To store…


Google

…i ein sekk går ikkje. Dette seier eit gamalt ord. Slepp du tre eller fleire av same slaget i same sekken vert det fort eit helvete.
Kan det provast? Ja, då skal de berre sjå på ei episode av Farmen kjendis, der barkar kjendisane saman etter tur. Er det ikkje Jaquesson og Lothepus som yppar til strid om kvinnesak så er det den same Jaquesson som kranglar med Aylar om kven som skal fyra i komfyren på kjøkenet, godt akkompagnert av uteliggjarjenta Tonje? For ei smørje!
Når eg skriv om dette er det ikkje av di eg er fan av Farmen. Har vel ikkje sett ei heil episode av den TV-serien, men det nye konseptet Farmen kjendis freista litt å sjå på, og etter to episodar må eg medgje at det har vorte ein viss valuta for sjåarinnsatsen.
Her kan ein observera alle slags livshaldningar og kruttet er av og til i turraste laget. Med eit stort ego, og eit høgt markeringsbehov som gjev kort lunte, smell det ofte på garden.
Det skal også seiast at der fins kjendisdeltakarar som gjer ein god innsats og prøver å få gardarbeidet til å fungera, men dei vert fort overskugga av dei store egoa på farmen?
Eg får la serien få ei episode eller to til?

Google

6 kommentarer
    1. jeg rekner med att det er litt planlagt av tv teamet også hvordan dei skal føre seg ) noen mener det er stridene som får opp seertalla,mulig det,men jeg liker no best dei som ikke er så stridbare ) så får vi se hvordan det går ja

    2. fruensvilje: J…ada, personene er nok litt håndplukket for å få litt “sus i serken”, og det har de greidd så langt. Det er nok et program som lurer fram de mørke sidene i endel av deltakerene.

    3. Jeg har (så langt) ikke sett på, men jeg har Tv2 sumo, så jeg har muligheten. Jeg tror som deg at Tv-teamet elsker litt “Krutt”. Uten intriger og “Bad Boys/Girls” blir det ingen spenning, men jeg liker også best de “snille”….;)

    4. I min barndom trur eg ikkje at namnet kjendis fanst. I dag møter ein ordet kvar ein vender seg, og ein møter A, B og C-kjendisar i TV; på mjølkekrakken, i butikken, i slåtteteigen, i sengehalmen, i grisebingen, gråtande, bannande, kjeftande og syngande. Me får slektstavlene med meir eller mindre stolte anar. Ein gong var kringastinga sitt mål å spreie kunnskap og folkeopplysning, men det er vel dette som er vår tids folkeopplysning; eg berre spør.
      God kveld ved TV-ruta!

    5. Pedro: Nei. no skal kringkastinga berre spreia DAB-maskiner rundt i landet vårt. FM-radioen vart for smal for ungdommen, for få stasjonar.
      God helg i Oslo…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg