Trineposen

Me er vane med at skattar og avgifter vert dryssa likeleg over rike og fattige. I år skal det så innførast ei plastposeavgift, og den har fått gubben
til å framføra nokre inkvisitoriske tankar.
 Frå Fjosepose til Tantepose.


No har dei visst rota det godt til, dei såkalla budsjettkameratane.
Etter nesten tre veker med krangling, grining, skuldingar, og trugsmål om å trekkja seg frå samarbeid kom dei ein tidleg morgontime ut frå forhandlingsbua med raude augo og småsure smil om munnen.
No hadde dei vorte einige om eit nytt statsbudsjett. Dei rike skulle få sin skattelette, dei fattige sine trygdepengar, og alt skulle verta så mykje betre.
Kva var det som skulle finansiera dette vinn ? vinn ? budsjettet ? Jau, blant andre ting var det sjølvsagt ei ny miljøavgift ? nemleg ei plastposeavgift ?
Eg sette mest både morgonkaffien og koppen i halsen då eg høyrde det. Vel flyt det mykje plast rund oss mange stader der me ferdast, men plastposene er absolutt i mindretal.
Kvifor? Jau, dei posene nyttar dei fleste av oss til å samla eige søppel i, for deretter å senda det i søppelcontainaren. Altså desse posene er heller ei miljøvinning enn ei belastning, og så greidde altså politikarane å leggja miljøavgift på dei.!
Det skulle sanneleg ha vore forbod mot politikararbeid i seine nattetimar kor både auge og håve er tilsløra av den manglande nattesvevnen, og kor lengten etter senga vert største drivkrafta til å verta ferdig med jobben.
Jaja, no skal då avgifta innførast, men så har visst aktørane innsett at dette avgiftsvedtaket kom til då aktørane leid av «nedsatt bevissthet», som det heiter i rettssalane.
Me som ikkje likar denne avgifta har no teke til å koma med framlegg om namn på avgiftsposane. Trineposen, Sivpose, Knut Arildposen har vore nevnt, men alle fråseier dei seg opphavet til avgifta.
Trine har visst gløymt at venstre, etter det eg har høyrt, har poseavgifta i partiprogrammet.
Denne gubben har etter kvart kome til at dei kanskje har rett, at ingen av dei har kome med framlegget, men at ein eller annan har mumla forslaget fram i søvne, eller at Marthas englar har bore fram bodskapen.
Det er forresten ikkje den første posen som har fått politikarnavn på seg. Kven hugsar ikkje Fjoseposen som vart innført av Bergfrid Fjose slik at alt folket skulle få sjå at no har han vore på Polet att. Han drikk visst jamt den gubben.
Så har me Brustadbua som legalisert kolonialhandel om sundagar, men då måtte bua vera max 100m2.

Kva var det eg ville med dette innlegget. Jau det var eigentleg å gjera framlegg om at også politikarane våre må underleggjast den arbeidsmiljølova dei sjølv har vedteke slik at me kann verta spard for slike løgjelege framlegg i framtida.

Google.

 

4 kommentarer
    1. Kan si hva en vil om politikere og dertilhørende avgifter. Synes det blir litt tullete. Egentlig burde det vært forbudt med bæreposer i plast, det er fullt mulig å bruke mere miljøvennlige avfallsposer. Men det er nå min mening da 🙂

    2. Vinglelina har rota det til att: Eg satser på å kjøpe inn 500 posar til 350,- på nettet, dei same vil koste 1250 i butikk neste år. Og nå har Venstre trumfa gjennom bioetanol, som langt ifrå er problemfritt. Men i skuggen av månelandinga blir alle dyre krumspring små. Men ved neste valg er alt gløymd, Me seglar vidare inn i vanstyre med opne auger.

    3. Pedro: Ja, der er me heldige. Me får dei politikarane me fortener seier dei. Men eg tenkte vel at dei visste så nokonlunde kva dei heldt på med, men det kan dei umogeleg ha gjort i denne posesaka. Eg er spent på fortsetjinga av poseføljetongen.
      Bioetanol har eg ikkje greie på, men der får eg lesa meg opp…
      Du får ha ei velsigna natt. Ver varsam med co2-utsleppet..

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg