Skal me verkjeleg måtta finna oss i dette…?


Gutteklubben grei slik Økonomisk Rapport ser det.

Etter å ha vore snill gut ei stund no lyt trykkokaren få sleppe ut litt damp.
Frå den raudgrøne regjeringa har det,  trass i høgtlydande rop om det motsette ofte kome for dagen leiarløner i statlege forvaltningsbedrifter som ålmugen berre kan fantasera om.
Når så ENTRA-sjefen skal ha 5 mill i årsløn + bonus, ja, så lyt ein vanleg proletar jobba i 15 – 20 år for å få det same i lønsposen.
Det seiest at det same firmaet held seg med 50 – 60 sjefar på eit eller anna nivå av totalt ca 150 tilsette, ja då skulle arbeidsdagen verta rimeleg grei med to tilsette under kvar sjef.
Tilsetjinga av den nye direktøren har også skapt mykje røre skal eg ikkje ta med her, men for eigen del vil eg seia at lukta av den tilsetjinga luktar verre enn utedoen på hytta ein varm sumardag!

I fjor hadde eg eit innlegg om den amerikanske ambassaden som overvaka folk som ferdast i strøket rundt den. Dei leit visst ikkje på at det norske politiet kunne gjera den jobben. Det er kanskje litt lettare å skjøna etter dei fryktelege hendingane i fjor.
No er det så kome for dagen at dei som dreiv overvakinga var norske pensjonerte politisjefar og dei skal visst ha fått godt over 1 mill kr for jobben. Det er vel greitt, seier du. Tja kanskje, men er det så greitt at dei får utbetalt løna SVART?
Då vert det litt ugreitt i mitt hovud, men der er det så mykje ugreitt frå før. Difor vil eg spørja dykk.: Er det greitt å ta i mot milliongodgjersler utan å skatta for det. Sjølvaste skattedirektøren tykkjer at det er heilt i orden, for han overstyrde skattesaka og gav dei pensjonerte politifolka skatteamnesti. Han tykte kanskje at stakkarane det galdt hadde så dårleg pensjon at dei laut få ei lita oppmuntring.
Me andre som måtte “gløyma” å gje opp inntekter får enten straffeskatt, høge bøter eller “vatn og brød”.
Jaja, skattedirektøren har vel sitt på det turre, for i dette byråkratiet vårt fins det reglar for det meste, sikkert også for skatteamnesti.
Men, er det slik me vil ha det her i landet. Skal det vera slik at enkelte kan ta høge verdiar ut frå fellesskapen si kasse medan den store ålmugen stilltegjande lyt sitja å sjå på at ulikskapene auker?

6 kommentarer
    1. I gamle dager vart det sagt:
      «Den Gud gjev et embete, gjev han også forstand».
      Dette har det norske stemmekveget (NRF ? Norsk Raudt Fe) fått inn med morsmjølka i alle år, og godteke det som ei sanning. I varmblodige land ville ein heller ha gripe til våpen. Når skal vi gjere det?
      Hald krutet tørt, og ha ein fin dag!

    2. Pedro: Jaja Pedro, du får berre seia frå så får me trø til. Men eg trur at vårt våpen lyt verta pennen, og kjeften. Problemet er berre, kven er interessert i å rydda opp. Eg trur ikkje at nokon av partia me kjenner i dag har “ballar” til det. Ha ein bonusfri dag i dag.

    3. Filosofen Monthesquieu, som levde på 1700-tallet sitt kjente sitat: “All makt korrumperer, absolutt makt korrumperer absolutt”.
      Den gang om kongens sløsing med folkets penger.
      Monthesquieu hadde nok så alt for rett, de maktkåte og korrupte klatrer og klamrer seg til topps og skalter og valter med pengene våre som en fulle sjømenn. Og vi, stemmekveget, får lov til å velge hvilken maktkåt velgjører vi skal tro på.
      Nei, vi bør ikke finne oss i det! Vi har gitt fra oss alt for mye makt.

    4. Den gutteklubben “kjekk og grei” der innst i fjordarmen har jeg hatt et skjeivt øye til lenge. De fikser og trikser så en stakkar blir reint tummelumsk.
      Joda, jeg er helt enig med deg. Slike lønninger – svarte eller grådige – er ikke på sin plass!! Jeg fikk restskatt her i høst. Jeg måtte leite med lys og lykt og forstørrelseglass for å finne grunnen. Ikke noe amnesti til meg, nei….

    5. Ivar: Helt enig både med filosofen og med deg, og i dag står vi overfor den “absolutte makta”. Det som imidlertid bekymrer meg mest er at jeg tviler på om vi om vi kommer gutteklubbene til livs med andre maktkonstellasjoner. Mao. har vi etablert et overordnet maktkorrumpert her i kongeriket ?

    6. farmoringrid: Takk for kommentaren. Som du skjønner var dette noe som bare måtte slippes ut. Jeg føler at de som snakker om solidaritet, spleiselag og moderasjon retter blikket kun en vei, nemlig nedover. Til sidene og oppover gjelder tydeligvis ikke de samme reglene.
      Men, som pensjonist klager jeg absolutt ikke, men jeg føler fremdeles behov for å få uttrykt meninger om ting jeg føler er uheldige og urettferdige i samfunnet. Ha en fin dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg