BT, regionavisa mi…

…tok grundig feil i går, etter det eg kan skjøne. Om det var fordi me no opplever den dårlegaste sumaren sidan 1928 (også ei BT-melding) eller om avisa vil ha oss til å springa til Kjosen etter billege solbillettar veit eg ikkje, men dei annonserte at dagen i går var Marit Vassause, eller Marimesse.

Google
Mari Vassausedagen er etter det eg kan finne ut, i dag.
Kva er det så med denne dagen? Jau på denne tida var slåtten i gong og bøndene var svært opptekne av at høyet skulle verta tørt. I dag, i høyballane si tid, er kanskje det ikkje like naudsynt.
Men så var det dette med vassausa då. Jau dersom ho Mari fekk fylt vassausa si med regn den dagen ville resten av sumaren verta våt, og høyet kunne ikkje bergast. Var ausa derimot tom då kvelden kom kunne bonden gå hundedagane trygt i møte.
Vel, når eg ser ut er ausa enno tom og dagen ser bra ut…Skal me då vona på nokre gode veker?
Tida vil vise…

Google.
På primstaven skal dagen vera markert med eit sverd eller eit hjul, men det er visst ikkje så lett å finna.
God sumar vidare.

 

 

4 kommentarer
    1. Nei, i dag vart Marit vasslaus, men statens metrologar lovar vatn seinare i veka. No er det snart Olsok med stor festivitas og spel på Stiklestad. Men nyare forskining meiner at det aldri har vore noko slag der, så der fekk skulelærdomen vår ein alvorleg knekk. Dersom dei no heller ikkje finn spor etter slaget i Hafrsfjord, ja då sit me nokså ribba att. Heile fotfestet vårt blir borte.
      Nyt varmen og sola så lenge!

    2. Pedro: Ja, der ser du. Landet vårt har aldri vorte samla til eit rike. Alt kjem for ein dag berre vi set i gong nokre lærde med skjei og sil og slepp dei ut i terrenget. Forresten er det berre å visa til desse planane med kommunesamanslåingar når det gjeld å prova at me slettes ikkje er klar for rikssamling.
      Kanskje eit nytt Stiklestad eller eit nytt slag ved Hafrsfjord hadde gjort susen. Me får setja Kolbergen på saka. Han tek nok jobben berre han greier å frigjera seg frå terrortrusselen frå “høgresida”.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg