På djupt vatn…

I dag er eg kanhende litt ute på djupt vatn når eg kommenterer visse sider ved den digitale ungdomskulturen. Ungdommen i dag er i det store og heile flott. Den er ei spegling av det velferdssamfunnet med alle er ein del av. Me kjem lett til pengane, og me vert dagleg freista til å bruka dei opp så snart som mogeleg.
Det får så vera, men når me no i stadig stigande grad legg oss under kniv og sprøyter for å designa ein utsjånad me vil framstå som, men som me frå natura si side ikkje er, tykkjer eg at me kanskje skal stogga opp og tenkja over kva me vil med liv og kropp.
Eg tenkjer sjølsagt ikkje på dei som må retta opp alvorlege skavankar, men eg tenkjer slike som formar kroppen etter tida sine motekrav. Ein kan kanskje tenkja at denne kroppsdesignen kan ha sine konsekvensar. Kven vil vel enda opp med ei øydelagt nase, slik Michael Jackson vart.
Nei, eg får gje meg no, denne ungdomstrenden er berre noko eg har fundert på etter ei tid som bloggar…

Google.

Den rosa verda.

Kva rømer me frå,
kvar  ynskjer me oss til?
Er dagane for grå,
kva med ein lykkepastill?

Kva skal til for å lysa opp,
kva må til for å farga dagen?
Ho tek til å vøla sin kropp,
han trenar på seg sixpack på magen.

Pupper vert fylte med silikon,
leppene bugnar av Botox.
Han gumlar på styrkehormon,
piggstrie hårtuster av hårvoks.

Han pumpar musklar, men kva gjer ho.
Jau, ho har fått seg ein blogg,
som fylles med rosa, ungdommeleg glo.
Der sit ho og knottar utan stogg.

Ho har så mykje å fortelja,
om outfit, og om eigen kropp.
Ho vil reklamera, syna og selja.
og rosafargen, den er topp.

Vakker er ho slik ho framstår
på PC-ruta i all si prakt.
Med puppestell, outfit og kjøpehår,
ho lyser av reklamemakt.

Mange vil verta nett som henne.
Formfull, vakker og populær.
Ein let seg kanskje lett forblende,
av form og fargar og vakre klær.

Men slik er kan hende den nye tida,
kor pengar kjem lett og laust.
Berre å logga på internettsida,
der lokkar tilboda heller raust.

Og rosabloggen, idealet for mange.
Teiknet i tida på ungdommeleg styrke.
På «girlpower» og parfymeange.
Eit idol som mange vil dyrke.

Men skal designarkroppen vera idealet,
kvar vert det av natura til sist,
når forma, innhaldet og futteralet
vert framtidas moteekvillibrilist.

Nei, dette vart visst ein kverulerande tanke,
frå ein som sit vagla på sin gubbeplanke,
som stiller seg lageleg til for hogg,
utan trutmunn og rosablogg.
21.10.2014.M-m.

10 kommentarer
    1. Årsaken til all denne ” elendigheten ” er at vi har glemt hvem vi egentlig er, kjærlighetsfulle og kreative vesener. Vi prøver å leve opp til andres forventninger (og etterhvert våre egne) om hvem vi burde være, og da blir det bare trist…….

    2. Så bra å få sagt så mye i et dikt…helt enig i at det tar helt av med mange ting, og det verste er jo at de fleste unge er mye finere før de fikser på utseende enn etter…og tykke lag med sminke er IKKE pent…Men det er heldigvis noen fine ,naturlige, unge “rosa bloggere”også ..
      Ha en fin dag videre:)

    3. Ja, du har atter på versefot deg hive
      som vanleg var det på kornet skrive
      Men ord som moteekvillibrilist eg ikkje har
      i mitt vokabular
      så det må eg få
      forklåring på
      slik at eg verset ditt kan forstå

    4. annebe: Så enig. De unge ,naturlige og rosa er flotte, håper at de blir idealene etterhvert. Men det er kanskje ikke inne i dagens tidsånd, og en fossil som meg burde kanskje passe pennen og munnen litt.
      Ha en fin dag…

    5. jeg er helt enig med deg,men jeg mener også att legene burde ta til vet,det skulle vært forbud for dem å utføre denne form for kirurgi og heller kreve att dei konsentrerte seg om alle dei som virkelig trenger helsehjelp og står i lange køer

    6. Oldemorbloggen:
      Å definera ekvibrillisten er ikkje så bale,
      det kan vera balansekunsten mellom rett og gale.
      Eg tenkte på balansen mellom vakkert og vulgært,
      og av det vakre vert eg mest besnært.
      Ikkje lett å finna rette sida,
      når ein på død og liv skal leva fremst i tida.

    7. fruensvilje: Ikke vanskelig å være helt enig, men det ligger penger i kroppsdesignervirksomheten, og da taper de svakeste. En annen ting jeg lurer på er om det fins forskning som forteller hvordan en blir seende ut etter langvarig bruk av designerkirurgi og botoxinnsprøytning. Jaja, time will show…
      Nei neste gang får jeg prøve å finne et hyggeligere emne å skrive om, men jeg er glad over responsen jeg har fått på dagens innlegg.
      Ha en fin dag videre…

    8. Fellesnemnaren for alt dette blir vel pengar, og det er utruleg kva folk finn på når dei har nok av det slaget. Men dei fleste har vel ikkje fått med seg Garborgs ord frå leseboka (kanskje dei ikkje har Nordahl Rolfsen lenger):
      Ein kann kjøpa seg

      lærdom, men ikkje vit,
      stas, men ikkje venleik,
      glans, men ikkje hygge,
      moro, men ikkje gleda,

      Skalet av alle ting kann ein få for pengar.
      Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.

    9. Pedro: Sjølv om ikkje Botoxen var oppfunnen på Garborg si tid, då var det vel snøring, spiler og push-ups det gjekk i, viser det at me ikkje har endra oss mykje når det gjeld å syna omverda dei gildaste fasadane.
      Eg får visst til å finna fram klassikarane, dei er godt brukande i innlegga til ein gamal gubbe.
      Ha ein gild haustdag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg