Mikkelsmesse…

Med fåre for å verta assosiert med vår engleprinsesse vil eg i dag trekkja fram ein merkedag og ein erkeengel, nemleg mikkelsmesse og erkeengelen Mikael. Visste de forresten kva ein erkeengel er for noko? Jau, han skal ha den høgaste rangen mellom englane, og her er han…

Google
Han openberra seg rundt år 300 i ei hulekyrkje/Gargano, og fram til 1770 var dagen, 29. september ein heilagdag. Hausttakkefest kan vera eit stikkord for dagen.
Men kva funksjonar hadde så den heiage Mikael. Jau, bl a dreiv han og vog sjelene på skålvekt, og stakkars dei som vart funnen for lette…Eit gamalt diktverk “Draumkvedet” fortel litt om verksemda til Mikael.
Spådomar om ver og vind er også knytt til dagen. Meteorologisk institutt var ikkje oppfunne då så ein laut ta til takke med erkeengelen.
Like mange dagar som det er rim på marka før mikkelsmesse skal det verta rim etter Gaukmesse (1. mai). 
Ettersom eg er frå Hordaland kan eg på vegne av Mikael spå at veret i dag vil spegla komande sumar, og det er vel lovande.
Til sist kan eg koma med Mikaels tips og råd for val av partnar og ekteskap.
Dersom du drøymer mikkelnatta, drøymer du om den du kjem til å gifte deg med. Dersom du ynskjer at draumen skal oppfyllast så fortel du det ikkje til nokon. Dersom du derimot ikkje ynskjer å gifta deg med draumeprinse/prinsessa forkynner du det straks til heile omverda. Kan det enklare gjerast?
Lukke til med draumenatta…

6 kommentarer
    1. greit med litt undervisning da 🙂
      Vi slipper å tenke på rim iallefall for her er himmelen blå og temperaturen sier 18+ det burde love om en fin sommer neste år 🙂

    2. Ikke bare Mikael, men også Gabriel og Rafael har festdag i dag. Er du bankansatt bør du holde deg til Mikael, som frimerkesamler bør du satse på Gabriel, og er du skipper da må det bli Rafael. Utrolig hva du får oss til å studere med dine innspill. Da har vi all grunn til å feste i det flotte høstværet. Ha en fin katolsk dag!

    3. Pedro: Takk for Gabriel og Rafael, Som filatelist får jeg lese meg opp på Gabriel. Skatter og avgifter er betalt, det samme er de gyldne havrenøttene jeg kjøpte i dag, så Mikael får hvile nå.
      Ha en rolig studiedag…

    4. Det har gått ein god prest tapt i deg. 🙂 Eg kan skrive under på at i dag har veret vore fantastiskt. Dagen i dag har vore nytta til ein fjelltur, saman med veninner, ei mil rett opp og bratt ned.

    5. Oldemorbloggen: Oi, du har vore flink i dag, slike fjellturar høyrer historia til for meg, men eg lever godt med det…Elles har eg merkt meg strikkepinnetvisten i heimen, og då løysinga resulterte i eit vassglas til å ha attåt konjakken har vel roa lagt seg over heimen.
      Ha ein fredfylt kveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg