OL meg her og OL meg der…


Google.

Eg antar at dette ikkje er rette staden til å lufta ein liten frustrasjon på “provinsen” sine vegner.
Men eg har i det siste tenkt mykje på alt kavet dei har inne i Oslo for å få fram ein søknad til den heilage olympiske komiteen med tanke på å få lagt dei olympiske vinterleikane til Oslo i 2022.
Kva denne leiken, orsak desse leikane, skal kosta er visst ikkje klårt enno, og det er kanskje like greitt, for når dei siste tala eg har sett frå Russland sine OL-førebuingar er oppe i 200 Mrd er det vel greitt å halda kostandstala tett til bringa.
Men roa dykk borgarar (av Oslo). De skal no visstnok  få ta del i ei lokal folkeavstemming om de skal tyngja skattebetalarane i heile landet med kostnadene til vinterleikane. Det er demokrati det!!!

For to – tre år sidan vart det lagt ned mykje arbeid i å prøva å få send ein søknad om olympiske vinterleikar  i Trømsø i 2018. Her kom fram ein kostnadskalkyle på omlag 15 Mrd, men det tykte visst alle nede i hovudstaden var alt for dyrt samstundes som dei stilte seg tvilande til at Tromsø ville makta oppgåva. Det meiner dei som kalkulerte ein ny holmenkollbakke til 500 Mill, og som greidde å svi av godt og vel 1 Mrd før den modige Romøren fekk setja utføre i det fyrste hoppet som var tiltenkt Anette Sagen. Men ho er jente og attpåtil frå Nord Noreg og det var nok ikkje gjevt nok nede i oslogryta.

Kva er så mi meining om dette. Jau, Tromsø skulle fått høve til å arrangera leikane i 2018 og på det viset gjeve høve til å visa at det er mogeleg å få til ein fredeleg kappeleik utan gigantomanien me no er vitne til på dei stadene leikane har vore arrangert dei siste gongene. Byen og landsdelen ville sikkert hatt meir nytte av den utbyggjinga av infrastruktur i form av kommunikasjon og idrottsanlegg enn Osloområdet som allereie er godt utbygd.
Ein lyt etterkvart spørja seg kor mange stader/land som vil få råd til ein slik 14-dagars festrus, og kva det skal gå på kostnad av når det gjeld andre samfunnsnyttige tiltak.
Eg er ikkje i mot olympiske leiker, men gigantomanien og resultatet av den, sentraliseringa, likar eg ikkje.

Til sist reknar eg med at Heiberg, om han ser dette vil sakssøkja meg for misbruk av dei heilage ringane.  Jaja, eg får leva med det.

8 kommentarer
    1. Eg er samd i mykje av det du skriv og iallefall at at Tromsø burde komt i betraktning, dersom det skulle søkjast om ol. No har eg ikkje tid til å kommentera meir, for no skal eg til Bergen og sjå Margot, etter di anbefaling.

    2. jeg er nok ikke en av dem som sitter og ser på ol så jeg kunne godt tenkt meg att alle milliardene ble brukt på en mye mer samunsnyttig måte som kom ALLE til gode,det er masse eg reagerer på når det gjelder prioriteringen av felleskassa ja

    3. fruensvilje: Ja, eg synes nok at nokre av milliardane som vert brukt på OL godt kunne ha fått bedre anvendelse. Skru ned pompøsiteten rundt OL, la det bli en idrettskonkurranse.

    4. Dei høge herrar på idrottstinget stemmer JA til Oslo-OL, men dei reknar med at staten tek 88 % av utgiftene, og då kjem nok protestane frå provinsen. Eg vil heller få rusta opp gater og vegar i riket så eg slepp kløyva fleire dekk i kjempehola i Oslogatene. Dersom du no kjem til Oslo og løyser billett på bussen må du ut med 50 kroner. Bompengesatsane er 30 kr pr. passering, og det er før ein innfører rushtidsavgift. I Trondheim får dei kjempeskryt av at dei har auka satsane til 16 kroner.
      Helsing fra ein frustrert borgar i Jalla-byen.

    5. pedro: Ja, her er nok å bruka pengane på. Her i Bergen ber dei regjeringa om å få dobla bompengesatsane for å minska forureining og byggja bybane. Den søknaden ligg no i departementet på andre året, samstundes som det same departementet nektar byen premiemidlar for betring av bymiljøet. Dei snakkar om å kunna ha to tankar i hovudet samstundes, men her er det vel med departementet som med denne gamle gubben som har vanskar med å halda på ein tanke. Ta deg ein Hennesey og ha ei god helg.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg