Matlei…


Google

Etter snart ein heil sumar på einsidig kosthald ser eg no fram til andre ting på menyen.
Sumaren har vore full av flesk, valflesk i mest alle former.
Eldreflesk i form av «varme hender», bading utan stoppklokke, og så raudvin til maten! Skuleflesk i form av fleire lærarar, leksefri heime, mat på skulen etc etc. Desse rettane er krydra med eigendomsskatt.
Kollektivflesk i form av bybaner, bussar, tog og gigantutbyggjing av sykkelvegar. Krydderet her er meir bompengar.
Byluftflesk. No skal bylufta verta gullande rein, krydra med struping av, bl a dieselbilbruken.
Kommuneflesk. Større kommunar skal gje betre service. Dette flesket er krydra med større avstand mellom dei som styrer og dei styrde.
Til sist kan nemnast miljøflesk, helseflesk, etc
No må de ikkje tru at eg er imot gjennomføring av dette som er ramsa opp her, bra greier det meste. Men når det kjem til stykket er det mykje store ord og fleskefeitt. Gjennomføringa vert det så som så med.
Nei, no treng me sårt noko anna enn valflesket å gumla på kvar dag. Eg voner at den store sauesankinga kan ta til på tysdag så me kan endeleg kan skifta frå flesk til fårikål?
Eg gler meg.
Godt val?

6 kommentarer
    1. Skulle en trekke spådom ut av dagens vær; regn og sur vind, så vil vi gå inn i en elendig fireårsperiode. Dersom en ser ut over landets grenser kan nok den spådommen ha mye for seg.
      Slaget står i dag, i morgen får vi skåle for seier, eller drikke for å glemme.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg