I mangel av noko anna…

I dag som skodda hang ned over ørene våre og kor morgonturen vart ei plikthandlig i gråveret lyt eg finna på eit eller anna å skrive om.
Då kan eg vel like godt ta for meg dei, av og til litt for nitidige sikkerheitskontrollane på flyplassane. At dei er viktige skal eg ikkje benekta, men det kan vel no og då kjennast frustrerande med nesten timelange køar framfor kontrollpostane.
Ein gong eg var i utlandet og gjekk i ein litt vid shorts og laut ta beltereima av før eg gjekk gjennom kontrollporten gjekk det ikkje betre enn at shortsen vart plaga av tyngdekrafta og havna på golvet. Ho som kontrollerte vart plaga av krampelått. De kan berre gissa kor kvikt dei slepte meg gjennom, eg hadde ikkje stort meir å syna fram då!!!

Google
Ein slik var eg gjennom ei slik røntgenmaskin i Moskva, men eg går ut frå at der var like lite å finna den gongen også. I alle høve vart eg ikkje send til Sibir.
Etter desse hendingane og litt fundering rota eg nokre liner ned på eit papir, og her er produktet.

 

Terrorredsle.

Skal du ut å flyga
så førebu deg godt.
Kontrollpostar må du smyga,
utan for mykje vått.

Tek du vatn med
då hender eit mirakel.
Det omskapast til TNT
med eit dyrisk spetakkel.

Flyet sprengs i fillebetar
når mirakelet eksploderer.
Du høyrer tusen trompeter
Når du til himmels emigrerer.

For å unnsleppa emigrasjonen
lyt du fylgja prosedyren.
Reis opp til flystasjonen
og les så sikringsbrosjyren.

Så skal du sjekka inn.
Her møter du ein ovlang kø
som endar i ei elektrisk grind
gjennom den lyt du varsamt trø.

Men roa deg, det går ikkje fort
Tøm fyrst alle lommer
Klokke, belte, sko og anna ?lort?
vert lagd i gråe plastikkummer.

Hald tak i buksa så ho ikkje fell.
Te deg heilt som ein turist.
Prøv ikkje morosame sprell.
Då vert du stempla terrorist.

Hald deg roleg og smil
sjølv om køen tek ein time.
Av og til er du i tvil,
skulle du heller reist på sopelime?

Endeleg er du framme ved grinda,
spaninga er på topp.
Vil elektronikken noko finna
eller vert det stopp.

Kjem eit pip frå elektronikken
då kjem full bodysjekk,
frå armholene til undikkstrikken,
du står der like dom og kjekk.

Så slepp du gjennom auga,
men kvar er handbagasjen ?
Er han over alle ?hauga?.
Nei, der står han i kontrollpassasjen.

Dei lurer visst på eitkvart der.
Du vert vinka bort.
Du er ein mistenkjeleg passasjer.
Hjarta ditt sler heller fort.

Innhaldet i veska må fram.
Kva handlar mistanken om ?
Er det medisinen, pennar eller ein kam
Nei, det er berre ein kondom.

Ja, så kom du på flyet til sist,
både du og godset du har.
Du var slett ingen terrorist,
berre ein vanleg bestefar.

Resten av turen gjekk fort og greitt,
femti mil på førti minutt.
Då er det heller keisamt og leitt,
at femti kontrollmeter ikkje tek slutt.

Opphavet til styret, ein kar ved namn Bush.
Ein president med terrorfobi.
Han såg i kvar passasjer ein slusk,
og eit trugsmål mot sjølvkjensla si.
18.02.2010.M-m.

 

11 kommentarer
    1. Du er ein diktar stor
      helsing ei oldemor
      som ikkje får gå gjennom porten som pip
      men blir befølt med klapp og med knip
      skulda eit batteri
      som er operert inn, rett over bringa mi.

    2. du kan få sagt det du,og jeg synes jeg ser det hele for meg :)) jeg ble faktisk kropsvisitert både ut av landet og inn igjen i landet sist vi var ute og reiste og jeg likte det overhodet ikke nei

    3. fruensvilje: Det var jo, tross alt, litt humoristisk. Nei de kontrollene er ikke min greie, det kan jeg trygt si. Men vi kan jo skrive litt morsomt om det.

    4. Vi må nok glemme privatlivets fred en stund når vi går gjennom den kontrollen der ja. Jeg bruker å spare en fis sånn i tilfelle de blir før nærgående, da tar de gjerne et skritt tilbake 😉

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg