Desemberhymne 2019.


Trass i krangel om skuleungane skulle gå til kyrkjes før jul, og om me laut eta bønner og stalatblandingar til julemat kom nissen til huset også denne jula, pinnekjøt og nokre gåver vart det også.
At ei frostkløyvd nase fekk prega avisene i julestrida kan ein godt forstå når to, litt tilårskomne karar har ein førjulstur over polhavet. Jaja, nokre andre hendelsar finn de i hymnet.
Så vil eg ynskja dei få bloggvenene eg har att eit godt nyttår, og takk for rosen som kom i gamleåret.

  1. Desemberhymne 2019. 

    To gubber slit med isen i nord;
    beinkalde skrottar og slunkne bord.
    Borne av media siste stykkjet
    letta kanskje einsemdstrykkjet.
    Ei bragd kanskje, men var det krise?
    Trong me nasa hans Børge i dagleg reprise.
     

    Krise var det samstundes litt lenger sør
    ambulanseberedskapen i Finmark blør.
    Der bør du sanneleg ikkje bli sjuk
    for ambulanseflya er ikkje til bruk.
    Kva sak er viktigast for media å avduke?
    Iskalde gubbar eller livstrugande sjuke.
     

    Sentralisering er noko styggedom,
    det meiner eit av våre største parti.
    Er det ikkje då ein «skivebom»
    å nett kalla seg senterparti.
    Sjølv om det er eit stort paradoks
    er nok desentraliseringsideologien i boks.

    Julestridene er over oss att,
    «skulegudsteneste» og julemat bør bort.
    Unge venstre tek «skulegudstenesta» fatt;
    skuleborn lyt vernast mot julebodskapen fort.
    Skal jula berre verta fjas og «kommers»
    er eg redd ho snart syng på siste vers.


    Men utruleg, trass i krangel, stress og kav
    vart det julekveld i landet til sist.
    Frå å striro på eit reklamebomba hav
    kom freden du trudde du hadde misst.
    Då sølvgutar og ribbelukt seig inn i stova
    slapp freden inn, og julestrida fekk sova.

     


Google

PS.

Han var ven, kunstnar og fargeklatt,
ein mangslungen, modig person.
Brått mørkna det og vart svartaste natt,
livet stogga på sjølvbygd endestasjon.
Samstemd vert nok hans nekrologi.
«Trist som faen» vart hans sorti.
31.12.2019.M-m.

8 kommentarer
    1. Noen år siden nissen var på besøk hos oss.. 🙂 Fin hymne om desember..og veldig trist med Ari Behn og andre som velger å avslutte livet.. Masse gode ønsker til deg og dine i det nye året <3

      1. Kjekt å få nissebesøk, det var en stund siden sist. Takk for kommentaren forresten. Jeg setter stor pris på den.
        Ja, det er en traurig måte å ta farvel med livet på, men belastningene ble kanskje for store for en kunstnersjel som fikk stor eksponering.
        Dere må ha et godt nyttår, og takk for hyggelige innlegg og kommentarer i året som nå går ut.

    2. Kjekt å lese “Funderiene” dine! Du får sagt det, på en fin, poetisk måte! Godt nytt år til dere!

      1. Takk for hyggelig replikk. Du vet en gamling har god tid til å “file” på formuleringer når det er vått og vindfullt ute. Ellers skjer det stadig snodige ting rundt oss som roper på en kommentar.
        Godt nyttår til deg Liv…

    3. Du ivaretek plikta godt; ikkje ein månad utan hymnen. Takk igjen frå ivrig lesar – kva har han funne fram denne gongen? Det er nok å ta tak i både på sjø og land. Kva seier du om denne: lyset går og då stoppar hydraulikken og då forsvinn rorfunksjonane og båten søkk. 88 millionar rett til botnar. Den er vel nesten like god som fregattsaka.
      Men no skal eg skru frå kvarandre juletreet, ta fram alt det gode lesestoffet eg fekk til jul, spyle ut siste klumpane av fårefeitt og gå laus på matjesfileen frå søta bror. Sjølv om me ikkje har 18 varme grader, så skal eg kosa meg i 2020.
      Ynskjer deg og dine alt godt i 2020.

    4. Godt nyttår ti deg og dine, og takk for gode kommentarar frå året som gjekk. Dei har på mange vis utfylt funderiene på ein fin måte. Kanhende gubben kjem med eit og anna funderi dette året også.
      Apropos båten som sakk då straumen gjekk. Har dei ikkje høyrt om “back-up-løysingar. Nesten for dumt til å skriva om:

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg