Nokon har det bra…


Google.

Heldige gubbe?

Om dagen startar traurig,
og sengevarmen
kjennes betre
enn det råkalde rommet,
og når hovudet
framleis
er i slumremodus,
då skal ein slite seg
opp etter håret
og få i gong maskina.

Men,
den hårlause gamle gubben
er heldig.
Han kan snu seg i sengja,
breie den varme dyna
over skallen,
og drøyma vidare
om heite strender.
24.02.2018,M.m.
 

6 kommentarer
    1. annebe: En sjelden gang er det helt fint bare å kunne snu seg i senga og la vind og regn seile sin egen sjø, men som regel er oppstandelsen tidlig. Gammel gubbe vet du, og stua er alltid varm takket være vårt felles varmeanlegg.
      ha en fin kveld i stuevarmen…

    2. Bli berre liggande heile denne veka. Du har det nok bedre i sengehalmen på Askøy enn nokon annan stad. Dessutan er dei heite strendene du drøymer om no kvite av snø. Eg gruvar for dei neste dagane, men i dag kjende eg solvarmen gjennom stoveglaset, så det er håp.

    3. Pedro: Eg såg på faceboka i dag at sjølvaste paven held seg innomhus og stengde like godt Vatikanet i snøkavene. Sjølv har eg montert ulllongsen. Når eg så har ei varm dyne i beredsskap skulle eg vel overleva vinternatta.
      Set deg godt til i godstolen, fyr i peisen, og nyt dei første vårstrålene.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg