Fisketuren…

Etter eit par veker med rått og vått sumarver var det i alle fall opplett i går, og gubben vart inspirert til å leggja ut for å prøva om makrellen beit…Han laut vestom alt land før fisken hogg til, men til gjengjeld vart det familiemiddag på eit par kast…Stor fin makrell, og i tillegg tre fire smålyr til kattane.

Google

Men så var det på eit av dei ytste skjæra at det sat ein einsleg skarv. Han sat der med nasen mot himmelen og såg ut til å nyta tilværet i sumardagen. Ofte ser ein heile flokkar av denne fuglen som sit på skjæra og turkar vengjene sine, men denne sat der åleine. Han gav gubben inspirasjon til nokre ord om åleineskapen…

Sjølvsagt hadde ikkje gubben apparatet med så dette googlebiletet får vera ei erstatning.

Skarven på skjæret.

Ein einsleg skarv
sat på ytste skjær.
Høgreist og stolt,
heilt åleine der.
Sat han utstøytt frå sin flokk,
og venta han stormens ragnarokk?

Ein einsleg skarv
på det ytste skjæret.
Myste mot havet
i midtsumarsværet.
Var han ein bortkomen nerd
som trivdes godt i si skarveverd?

Ein einsleg skarv
der ute på skjæret.
Sat han og frykta
jægaren og geværet?
Eller, var han ein lukkeleg optimist
ein dumdristig, einsleg skarveturist.

Ein einsleg skarv
åleine på skjæret.
Ein høgreist fugl
gjev deg noko å lære.
Er du åleine i «motebakken»,
Lyft augo mot toppen, reis opp nakken.
12.07.2016.M-m.

6 kommentarer
    1. fruensvilje: Ja, skarven er en fin fugl, og den er en god dykker og elegant i vannet. Den fuglen som satt aleine der yte ved storhavet i går ble en liten inspirasjon, og i dag blir det kokt kald makrell på hele familien,,,

    2. Skarven er ein flott skapning, og du deler ditt møte med han fint med oss. Her om dagen hadde eg og ei sjeldan naturoppleving; ein oter som kryssa øya , ca. 3-400 meter i ope nyslått lende. To måsar gjekk stadig til angrep. Oteren hadde nok røva fugleungar. Skulle gjerne skildra denne tilldraginga i poesi, men der strekk ikkje mine emner til. Her lyder værmeldinga på 15 sekundmeter vind og regn, så der ryk nok ein sumardag. God helg!

    3. Pedro: Me har nok same sumarveret no. Forresten, i går tok eg inn hagemøbler for å berga dei unna den melde vinden og regnet – då skein sola opp. Jaja, dersom det er resepten skal møblane få stå i kjellaren resten av sumaren!!!
      Det er ellers eit rikt blåbærår så i går var eg ute og henta inn antioksydantar for halve vinteren.
      God helg til dykk…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg