Halvfull eller halvtom ? Det er debatten…

I dag, som eg smått har gledd meg til TV-programmet “Debatten” som er fast inventar på skjermen kvar torsdag, ser eg i avisa at dei i staden skal senda ein kvartfinale i Musikk Grand Prix (MGP). Det var ein nedtur for den tevlinga interesserer meg snautt til legghasane. Men så ser eg samstundes i avisa at vår representant er ein sikker tapar om han ikkje tek av seg dressjakka når han skal opptre.
Kanskje han vert ein vinnar om buksa og undikken går same vegen ?
Dersom denne kleskoden vert gjennomført i år kan det kanskje vera greitt å la av-knappen få fred når finalen går.

Så attende til debatten. Eg var spent på kva emne ville verta i dag. Her er mykje å ta av.: Dalai Lama, reservasjonsrett, lønnsoppgjer, fly – og – hotellstreikar, OL-søknad etc.
For meg er det mykje god underhaldning i å høyra på dei mange rare argumenta som vert borne til torgs, men i dag tok NRK altså kveldsunderhaldninga frå meg.
Når eg må leva med det kan eg like gjerne kunne skrive ned eit lite rim om saka.

Google

Debatten.

Det er merkjeleg med politikk,
ein underleg retorisk gymnastikk.
I makta, held du kjeft om vanskelege saker.
I opposisjon, retorikken brakar.
Og dei som er i mindretal
fremjar godsaker som på billegsal.

Så kjem media og pressa på banen
og gjel som den fyrrigaste hanen.
Dei grev fram den svartaste katten,
og så er han i gong, debatten.
Men, kom det ein konklusjon ?
Me sat jamt att med frustrasjon,
og enno meir forvirra i sinnet.
Godt det er kort, det politiske minnet !
28.04.2014.M-m.

6 kommentarer
    1. uttrolig kipt når favoritt programmer må vike for annet.Jeg liker mgp men i år slo jeg av på første delfinale for ugg for noen travle sanger,er ikke som det en gang var.Håper du finner noe annet å se på i kveld da:)

    2. fruensvilje: Ja, jeg er nok for gammelmodig i smaken for MGP, det er vel der hunden ligger begravet, tenker jeg. Med flere titalls kanaler finner jeg nok noe. Om ikke, kan jeg jo skrive litt.
      Ha en fin kveld.

    3. Det er akkurat slik det er, det du skriv i rimorda dine. No har eg lidd meg gjennom Grand Prix i mangel på betre tilbod på Tv. Kan ikkje slå av veit du, i skrekk for at det skal bli for stille i stova Ma’en syns det er så kjedeleg at augo er meir igjen enn opne.

    4. Ei merkeleg sak denne MGP. Alle vil vera med å tevla, men ingen har råd til å vinna. Er det ein slik siger som vert kalla ” ein Phyrros-siger”? Det fyrste som ryk er lisenspengane våre. La oss håpe på null poeng (som så mange gonger før)..

    5. Pedro: Ja, det er omtrent som med OL. Fleire og fleire nasjonar vil delta, men ferre søkjer arrangementet etterkvart. Måtte begge evenement døy i fred!
      Eg høyrer at det er ei kjerring med skjegg som er med i år. Eg som tenkte at damene også kunne ordna seg med barbermaskin i våre dagar. I alle høve vert det visst nytta alle andre stader enn på toppetasjen!!!Jaja, verda går framover – eller gjer ho eigentleg det? Ha ein skjeggfri dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg