Det lir…

…mot for korte beltereimer. Eg tenkjer sjølvsagt på resultata av perioden med etargilde som møter dei fleste av oss no i vekene framover. Eg googla fram eit bilete i går som inspirerte meg til å skriva nokre ord om juleflesket som forsvann frå grisen og hamna rindt midjene våre.

Google

Pass på?

Det lakkar og lir med tida
og snart er me midt i julestria.
Pinnekjøt, ribbe og feite saker.
Ja, og så alskens julekaker.
Nei, eg gløymde ikkje ølet og akevitten,
det hjelper visst også på apetitten.

Brått møtte kallen dagen, den grå,
han grudde seg oppå vekta å stå.
Ho kom ikkje med utanomsnakk.
Sa berre.: «Ein om gongen, takk».
Slukøyra forlet han vektpidestallen.
Det vart resultatet av jula for kallen.

Han skjønte kor det bar, alt for fort.
Finskjorta sprikte og beltet for kort.
Ein tur til lekjaren som sjekka skrotten,
godt at han ikkje høyrde lekjarlåtten.
Lekjaren sa.:»Lengda di er grei,
men du er 40 cm for brei!»

Traurig rusla han heim.
Kva møtte der. Jau, herleg middagseim.
Han tenkte.: «Jaggu skal eg stå imot,
no er det slutt på mitt vinterblot!»
Men trur de at han fekk det til ?
Hugs,det er påske og lammesteik i april.
05.11.2015.M-m.

8 kommentarer
    1. Takk for ei morosam vitamininnsprøyting på ein heller grå haustdag. Ånda er viljug, men kjøtet er veikt, står det i skrifta. Skulle dette gjelda deg, så får du trøyste deg med orda til ein diktarkollega: I morgon skal eg byrja . . .
      Ha ein fin slank dag.

    2. ..hehe…bare for kort ja…sånn kan man også se på det :)) Blir koselig med jul..mye god mat, men styrer ikke med så mye som jeg gjorde før :))
      Du får sagt mye med et dikt..artig :)) God helg :))

    3. Pedro: Nei, “eg har byrja” så mange morgonar så eg har gjeve opp det nye livet no. Elles tenkte eg at det kunne vera tida no til å tenkja over konsekvensane av dei mange tilstundande juleborda. Det har visst ikkje du noko å uroa deg over når det gjeld ekvatormålet.
      Ha ei helg kor du slepp å telja kaloriane…

    4. annebe: Takk. Kjekt å få slike flotte kommentarer. Nei, det blir nok litt enklere rundt juletiden for oss også nå. Feirer helst sammen med barn og barnebarn – det er fint.
      Ellers er det jo godt med julematen da.
      Ha en fin week-end…

    5. fruensvilje: Loven er ærlig, men holde den besværlig. Jeg regner med at også juletida i år vil ha sine matmessige utfordringer—Så får vi heller ta blåmandagen når den kommer…
      God helg…

    6. Ja, den maten, den maten skapar mykje bry
      å ha gode forsett, den tanken er ikkje ny
      som regel dette den i dass
      når den gode maten er på plass
      Me hiv innpå, rett og slett
      og et til me er meir enn mett
      Eg fora ma’en med suppe av svin
      natta etter blei ikkje fin
      verken slo ut i hans vonde tå
      så dagen derpå
      han til lækjar måtte gå
      Podagra, sa lækjaren, er det du har
      og det er mi skuld, den saken er klar
      Etter dette skal svin
      erstattast med kylling og vin

    7. Oldemorbloggen: Hahahaha! No vart eg nesten utslegen. Den skal eg få slita med å matcha. Superbra!!
      Så til podagraen, den er visst skikkeleg vond. Det er visst det einaste eg manglar no på epikrisen min, men det ordnar seg vel etter Lanzaroteturen som skal gå av stabelen om to veker…
      God helg

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg