Javisst nei…!

Liver er ikkje alltid lett å leva, og ord er heller ikkje alltid lett å skjøna, i alle høve når der er mange av dei, og dei er samansette på departementalt vis.

Google

Ofte vert eg sitjande eller ståande og lura på kva bodbringaren eigentleg meinte med bodskapen.
Dagens eksempel tek eg frå vår utmerkte lokalavis BT som trekkjer fram at no føresler vårt mobbeombod at ordet mobbing skal ut av bruk, og at me heller skal bruka ordet krenkjing.
Grunngjevinga hennar er enkel og kjem her.
“Oppleving av krenkelse er en midlertidig tilstand, som gjennom å forstå opplevelsen lar seg løse med riktige ord, begreper og metoder. Mobbebegrepet er stiigmatiserende og gjør at konflikter ofte vedvarer uten løsning”.
Jaja, då har denne åtferda i det minste hatt tre navn i mi tid, erting, mobbing og no krenkjing. Så må ein spørja, har åtferda vorte endra frametter i tida. Nei statistikk og presseomtale tyder ikkje på det.
Då er det kanskje lettare å kle åtferda inn i eit nytt ord og vona på at mirakelet skjer og at åtferda vert endra.
Eg trur ikkje det. Eg trur vel at ein i tillegg til å prøva førebyggjingsvegen lyt løysa mobbeproblematikken sak for sak, så får mobbarane, orsak krenkjarane, få kjenne på konsekvensen av si åtferd.
La dei nye finn-på-orda vika for konkret handling, kjære mobbeombod.
Lukke til.

Trist som faen…

No har dei foke i tottane på kvarandre Davy Watne og Ari Behn, og skjellsorda sit laust i avisspaltene.

Google
Her startar Ari opp med å karakterisera Davy som ein klovn, og får karakteristikken narr i retur.
Personleg vil eg heller høyra på “klovnen” Davy enn på narren Ari.
Skal tru kva kongen vår tenkjer. Skal er gissa, trur eg han seier.: “Trist som faen!”
Det same seier eg.

Englar, finns dom…?

Tja, noen tror visst det, i alle fall deler av vår kongefamilie som driver og kurser den uvitende almuen  om engletroens fortreffelighet. Ja, nå har til og med vår kongelige skald, Ari Behn visst ikledd seg engledrakt og opptrådt på et eller annet show. Bra at han støtter sin kone.
Jeg trenger vel ikke si det, men min engletro begrenser seg til søndagsskolens forkynninger en og annen søndag for 60 – 70 år siden.
Nå tror jeg vel også at mange finner trøst og trygghet i engletroen og det er helt greitt.
Men så over til dagens engletema.

Google.
Det handler om babyfotografering og publisering gjennom bloggen. Dersom en titter i bloggen og på babybilder der finner en utrolig mange rare babypositurer. Alt er sikkert publisert i beste hensikt og av stolthet og kjærlighet til sin unge. Men, jeg tenker av og til på hvordan jeg selv ville ha reagert dersom jeg som voksen ble konfrontert med enkelte av de babybildene jeg finner på nettet.
Det siste utskuddet i denne babymotefotograferingen ser ut til å bestå i at enkelte monterer englevinger på avkommet og publiserer bilder som likner ovenstående.
Dette er etter min mening litt grotesk, for mennesker med englevinger assosierer jeg med død og oppstandelse og det kan da ikke være meningen med disse bildene.
Nei, vis litt omtanke og forsiktighet med virkemidlene. Det er slett ikke sikkert at verden behøver å gjøres klar over alle våre eksponeringsbehov.
Ha en dag din tanke får vinger, ikke dine nærmeste.

Uppercut eller bollesveis…


Google

Nokon har visst lite å gjera inne i statsadministrasjonen, og no gjeld det vårt likestillingsombod som på jamstellingas alter meiner at det er urettvist at kvinner og menn betalar ulik pris for kutting av hårtustane våre.
Jaja, noko må ein vel finna på der inne, og mykje tyder på at likestillingssakene skrumpar inn etter kvart når ein kjenner seg nøydd til å bera fram slike “alvorlege” brot på likskapen mellom kvinne og mann.
Me er høgst ulike på topploket både kvinner og menn, og hårmankane våre er høgst ulike, uansett kjønn, og me ynskjer å stella dei til på ulik vis. Då har eg tenkt at det me betalar for er tida som går med til å gjera oss  presentable for spegelen og omverda, og det er vel rettferd i det.
Så einfaldig kan ein gamal gubbe vera. I mitt einfald har eg gjort meg tankar om korleis ein skulle få til denne likskapen som ombodet etterlyser. Jau, me kan då gå over til “bollesveis” heile bølingen. Då kan hårkutten verta gjort på denne måten. Plasser ein plastbolle på hovudet og klipp reint rundt.  Då kan klippeprisen verta den same, og likestillingsombodet kan fjerna ei av kampsakene sine frå skrivebordet.
Meir om dette i morgon.
Ha ein god dag.

 

Gratulerer Oprah…


Google 
ENDELEG, etter snart 20 år er katta komen ut or sekken og svindlaren har måtta vedgå sine misgjerningar. Misgjerningar som store delar av verda har hatt mistankar om i mange år.
No står det berre att å få tak i alle millionane som den karen har svindla frå andre, og reine konkurrentar, om ein kan finna slike i den populære sykkelsporten. Han bør vel også få gleda av å ta seg ein tur i “Gjeilen” som andre amerikanske utøvarar (Marion Jones) har måtta, men det gjeld kanskje berre for farga der borte.
Sjølve sykkelsporten må no kvitta seg med alle gamle doparar som framleies sit på sykkelen eller sit i styre og stell, og reinska opp samstundes som sykling vert sett i olympisk karantene til sporten kan erklærast frisk.
Eg meiner at det stort sett berre er sykkelsporten som er avdekka som ein meir eller mindre systematisk dopingsport, og då får oppreinskinga den verta eit varsko og eit føredøme for dei andre sportsgreinene kor doping forekjem.
GOD BETRING!!!

I mangel av noko anna…

I dag som skodda hang ned over ørene våre og kor morgonturen vart ei plikthandlig i gråveret lyt eg finna på eit eller anna å skrive om.
Då kan eg vel like godt ta for meg dei, av og til litt for nitidige sikkerheitskontrollane på flyplassane. At dei er viktige skal eg ikkje benekta, men det kan vel no og då kjennast frustrerande med nesten timelange køar framfor kontrollpostane.
Ein gong eg var i utlandet og gjekk i ein litt vid shorts og laut ta beltereima av før eg gjekk gjennom kontrollporten gjekk det ikkje betre enn at shortsen vart plaga av tyngdekrafta og havna på golvet. Ho som kontrollerte vart plaga av krampelått. De kan berre gissa kor kvikt dei slepte meg gjennom, eg hadde ikkje stort meir å syna fram då!!!

Google
Ein slik var eg gjennom ei slik røntgenmaskin i Moskva, men eg går ut frå at der var like lite å finna den gongen også. I alle høve vart eg ikkje send til Sibir.
Etter desse hendingane og litt fundering rota eg nokre liner ned på eit papir, og her er produktet.

 

Terrorredsle.

Skal du ut å flyga
så førebu deg godt.
Kontrollpostar må du smyga,
utan for mykje vått.

Tek du vatn med
då hender eit mirakel.
Det omskapast til TNT
med eit dyrisk spetakkel.

Flyet sprengs i fillebetar
når mirakelet eksploderer.
Du høyrer tusen trompeter
Når du til himmels emigrerer.

For å unnsleppa emigrasjonen
lyt du fylgja prosedyren.
Reis opp til flystasjonen
og les så sikringsbrosjyren.

Så skal du sjekka inn.
Her møter du ein ovlang kø
som endar i ei elektrisk grind
gjennom den lyt du varsamt trø.

Men roa deg, det går ikkje fort
Tøm fyrst alle lommer
Klokke, belte, sko og anna ?lort?
vert lagd i gråe plastikkummer.

Hald tak i buksa så ho ikkje fell.
Te deg heilt som ein turist.
Prøv ikkje morosame sprell.
Då vert du stempla terrorist.

Hald deg roleg og smil
sjølv om køen tek ein time.
Av og til er du i tvil,
skulle du heller reist på sopelime?

Endeleg er du framme ved grinda,
spaninga er på topp.
Vil elektronikken noko finna
eller vert det stopp.

Kjem eit pip frå elektronikken
då kjem full bodysjekk,
frå armholene til undikkstrikken,
du står der like dom og kjekk.

Så slepp du gjennom auga,
men kvar er handbagasjen ?
Er han over alle ?hauga?.
Nei, der står han i kontrollpassasjen.

Dei lurer visst på eitkvart der.
Du vert vinka bort.
Du er ein mistenkjeleg passasjer.
Hjarta ditt sler heller fort.

Innhaldet i veska må fram.
Kva handlar mistanken om ?
Er det medisinen, pennar eller ein kam
Nei, det er berre ein kondom.

Ja, så kom du på flyet til sist,
både du og godset du har.
Du var slett ingen terrorist,
berre ein vanleg bestefar.

Resten av turen gjekk fort og greitt,
femti mil på førti minutt.
Då er det heller keisamt og leitt,
at femti kontrollmeter ikkje tek slutt.

Opphavet til styret, ein kar ved namn Bush.
Ein president med terrorfobi.
Han såg i kvar passasjer ein slusk,
og eit trugsmål mot sjølvkjensla si.
18.02.2010.M-m.

 

Novemberløyer…

Eg trudde at november skulle verta ein roleg månad i kvilestilling før juleinnspurten, men her vart nok av saker å ta for seg for ein gamal vriompeis. Kaka tok nok LO-sjefen og Mette Marit, kor fyrstnemnde fekk ein liksomjobb i eit styre med ei årsløn på nærare 200.000 etter det eg har lese. Så laut MM ha med seg sminkøsa si til austen då ho farta rundt der, slå den!!!

Google.

November 2012.

No har visst LO-sjefen for lite løn,
Ein ekstrajobb laut lagast for han.
Ministeren svara straks på hans bøn,
med jobb som styrevaramann.
Om han møter på jobb er ikkje nøye,
men pengar i posen er grueleg løye.

Melding til deg som nyttar NSB,
Rutetidene er no justert opp.
Så før du kveikjer ditt juletre
går toget i langsam galopp.
Ein halv time meir på osloturen,
då kan du forlengja togmiddagsluren.

Attvald er verdas mektigaste mann,
presidenten i USA.
Obama kjempa, tala og vann,
Dei fleste tykte at det var bra.
Fire nye år i verdspolitikken.
no lyt han handla, og dempa retorikken.

No har me hatt dansekonkurranse
med lettkledd dansing, hopp og sprett.
Kjendisane var god til å danse,
men vart no eigentleg døminga rett?
Me fekk til topps dei folket likte best,
og då talde sjarm meir enn dansefest.

No er visst SAS heilt bankerott,
flya er gamle og pengane borte.
Statlege pengepåfyll har dei fått.
Men tapa vart til ei verkande vorte.
No vil me vona dei kjem over kneika,
og pilene framleis mot lufta vil peika.

Har du hugsa å skaffa deg dop,
eller gjeld det berre våre idol.
Dei er visst ureine alle i hop.
Har idrotten vorte eit dopingbol?
Eg vonar  dei fleste er ærleg og reine,
og skamkjenner det finnar må meine.

Hurtigruta som langs kysten går
fekk kjeft ei frå ei illsint småbarnsmor.
Etter å ha fløyta i over hundre år,
laut fløyterutinene endrast om bord.
Det må ikkje fløytast når båten legg til kaia
Vonar at skipsflagget framleis får vaia.

Mette Marit er på farten att,
no er ho på tur i den austre verda.
Men trur de ho tek sminkeboksen fatt.
Nei, sminkøsa er med henne på ferda.
Kronprinsen tyt om varsemd og miljø;
medan «kona» fører hoff over land og sjø.
30.11.2012.M-m.

Google

Kjem dampen att…?


Lånt fra Google.

Her om dagen heldt eg på å få både kaffi og avis i halsen då eg opna “sundagsblekka” til Bergens Tidende.
For kva sto det ikkje der. Jau, det raskaste togtilbodet mellom Bergen og Oslo skal no bruka 26 min. lengre tid enn tidlegare. Som kompensasjon skal eit tog frå Oslo til Bergen bruka 6 min kortare tid, men ellers er det svarte natta med lengre rutetider!

Me som i mange år har gledd oss til at den såkalla Ringeriksbana skal byggjast og korta ned reisetida mellom våre to største byar  til vel 4 timar. Me ser no at reisetida på denne ruta raskt går mot 7 timar. Då er me attende til reisetidene frå 60-talet!!

I løvehola vart Ringeriksbana vedteken bygd for 20 år sidan, men ikkje eit spadetak er enno teke. Pengane til prosjektet ligg truleg trygt gøymt under hatten til Sigbjørn. I dette fattiglandet fins ikkje pengar til eit prosjekt som skulle gjera Bergensbana meir konkurransedyktig med flytida mellom Oslo og Bergen. Det skulle vera eit godt miljøtiltak til å føra trafikk frå luft, vegar og til bane.

For å få prosjektet finansiert ventar eg no berre på at løvene byrjar å ropa på bompengar. Me bilistar finansierer allereie både kollektivsatsing, vei – og – bybanebyggjing, så pytt – pytt, me kan vel ta eit tak for NSB også. Det vil dei sikkert meine der inne i løvehola.

Eg vil likevel drista meg til å koma med eit privat finansieringsforslag. Fins det ikkje U-hjelpsmidlar i verda som kan frigjerast til fattige land som vårt, som lever med ein jarnvegsstandard som ligg til dels enno ligg på 60 – talsnivå.
I tillegg kan me no trygt grava ned restane etter månelandinga på Mongstad, den har vel stort sett chrashlanda allereie. La oss avslutta fiaskoen der og nytta resten av dei prossjekterte midlane til Bergensbana.

Utan at nokon tek tak i denne toskeskapen, får fingeren ut, og får i gong forkorting av bane og reisetid er eg redd for at dei på sikt kan leggja ned heile bana, for folk vil finna den heilt uinteressant å nytta eit transporttilbod som tildsmessig ligg på nivå med 60-talet.

Jaja, eg fekk etterkvart kaffien ned og sinnet la seg fort. No er det resignasjonen som rår, men eit tips til NSB vil vera at det enno fins brukandes damplokomotiv som kan gravast fram om ein framleis ynsker å dyrka nostalgien på Bergensbana.

Lukke til!!!

Har me gått av hengslene…?

Av og til lurer eg på kva eg har å gjera på denne bloggen, for tema som vert tekne opp dreier seg sjeldan om det som hender  i storsamfunnet. Me er stort sett opptekne av vårt næraste nettverk. Det er sjølvsagt eg også,difor heng eg tett på bloggen min, sjølv om eg av og til er forundra over den dårlege responsen på mine samfunnskritiske funderier. Me kan vera heilt sikker på ein ting. Så lenge me teier vil alt gå i same tralten.

Likevel, idag vil eg ta opp to saker i avisa som fekk meg til å slå augo opp:
Den fyrste saka dreia seg om at politiet i Bergen no vil avslutta seinvaktene sine i helgene kl 02.00, ikkje kl 04.00, som idag. Då spør eg meg sjølv. Har ikkje tillitsmannsavsvarlege i den etaten lese Gjørvkommisjonen si innstilling kor det nærast står med krigstypar at der er minst politi tilgjengeleg når behovet er størst? Der er sikkert mykje å seia om både timing og innhald i kravet som no er fremma, men det skal få liggja. For meg framstår det som eit fyrste innspel i den årlege lønskampen, eit svært usmakleg innspel, spør ein meg.

Den neste saka som grin mot meg på fyrstesida av avisa er ein kjend advokat med multimillion årsinntekt som seier at; “Lønnsforskjellene bekymrer meg ikke”. Nei, det kan me gjerne seia når me sit ved eit bord med “gullbestikk” og slafsar i oss det dyraste og beste som er å få lagt oppå fatet.
Samstundes står ei jente med ei årsinntekt på 263.000 og lurer på korleis ho skal få seg tak over hovudet med den inntekta. Kjøp av leiligheit ligg ute i draumelandet.
Dert vert også antyda av multimillinonærane at dei har slite hardt for inntektene sine. Javel, men jaggu skal ein lobba litt for å gjera seg fortent ein inntektsdifferanse på mellom 1/4 million og 10 mill.

Den same avisartikkelen fortel at 10% av dei rikaste eig 75% av formuane her i landet, og enno kan dei få seg til å seia at det ikkje finns klasseskilnader her. I Ukraina, kor eg nett var, vart det fortald at det stort sett var 25 familiar som åtte heile formuen i landet, og dei styrde også den korrupte politiske verksemda der. Heldigvis er vi ikkje der, men eg vil åtvara mot denne oppsamlinga av pengemakt som svært lett kan føra til styresett og tilstander me ikkje vil ha her i landet.

Dette innlegget måtte eg berre ut med. Lovar no at, om det kjem fleire innlegg frå denne pennen, så skal dei vera snillare. Ha ei god helg, og skrap gulltallerka di rein før neste gourmetporsjon kjem.

Skal me verkjeleg måtta finna oss i dette…?


Gutteklubben grei slik Økonomisk Rapport ser det.

Etter å ha vore snill gut ei stund no lyt trykkokaren få sleppe ut litt damp.
Frå den raudgrøne regjeringa har det,  trass i høgtlydande rop om det motsette ofte kome for dagen leiarløner i statlege forvaltningsbedrifter som ålmugen berre kan fantasera om.
Når så ENTRA-sjefen skal ha 5 mill i årsløn + bonus, ja, så lyt ein vanleg proletar jobba i 15 – 20 år for å få det same i lønsposen.
Det seiest at det same firmaet held seg med 50 – 60 sjefar på eit eller anna nivå av totalt ca 150 tilsette, ja då skulle arbeidsdagen verta rimeleg grei med to tilsette under kvar sjef.
Tilsetjinga av den nye direktøren har også skapt mykje røre skal eg ikkje ta med her, men for eigen del vil eg seia at lukta av den tilsetjinga luktar verre enn utedoen på hytta ein varm sumardag!

I fjor hadde eg eit innlegg om den amerikanske ambassaden som overvaka folk som ferdast i strøket rundt den. Dei leit visst ikkje på at det norske politiet kunne gjera den jobben. Det er kanskje litt lettare å skjøna etter dei fryktelege hendingane i fjor.
No er det så kome for dagen at dei som dreiv overvakinga var norske pensjonerte politisjefar og dei skal visst ha fått godt over 1 mill kr for jobben. Det er vel greitt, seier du. Tja kanskje, men er det så greitt at dei får utbetalt løna SVART?
Då vert det litt ugreitt i mitt hovud, men der er det så mykje ugreitt frå før. Difor vil eg spørja dykk.: Er det greitt å ta i mot milliongodgjersler utan å skatta for det. Sjølvaste skattedirektøren tykkjer at det er heilt i orden, for han overstyrde skattesaka og gav dei pensjonerte politifolka skatteamnesti. Han tykte kanskje at stakkarane det galdt hadde så dårleg pensjon at dei laut få ei lita oppmuntring.
Me andre som måtte “gløyma” å gje opp inntekter får enten straffeskatt, høge bøter eller “vatn og brød”.
Jaja, skattedirektøren har vel sitt på det turre, for i dette byråkratiet vårt fins det reglar for det meste, sikkert også for skatteamnesti.
Men, er det slik me vil ha det her i landet. Skal det vera slik at enkelte kan ta høge verdiar ut frå fellesskapen si kasse medan den store ålmugen stilltegjande lyt sitja å sjå på at ulikskapene auker?