Årsresyme for 2016.

Som tidlegare år får eg våga meg på eit årsresyme med vers frå kvart av månadshymnene mine.
Det starta med at me fekk ein kald og roleg januar. Det var jo bra, men akk, då fekk me “giftskya” over byen vår.
Februar vart det mykje “fuzz” om den nye flyseteavgifta som Trine Skei Grande fekk “æra” for.
Mars vart bøtene for sexkundene sett opp til 15.000,- og brått tende staten meir enn aktørane av verdas eldste yrke.
April var partilandsmøta stor sett i boks, og me veljarane var ikkje stort visare av den svulstige retorikken.
Mai var månaden då indremisjonsfolket streika mot kvinneleg prest i Uskedalen…
I juni fekk Åge Aleksandersen oppfylt sin store draum om å ha konsert i Royal Albert Hall. Godt jobba Åge!
I juli markerte eg IS-terroren med eit vers. Den terroren vil visst ingen ende ta.
August kom med årets skilsmål, Ari og Marta skilde lag. Trist som faen!
Krf har problem med kva side i politikken dei skal velja, raudt eller grønt? Me er spent. Vonar dei ikje forskræver seg.
Oktober gjekk stort sett med til flytting av gubben og frua.
November var det valkampen i USA som rådde i media. Valet av to mislikte kandidatar gav vel det verst tenkjelege reultatet.
I Desember fekk me den årlege pinlege julefeiringssjauen kor framlegg om nynning av “Deilig er jorden” tok prisen.

Google.

Januar.
Sprengkulda kom som nyttårsgåve,
og fram steig ei vakker vintersol,
som skein dagen lang inn i vår stove,
jaga gubben ut or sin ruskeversstol.
Men au, han laut visst halda seg inne
for ute var berre giftluft å finne.

Februar.
Etter roleg start vart det fart i politikken,
flyseteavgifta fyrde litt opp.
Venstre vil avgiftslasta flytrafikken,
og Rygge flyplass seier visst stopp.
Kva tenkjer du no, Trine Skei Grande,
no som du har terga opp heile landet.

Mars.
Staten har slege seg på prostitusjon,
det ligg pengar i verdas eldste yrke.
Dei vil kontrollera illegal kjønnsproduksjon,
og kan samstundes statskassa styrke.
Heile 15.000,-  i bot for eit nummer.
Den prostituerte får langt lågare summer.

April.
Partia er ferdig med landsmøta sine.
Svulstige metaforer og beisk retorikk.
Nedrakking på alle dei hine.
Det er visst det som er dagens politikk.
Kva skal stakkars stemmekveget velja
når alle har den beste vara å selja.

Mai.
Indremisjonen i Uskedalen
likar ikkje at presten er ei kvinne.
Så no boikottar dei kyrkjesalen,
på bedehuset er rette trua å finne.
Der serverer kvinna kaffien og kakene
medan mannen styrer dei gudelege sakene.

Juni.
Ein annan kjær artist, og eit anna mål.
Åge har innfridd sin livslange draum.
Han inntok sjølvaste Royal Albert Hall
med ljos og varme mot ein trønderstraum.
Salen var fylt med heile fire tusen.
Og trønderrocken. Ja den gjorde susen.

Juli.
Allahu Akbar ? gud er god.
Men kva for ein gud er no det
som let terror og vondskap gro,
og som meier uskuldige ned?
Kva er gale med den heilage skrifta
som fremjar våre umenneskelege drifta?

August.
Me fekk eit kongeleg skilsmål i stova,
Ari og Martha har gått kvar sin veg.
«Ljosfontenen» heldt ikkje det den lova,
så no var det tida å skilja seg.
Ekteskap i dag renn ofte ut i sanden.
Eg seier som Ari.: «Trist som fanden».

September.
Høyrt om Hareides store dilemma,
kva seng skal han leggje seg i?
Mellom Erna og Siv ligg han i klemma,
og Jonas har Audun på si?.
Ja, og så lyt ha retta opp skaden
etter å ha dansa i Prideparaden.

Oktober.
Oktoberhymnet vart heller kort,
det vart for travelt for gubben.
Pakking og flytting tok dagane fort
så hymnet vart berre korte stubben.
Men den får du ta, avgiftskåte Trine,
Rygge tapte dei 500 arbeidsplassane sine.

November.
USA held valkampspetakkel i år.
Der kjempar to underlege kandidatar.
Usmakleg retorikk og skitslenging rår,
mellom republikanarar og demokratar.
Uverdig valkamp, eg bruker det ordet.
Skal slike få pryda verdsstyrebordet?

Desember.
Så er den årlege skulejulestriden i gong
og skulen må halda seg unna guds hus.
Juleordet må bort frå kvar julesong
og bannlyst vert julas orgelbrus
«Deilig er jorden» skal berre nynnast,
Men kan juleevangeliet enno forkynnast?

 

6 kommentarer
    1. Eg seier, som så mange gonger før, du er steikande god til å dikte og ofte så humoristisk at det får lotten fram hos meg. Eit retteleg godt nytt diktarår ønskjer eg deg.

    2. Oldemorbloggen: Takk for hyggeleg tilbakemelding og godt nyttår. Det er nesten så eg vil halda fram med skrivinga etter slik tilbakemelding.
      Eg får venta til stormveret legg seg før eg bestemmer meg heilt.
      Ha ein god dag…

    3. fruensvilje: Jeg er forfengelig og liker ros, spesielt om den kommer flere ganger…Nå sitter vi her og lytter til den første nyttårsstormen.

    4. Takk for fint redigert tilbakeblikk. Kanskje du burde senda ein kopi til avgiftskåte Trine. Ho forstår kkje kvifor det vert stendig ferre medlemer i Venstre. Det er ikkje sikkert at det er Frp si skuld. Me no er me inne valåret 2017, og det kjem sikkert mange gode utsagn i tida framover.
      Ha ein strålande dag i godveret!

    5. Pedro: Ja, dette vert nok underhaldningsåret for oss som berre greier å handtera ein tanke i hovudet på same tida. Hagen har starta sin klimavendetta, og snart skal vil me gamle og sjuke få vitjing av politikarar av alle fargar med medkjensle i augo…Ei medkjendsle som varer til valnatta.
      Ha ein fin vinterdag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg