetiden i møte. Det kan være litt kjekt det også, i alle fall å smake på kakene.
      Fin førjulstid til dere også.

    3. Som så mange månader før fann du også i november saker som ropar på ein kommentar, og pennen jobbar godt, sjølv om du er i feriemodus. «Den Gud gjev et embete, gjev han også forstand«, segjer eit gamalt ordtak. Kanskje det er Vårherre som sviktar, i alle fall er det ofte så som så med forstanden rundt omkring.
      Fint å sjå dykk heime att, friske og raske. Sjølv har eg kvalifisert meg til nytt førarkort, etter fysiske og kognitive testar, så no skal eg vera køyrbar i tre år til.
      Måtte de få ei fin adventstid med smalahove og lutfisk!

    4. Ja, lutefisken er allereide i boks (fortærd), og smalahovudet er “påp gong”. Juleakevitten (orsak tradisjonsakevitten) står i kjøleskåpet så me går førjula lyst i møte. Det har vorte så vanskeleg no som me skal vera varsam med å bruka ordet jul, einkvan kan visst verta støytt av den ordbruken!!
      Elles les eg i dag at ho Lan sitt vegetariske julebord i tigerstaden enda med at 4 av 5 valde fisk eller ribbe i staden. Denne gubben startar opp med litt ribbe til helga, men ikkje fortel om det til skammafiaen!!
      Ha ei fin førtradisjonstid (orsak førjulstid).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg