Kjem dampen att…?


Lånt fra Google.

Her om dagen heldt eg på å få både kaffi og avis i halsen då eg opna “sundagsblekka” til Bergens Tidende.
For kva sto det ikkje der. Jau, det raskaste togtilbodet mellom Bergen og Oslo skal no bruka 26 min. lengre tid enn tidlegare. Som kompensasjon skal eit tog frå Oslo til Bergen bruka 6 min kortare tid, men ellers er det svarte natta med lengre rutetider!

Me som i mange år har gledd oss til at den såkalla Ringeriksbana skal byggjast og korta ned reisetida mellom våre to største byar  til vel 4 timar. Me ser no at reisetida på denne ruta raskt går mot 7 timar. Då er me attende til reisetidene frå 60-talet!!

I løvehola vart Ringeriksbana vedteken bygd for 20 år sidan, men ikkje eit spadetak er enno teke. Pengane til prosjektet ligg truleg trygt gøymt under hatten til Sigbjørn. I dette fattiglandet fins ikkje pengar til eit prosjekt som skulle gjera Bergensbana meir konkurransedyktig med flytida mellom Oslo og Bergen. Det skulle vera eit godt miljøtiltak til å føra trafikk frå luft, vegar og til bane.

For å få prosjektet finansiert ventar eg no berre på at løvene byrjar å ropa på bompengar. Me bilistar finansierer allereie både kollektivsatsing, vei – og – bybanebyggjing, så pytt – pytt, me kan vel ta eit tak for NSB også. Det vil dei sikkert meine der inne i løvehola.

Eg vil likevel drista meg til å koma med eit privat finansieringsforslag. Fins det ikkje U-hjelpsmidlar i verda som kan frigjerast til fattige land som vårt, som lever med ein jarnvegsstandard som ligg til dels enno ligg på 60 – talsnivå.
I tillegg kan me no trygt grava ned restane etter månelandinga på Mongstad, den har vel stort sett chrashlanda allereie. La oss avslutta fiaskoen der og nytta resten av dei prossjekterte midlane til Bergensbana.

Utan at nokon tek tak i denne toskeskapen, får fingeren ut, og får i gong forkorting av bane og reisetid er eg redd for at dei på sikt kan leggja ned heile bana, for folk vil finna den heilt uinteressant å nytta eit transporttilbod som tildsmessig ligg på nivå med 60-talet.

Jaja, eg fekk etterkvart kaffien ned og sinnet la seg fort. No er det resignasjonen som rår, men eit tips til NSB vil vera at det enno fins brukandes damplokomotiv som kan gravast fram om ein framleis ynsker å dyrka nostalgien på Bergensbana.

Lukke til!!!

9 kommentarer
    1. Nei, me skulle aldri gått ut av unionen med Sverige. På få år fekk me Slottet, Nasjonalteatret, Nasjonalgalleriet og Stortinget. I tillegg fekk me rusta opp forsvaret med festningar mot Sverige og ein marine med m.a. 3-4 panserskip. Ja, me vart så sterke at svenskane ikkje våga ta opp kampen mot oss. No har me pengar, men greier ikkje å realisera draumane våre.

    2. Kanskje svenskene kan ha en tv-aksjon og samle inn penger til ny jernbane i “fattiglandet” Norge? Eller kanskje vi kan gjøre jernbanen vår til en turistattraksjon a la den transsibirske eller The blue train i Sør-Afrika? Ha en kjempefin dag! 🙂

    3. Pedro: Du er inne på noko Pedro, me har nok litt å takka svenskane for. Berre synd at Ikkje Gyldenhamar fekk realisert draumen sin frå 60-tale. Då skulle du kanskje ha sett ei heilt anna satsing på transport og kommunikasjonsløysingar, sjølv om han fyrst og fremst var oppteken av vegløysingar. Nei, me manglar folk med visjonar, kraft og politisk mot her i landet. Her er ofte agendaen ein vegstubb på 3 – 400 meter, eller nokre få millionar til milliardprosjekt som me bilistane betalar storparten av, ref Askøybrua og Jondalstunellen m fl. Då er det greitt å stå i blenkjen av gullsaksa og klippa snorer.

    4. ernashus: Det var et godt forslag. En bergensbane med damplokomotiv som kjører utenom de lengste tunellene på høyfjellet om sommeren ville sikkert bli en bra turistattraksjon, “The white train” i snøheimen. Vi går for den, så får vi som vil fortere fram heller ty til vingene. Ha en fin dag.

    5. he he no skjønner eg frustrasjonen din :)) ja vi skulle nok hatt en helt flunkande ny regjjering for jeg er heller ikke enig i måten pengane våre blir forvaltet.
      No fikk jo vi Kvivsvegen som har kortet ned reisetida uansett retbning vi tar,men det måtte over 100 år til før det ble realisert etter att dei første bevilgningane ble gitt til prosjektet :))

    6. fruensvilje: Det er vel slik det alltid har vært, ting tar tid. Men nå nærmer det seg valg og da skal vi vel lyges huden full igjen. Ref. den skinnende eldreomsorgen som det loves gang på gang. Noe har nok skjedd, men det er en stund til det skinner ennå.
      Når det gjelder reisetiden Oslo – Bergen er det en ting å si.: Vi kunne ta tog til Oslo med reisetid ca 6 timer. I dag nærmer vi oss for de fleste avganger 7 timer. Ha en fin kveld.

    7. Så der fikk du endelig lufta ut frustrasjonene dine 🙂
      Skjønner godt at du blir oppglødd, men her er det “makta som rår” og Jørgen Hattemaker må bare bukke pent.
      Men det var vel godt å få det ut iallefall…..
      Ha en riktig god natt! 🙂

    8. tromsfruen: Ja, men det er litt leitt at en blir sittende som passiv tilskuer til begivenhetene, skulle gjerne ha engasjert meg, men har mine begrensninger,
      Det er i alle fall positivt å få respons på blogginnlegg som ikke er helt streamilne.
      Ha et fint opphold i nord.

    9. Skjønner akuratt hva du mener! Besøk gjerne vår blogg, det er for ett godt formål. Husk: færre dør, når flere vet 🙂 ha en fin dag!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg