Javisst nei…!

Liver er ikkje alltid lett å leva, og ord er heller ikkje alltid lett å skjøna, i alle høve når der er mange av dei, og dei er samansette på departementalt vis.

Google

Ofte vert eg sitjande eller ståande og lura på kva bodbringaren eigentleg meinte med bodskapen.
Dagens eksempel tek eg frå vår utmerkte lokalavis BT som trekkjer fram at no føresler vårt mobbeombod at ordet mobbing skal ut av bruk, og at me heller skal bruka ordet krenkjing.
Grunngjevinga hennar er enkel og kjem her.
“Oppleving av krenkelse er en midlertidig tilstand, som gjennom å forstå opplevelsen lar seg løse med riktige ord, begreper og metoder. Mobbebegrepet er stiigmatiserende og gjør at konflikter ofte vedvarer uten løsning”.
Jaja, då har denne åtferda i det minste hatt tre navn i mi tid, erting, mobbing og no krenkjing. Så må ein spørja, har åtferda vorte endra frametter i tida. Nei statistikk og presseomtale tyder ikkje på det.
Då er det kanskje lettare å kle åtferda inn i eit nytt ord og vona på at mirakelet skjer og at åtferda vert endra.
Eg trur ikkje det. Eg trur vel at ein i tillegg til å prøva førebyggjingsvegen lyt løysa mobbeproblematikken sak for sak, så får mobbarane, orsak krenkjarane, få kjenne på konsekvensen av si åtferd.
La dei nye finn-på-orda vika for konkret handling, kjære mobbeombod.
Lukke til.

6 kommentarer
    1. Det var vanskeleg, det der. Før i tida, då alt heitte erting, og det var noko ein måtte tole, var det enkelt. Mobbing er vel eit utaskjers namn som har sneke seg inn. Eg syns krenkjing er eit brukande ord når ertinga går over til å bli krenkjande.

    2. Oldemorbloggen: Du har eit poeng, men mobbing er no eit innarbeidd begrep. Det viktigaste må, etter mi meining vera å finna tiltak som kan hjelpa. Det er sikkert vanskeleg, men nye ord hjelper ingen. Osten er innkjøpt og vert nok ein ingrediens til “Nytt på nytt” i kveld. Ha ein god dag.

    3. tenker vi holder oss til dei orda vi er vande med,om det er mobbing eller krenking så er det etter mitt skjønn akkurat det samme,så jeg fortsetter med begrepet mobbing jeg

    4. Kall det kva du vil, men skal livet bli heilt “strykefritt”; ingen karakterar, ingen skader i leik, og ikkje erting. Då kjem borna ut som porselensdokker som ikkje har røynd livets harde skule. Ved første motstand vil dei bryte saman og ende som vrak hjå psykologen. Vi kan ikkje fri oss frå at “La vie est dure”, og det må vi førebu ungane våre på.Ha ein fin vekeslutt!

    5. Pedro: Eg har venta på deg og dine kommentarar. Kan ikkje seia meg heilt ueinig, men det fins antakeleg visse grenser ein ikkje må passera. Ikkje minst gjeld det stygg mobbing. Det hjelper ikkje berre å tilsetja ombod som finn opp nye ord. Her gjeld handling, og det har me sett lite til.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg