…mot for korte beltereimer. Eg tenkjer sjølvsagt på resultata av perioden med etargilde som møter dei fleste av oss no i vekene framover. Eg googla fram eit bilete i går som inspirerte meg til å skriva nokre ord om juleflesket som forsvann frå grisen og hamna rindt midjene våre. Google
Pass på?
Det lakkar og lir med tida og snart er me midt i julestria. Pinnekjøt, ribbe og feite saker. Ja, og så alskens julekaker. Nei, eg gløymde ikkje ølet og akevitten, det hjelper visst også på apetitten.
Brått møtte kallen dagen, den grå, han grudde seg oppå vekta å stå. Ho kom ikkje med utanomsnakk. Sa berre.: «Ein om gongen, takk». Slukøyra forlet han vektpidestallen. Det vart resultatet av jula for kallen.
Han skjønte kor det bar, alt for fort. Finskjorta sprikte og beltet for kort. Ein tur til lekjaren som sjekka skrotten, godt at han ikkje høyrde lekjarlåtten. Lekjaren sa.:»Lengda di er grei, men du er 40 cm for brei!»
Traurig rusla han heim. Kva møtte der. Jau, herleg middagseim. Han tenkte.: «Jaggu skal eg stå imot, no er det slutt på mitt vinterblot!» Men trur de at han fekk det til ? Hugs,det er påske og lammesteik i april. 05.11.2015.M-m.
Da vi tidligere i høst feiret gullbryllup fikk vi tur til Fredrikstad og Vamp-konsert i gave fra familien, og den måtte selvsagt benyttes…Derfor støttet vi Kjos med en tur til Gardermoen. Turen gikk unna, men det kan vi ikke si om gangdistansene på Gardermoen. Får synge med Juster.: “Vi gikk og vi gikk…” Tenkte vi hadde kommet til en moderne flyplass med rullende gangstier, men nei – her måtte apostlene gjøre jobben. Ellers er Gardermoen en flyplass vi skygger unna så godt vi kan, nettopp pga dårlige faciliteter. Nok suring nå! Forsidebilde på programmet. …Men Wamp var en opplevelse med en helt ny turnekonsert og med en herlig blanding av gamle og nye låter med skikkelig “trøkk”. Konsertsalen “Den blå grotte” var en flott arena for konserten som varte 1,5 time, og selvsagt fikk vi gruppens store hits som dessert. Men de nære omgivelsene bydde også på overraskelser. Et rådyr besøkte hagen til bror og svigerinne, og jeg fikk såvidt tatt et bilde av dyret før det stakk av. En som stadig var ute og passet på var Milla, husets katt, hun har en hel skog på baksiden av eiendommen å boltre seg i, og det gjør hun – hver natt…Dagen bli tilbragt i godstolen. En tur ut til Foten, et flott frilufts og badeområde i Fredrikstad. Brutter’n ser ikke ut til å være klar for spranget i dag. Stedet egner ser også for turer i variert tempo. Måtte ha med et bilde av “pikene på broen” Fra den samme broen ser vi en smal kanal som antakelig kan forseres på flo sjø i kano. Idyllisk i alle fall. Litt høstfarger tok vi også med på turen. Hvilken plante dette er lurer jeg på. Kan dere hjelpe? Planten, eller treet på litt avstand. Fruene kikker ut over hyttebebyggelsen og lurer kanskje på hva herlighetene koster. Sikkert ikke billig…
Nye lodder og nye sjanser, sa man en gang. Jeg vrir det til nye måneder og nye sjanser for friske kommentarer. Oktober var ikke et unntak i så måte, og jeg festet meg til flere finurlige episoder. Bl a ble det skrevet om MDG’s diskrete bruk av SUV-biler, jaja – seier jeg!. Men Oslo skal visst bli bilfritt – i alle fall “Ring 1”. I Bergen ble feiret ID i Grieghallen og kvinnene fikk være med på festen, men måtte benytte sideinngangen! Ja, og så kom det tanker om å øke billettprisene på bussen i rushtiden mens ståplasser skulle bli billigere. Google
Oktober 2015.
No lyt eg nemna dei grøne sitt «hykkel». Deira sak er å berga vår verd. Dei meiner me bør bruka fot og sykkel i det meste av vår jordiske ferd. Men sjølv køyrer toppane deira SUV på vegen mot jorda sitt ureiningsjuv.
Oslo skal verta ein bilfri oase; eit miljøfyrtårn, må me tru. Vert det ein politisk kamikaze eller miljørørsla sitt store clou. Eg vil ynskja dei lukke til med eit bysentrum utan bil.
Stakkars oss som kjøpte dieselbil, dei raudgrøne lurde oss rett og slett. Me ville syna ein miljøvenleg profil, men no gjer politikken full retrett. No er dieselen verstingen i klassen, og då skal han forast, avgiftskassen.
Så er Forsvaret ute og køyre. Der manglar mest to hundre milliarder. Dei roper, men vil politikarane høyre eller vert våpna våre lanser og hellebarder? Me lever i ei utrygg og uroleg verd og lyt vera vakne og kvessa våre sverd.
Dei vise har visstnok no funne ut, bussprisen lyt aukast den travlaste tida. Då har dei nok heist den raudaste klut, for det er arbeidsfolket som lyt lida. Men fattigmannstrøysta vert visst som så; På bussen skal det verta billegare å stå.
Så fekk AP kamel på meyen, dei kjempa for bybane i fjell. Etter årelang krangel i hansabyen kjem visst bana over Bryggja likevel. Bymaktstingingane gjorde avgjerda lett. Bane over Bryggja i byte for taburett.
Så kom det endeleg for ein dag, kjøt som tobakk er dødeleg gift. Kjøt vert fy-mat i lystige lag, om du vil følgja vitskapens skrift. Vil du i framtida meska deg som fiffen, lyt du i tobakkskåpet etter biffen.
Våre nye landsmenn feirer ID, og Grieghallen skal festen føra. Sjølvsagt ikkje utan strid for kvinnene må inn sidedøra. Og Noreg let festen koma i gang med diskriminering i Allahs namn, 31.10.2015.M-m.
…og forsvaret er redd for at de må gjenbruke lanser og hellebarder om ikke forsvarsbudsjettet økes vesentlig.
Nye lodder og nye sjanser, sa man en gang. Jeg vrir det til nye måneder og nye sjanser for friske kommentarer. Oktober var ikke et unntak i så måte, og jeg festet meg til flere finurlige episoder. Bl a ble det skrevet om MDG’s diskrete bruk av SUV-biler, jaja – seier jeg!. Men Oslo skal visst bli bilfritt – i alle fall “Ring 1”. I Bergen ble feiret ID i Grieghallen og kvinnene fikk være med på festen, men måtte benytte sideinngangen! Ja, og så kom det tanker om å øke billettprisene på bussen i rushtiden mens ståplasser skulle bli billigere. Google
Oktober 2015.
No lyt eg nemna dei grøne sitt «hykkel». Deira sak er å berga vår verd. Dei meiner me bør bruka fot og sykkel i det meste av vår jordiske ferd. Men sjølv køyrer toppane deira SUV på vegen mot jorda sitt ureiningsjuv.
Oslo skal verta ein bilfri oase; eit miljøfyrtårn, må me tru. Vert det ein politisk kamikaze eller miljørørsla sitt store clou. Eg vil ynskja dei lukke til med eit bysentrum utan bil.
Stakkars oss som kjøpte dieselbil, dei raudgrøne lurde oss rett og slett. Me ville syna ein miljøvenleg profil, men no gjer politikken full retrett. No er dieselen verstingen i klassen, og då skal han forast, avgiftskassen.
Så er Forsvaret ute og køyre. Der manglar mest to hundre milliarder. Dei roper, men vil politikarane høyre eller vert våpna våre lanser og hellebarder? Me lever i ei utrygg og uroleg verd og lyt vera vakne og kvessa våre sverd.
Dei vise har visstnok no funne ut, bussprisen lyt aukast den travlaste tida. Då har dei nok heist den raudaste klut, for det er arbeidsfolket som lyt lida. Men fattigmannstrøysta vert visst som så; På bussen skal det verta billegare å stå.
Så fekk AP kamel på meyen, dei kjempa for bybane i fjell. Etter årelang krangel i hansabyen kjem visst bana over Bryggja likevel. Bymaktstingingane gjorde avgjerda lett. Bane over Bryggja i byte for taburett.
Så kom det endeleg for ein dag, kjøt som tobakk er dødeleg gift. Kjøt vert fy-mat i lystige lag, om du vil følgja vitskapens skrift. Vil du i framtida meska deg som fiffen, lyt du i tobakkskåpet etter biffen.
Våre nye landsmenn feirer ID, og Grieghallen skal festen føra. Sjølvsagt ikkje utan strid for kvinnene må inn sidedøra. Og Noreg let festen koma i gang med diskriminering i Allahs namn, 31.10.2015.M-m.
…og forsvaret er redd for at de må gjenbruke lanser og hellebarder om ikke forsvarsbudsjettet økes vesentlig.
Oldemorbloggen fekk meg i går til å fundera på kva me gubbane finn på for å pynta på hårstasen vår når alder og år har herja med han…og her er noko av det eg kom fram til.: Google
Aldrande gubbesveis.
Der har me gubbar det enkelt og lett, toppen røyter litt, rett og slett. Fyrst veks fram ein ørliten måne, observert av ei årvaken kone.
Moten hjelper den hårlause gubben, han kan gå inn i snauskalleklubben. Han kan barbera heile toppen og gå hårlaus på toppen av kroppen.
Om håret grånar eller fell av, let han det ikkje verta sut eller kav. Finn fram høvelen og set i gong, og brått er han moderne og fjong.
Google
Så fins den morosame varianten, håret får vekse frå issekanten. Hentesveisen skal dekkja skallen, men hauststormen øydelegg frisyren til kallen.
Google
Toupè er ein populær variant, som dekkjer naken issekant. Ei naudhavn for førtiårspanikken og han torer gå huvelaus til butikken.
Google
«Såtene» våre kan ha mange variantar, frå blankskallar til buskute øyrekantar. Blondt eller raudt, svart eller grått. Me får slita med hårpynten me har fått. 25.10.2015.M-m.
eit rim som vart skrive for nokre år sidan. Det var vel inspirert av dei mange timane gubben brukte framfor TV-ruta, til fotball, ski, skeiser etc etc. Fotballsesongen er no på hell til glede eller fortviling, alt ettersom. Og under over alle under, Northugen har vorte einig med Skiforbundet om at han skal få gå på ski til vinteren også. Altså, ikkje berre i Alpene om sumaren. No kan “svensken” alt ta til å gruva seg. Forresten vil han visst reisa til Sverige og vera med i opningsrennet til svenskane no i haust. Det vert ikkje greitt å vera svenske denne hausten.
Google
Sportsviruset.
Sjukdom plagar jamt kroppane våre. I fjor vart me råka av svinesotten. Småsurna lunger og halsar såre, og så kom den fårlege sumarflåtten.
No ha me fått ein ny epidemi. Han råkar oss i alle aldrar. Diagnosen er sportsidioti. Sjølv media gryler og skvaldrar.
Sportssykja herjar heile året. Sjølv er eg biten av basillen. Kjerringa riv og slit seg i håret og eg er rusa på sportspromillen.
Når marka er kvit er det vintersport. Skirenn og skeiser er sykja no. Her gjeld det å gå styggjeleg fort. Spaning stor, du rekk snautt gå på do.
Misser du eit toppunkt er inga krise, sjølv om du forlet skjermen ei stund. Alt som har hendt, kjem att i reprise. Du går ikkje glipp av eit sekund.
Om sumaren er det fotballtid, nokre spring galen etter ei kule. Stundom vert det ein blodig strid. Aktørane baskar seg blå og gule.
Alle vil sparka kula i mål, men der står ein og vaktar buret. Tribunar er fulle av agelaust skrål, og sjelvande augo mot stadionuret.
Endeleg er kampen slutt. No skal det fram ein djup analyse. Alt vert synt oppatt, snutt for snutt, fylt med alvorsam ekspertise.
Og me sit og glor i TV-ruta. Fotballvirusen herjar i kroppen. Tankar for anna gjev dårleg valuta. Heildøgnsfotball må vera toppen.
Sjå på deg sjølv, korleis er formen ? Ber du deg åt som du knapt er klok. Tenk over dette i fotballstormen. Kva tid var det sist du opna ei bok ? 10.11.2010.M-m.
Ettersom eg korkje strikkar eller syr skjøner de vel at eg kan slita med emner og innlegg som interesserer mange av mine bloggvener. Ja, til og med på blomefronten kjem eg til kort. Her begrenser aktiviteten min seg til eit og anna impulskjøp på kjøpesenteret når samvitet eller frua gjev meg melding om at heimen kan ha visse forventingar til meg. Filateli , eller frimerkesamling duger ikkje som sjekketriks, det er prøvd, og ettersom ein sjeldan ser eit brev med frimerke er vel filatelihobbyen etter kvart ein aktivitet for spesielt interesserte. Altså ikkje noko å blogga om det heller. Kva står det då att å skriva om for ein gamal giktbroten gubbe? Jau, små og større hendingar i ein kvardag som startar med kaffi og avislesing. Apropos avislesing så såg eg i dag at vårt stolte teater, Den Nationale Scene (DNS) slit med besøkstala. Då ser eg at det undrar både teatersjef og lokalavis at det vert slik ettersom kritikarane har rost teaterstykkja opp i skyene det siste året. Jaja, men me teaterinteresserte er ikkje like entusiastiske. Vel, då får teateret finna seg eit anna publikum å spela for, eller endra på reportuaret. Personleg tenkjer eg at det interne bikkjeslagsmålet mellom leiing og enkelte tilsette som har herja teateret det siste året også har sett sine spor ute blant folket. Det har antakeleg også ført til at ein av byens sin flinkaste og mest folkekjære skodespelar, Helge Jordal har funne seg andre scener å boltra seg på. No er han på turne med stykket, «Førstereis». Det burde de nytta høvet å sjå dersom det vert oppsett i dykkar nørmiljø. Nei, nå kom eg visst bort frå mine eigne daglege utfordringer. Jaja, me gamlingane er lett å spora av. Så vart det altså eit lite innlegg av dette. Eg får koma attende til andre sider av pensjonistkvardagen ein annan gong. Men fyrst skal eg på teateret og sjå Hellemyrsfolket, forresten ein av suksessane til DNS dette året. Ha ein kreativ bloggdag.
…stormen, som suser inn over landet, og regnet som pisker mot ruta og snauskallen når gubben som snarest tar morgenturen ut til postkassa etter avisa, som på si side varsler nye uvær. Vi er snart inne i den gråeste måneden i året, nemlig november. Da er det bare å drømme seg med Bjørnson som valgte seg april, selv om han selv tilbragte mange av sine favorittmåneder i Roma. Eller kanskje en heller skulle rope.: “Kom mai du skjønne milde” slik han gjorde den litt mindre kjente poeten Øivind Nordheim. Nei, her er det bare å komme seg ut av drømmene, få på seg den lange undikken og stå i mot den kommende vinternatten. Google. Vi som bor i ferjenorge må nok belage oss på noen slike hufseturer i løpet av vinteren. Nå må visst gratispassasjerene/EL-bilene også se i frontlyktene at de glade gratisturene med ferjer og gjennom bomstasjoner nå går mot slutten. Men, ærlig talt, det bør vel ikke forbause så mange at en tjeneste må koste litt. Men nok om høststormer og gratispassasjerer. Det er ikke stort mer enn en uke siden himmelen såg helt annerledes ut. Da møtte dette morgenbildet gubben, en vindstille morgen med sol i tretoppene. Hvem kunne da tenke seg et stormfylt landsskap? Vel, det er bare å bite tenna sammen og stille klokka mot nærmeste sommer, finne fram ski, kondomdress og vinterdekk i møte med kong vinter med godt mot. God helg!
Nå har fraværet fra bloggen vært rimelig langt, men gubben mener seg å ha gyldig fraværsgrunn denne gangen…Det er slik at når maskineriet svikter så må det vedlikehold til, og det er en aktuell problemstilling som jeg kanskje kommer tilbake til i en senere blogg.
I sommer var jeg heldig å vinne førstepremien i et lokalt lotteri. Det var en tur til Hirtshals med denne båten. Google Så da var det bare å sale gampen og komme seg ombord med frue og bil. Riktignok var danmarksoppholdet bare 12 timer, men da fant vi ut at bilen var et nødvendig fremkomstmiddel for oss. Vi gikk ombord på Nøstekaien, og på andre siden av vågen der skimtes parabolantennene til TV-2. Haugesundsbrua ble passert i fin stil og i meget fint vær. …Og innvendig i båten møtte vi bl a Magnus Carlsen-inspirert gulvbelegg. En kaffekopp og utsikten i karmsundet var avslappende og godt. En smakebit fra kveldens rikholdige buffet kan også vises fram. Maten var god, men best av alt var at man kunne forsyne seg med Bacchus’ gleder fra tappekran…! …så var det Danmark med flotte veier og utallige sanddyner på nordpynten av Jylland. Skagen låg litt øde og forlatt, i alle fall båthavna. En større fiskebåt var satt opp på kaien for vedlikhold. Var båthavna tom, så hadde også parkeringsplassen ledige plasser, som man kan se…og best av alt – bilettautomaten hadde gått i vinterdvale så parkeringen var gratis. Ja, selv Pakkhuset, den populære restauranten på kaia såg lit forlatt ut, men inne var det varmt, og den gode fiskesuppa var fremdeles på menyen. Et par småhutrende fiskere var også plassert på kaiområdet. Før vi forlater havna tar jeg med et bilde som understreker at sesongen definitivt er over. ..for den del, butikkene ved sjøkanten var ikke plagsomt fulle av folk, men tilbudene var svært gode. Det var også tilbudet i gågatene, og… …når fikk jeg hårklipp til kr 150,- sist? Jeg kan ikke huske det… Noen hadde forresten lagt inn årene for sesongen, men gled deg til påske da kommer tilbudet tilbake, Frokost måtte vi ha og “Jakob” ordnet den saken for oss, velsmakende og godt. Gubben valgte en noe tyngre meny, både mat og service var ypperlig. Det var også plassen på Løkken strand. Ingen viltre ungdommer, ei heller trangt om plassen på stranda. Så er vi tilbake til Hirtshals hvor båtene stort sett lå uvirksomme i havna. Her har de forresten funnet en plass til, og vedlikeholdt hornmina, som fremdeles tar i mot bidrag til krigsseilerne etc. Hvor har de gjort av den tilsvarende mina i Bergen?? Det ble ikke tid til et sildebord på kroa denne gangen. Derimot ble det kjøtthandel i Winters kjøttbutikk like ved.
Hjemturen gikk i rolige former som det sømmer seg et tilårskommet ektepar. Overraskelsen dukket først opp på kaia i Bergen hvor vi ble sendt inn i en garasje for tollklarering. Her ble bil og bagasje støvsugd,men som tidligere skrevet var vår import av tollbelagte “goder” også innenfor sømmelighetens grenser. En fin tur blir konklusjonen.
No har me i mest alle år høyrt at det vert bevilga alt for lite til forskning, og det kan gjerne vera noko i det. Men stundom tek forskningsinnsatsen vendingar som gjer at ein stakkar kan setja både kaffikopp og tefat i halsen når ein les morgonavisa. Slik var det i alle fall i dag etter at eg og kjerringa hadde lagt bak oss diskusjonen om kven som skulle få lesa avisa fyrst. Den striden vann eg, som vanleg. Vel, attende til forskinga, og i dag var det Transportøkonomisk Institutt som hadde laga ei utgreiing om famtidig prising av kollektivtransporten. Her er så nokre av framlegga/konklusjonene.
1. Prisane bør vera høgare i rushtidene enn i trafikksvake periodar. Flott, tenkte eg, då kan eg kanskje ta bilen til jobben med lettare samvit. Men nei, sjølvsagt skal det leggjast ei rushtidsavgift på bilane også. Jaja, men er me ikkje like langt då, berre med den skilnaden at transportselskapa og stat/kommune får meir pengar i kassene sine, og me kundane mindre?
2. Ein bør betala for komfort. Altså bør det betalast meir for sitjeplassar enn for ståplassar, meiner vitskapen. Men denne løysinga meiner eg å ha høyrt om før. Då var det i luftfarten kor Ryanair ville lansera ståplassar på flya sine. Det kokte bort i kålen. Billege ståplassar på buss og trikk er vel ingen mindre risikosport enn på flya, vil eg tru. Vil det ikkje vera morosamt å sjå overfylte bussar med ståande passasjerer medan setene stor tomme?
Jaja, men no ser eg i avisa at politikarar vender tommelen ned for desse effektiviteringstiltaka, men kven veit, kanskje me likevel ein gong i framtida vert tilbydd gratisplassar hengjande på utsida av bussen eller trikken.
Nei. skal me få betre byluft kunne det vel kanskje vera verd å setja ned prisane på kollektivtransporten for ikkje å seia å ta prisane heilt bort, i alle fall i rushtidene.