Monsterbløffen ?!?!

For tre – fire år sidan hugsar de kanskje at dei hadde ei stor batalje med demonstrasjonar, aksjonar og politi ifm byggjing av ei straumline over fjellet frå inst i Hardanger til Samnanger. Grunnlaget for utbygginga var angjeveleg sikring av straumen til bergensregionen. Seinare har det vel meir eller mindre kome fram at det var oljeverksemda som trong denne straumen.
Aksjonistane og “folk flest” meinte at ein burde føra fram straumen i kabel langs Hardangerfjorden. Men nei, dette var både ein teknisk, praktisk og økonomisk risikosport så luftlina vart tvinga gjennom og står no ferdigbygd.
Aksjonistar er også dømde og bøtelagde for titusenvis av kroner.

Google.

Men kva står det så å lesa i BT i dag.
Jau, no planlegg dei å leggja ein straumkabel gjennom heile Hardangerfjorden og heilt til Skottland!!
Utruleg kor fort utviklinga går i våre dagar. Det som var utenkjeleg for tre – fire år sidan, nemleg ein kort sjøkabel ut fjorden er no berre ein “sytråd” i høve til kabelen til Skottland.
Står det til truande, NEI!
Då er det vel slik at når pengeinteressene og løynde agendaer får rå er det ikkje mykje me enkle sjelene som kallast “folk flest” kan gjera for å stogga galskap (les: Byggjing av monstermaster o.l.)
Her er det vel etterkvart nokon som må sitja med ein lei smak i kjeften.

2 kommentarer
    1. Det rare er at ingen blir stil til ansvar når sanninga kjem på bordet. I beste fall får ein eller annan sparken og ein svær fallskjerm.
      Det er noko liknande som lurer i bakgrunnen når ein snakkar om kostnadene på OL 2022. Sanninga blir ei anna enn det vi får høyra i dag. All erfaring seier at 35 milliardar fort kan bli tredobla. Det har skjedd så ofte før.

    2. Pedro: Nei, dei ansvarlege vrir seg oftast unna ansvaret, og me sit att og kjenner oss snytt på nasen.
      Når det gjeld OL-søknaden så prøver dei no å å lura oss til å tru at dei vil greia å redusera kostnadene med 7-8 mrd kroner. Det står ikkje til truande, all tidlegare røynsle med slike kalkyler viser ei heilt anna soge…
      Og hugs.: Det er lettare å få tilgjeving enn tillatelse.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg