Om dårlege sjekketriks etc…


Google

Ettersom eg korkje strikkar eller syr skjøner de vel at eg kan slita med emner og innlegg som interesserer mange av mine bloggvener.  Ja, til og med på blomefronten kjem eg til kort. Her begrenser aktiviteten min seg til eit og anna impulskjøp på kjøpesenteret når samvitet eller frua gjev meg melding om at heimen kan ha visse forventingar til meg.
Filateli , eller frimerkesamling duger ikkje som sjekketriks, det er prøvd, og ettersom ein sjeldan ser eit brev med frimerke er vel filatelihobbyen etter kvart ein aktivitet for spesielt interesserte. Altså ikkje noko å blogga om det heller.
Kva står det då att å skriva om for ein gamal giktbroten gubbe?
Jau, små og større hendingar i ein kvardag som startar med kaffi og avislesing.
Apropos avislesing så såg eg i dag at vårt stolte teater, Den Nationale Scene (DNS) slit med besøkstala. Då ser eg at det undrar både teatersjef og lokalavis at det vert slik ettersom kritikarane har rost teaterstykkja opp i skyene det siste året.  Jaja, men me teaterinteresserte er ikkje like entusiastiske.
Vel,  då får teateret finna seg eit anna publikum å spela for, eller endra på reportuaret.
Personleg tenkjer eg at det interne bikkjeslagsmålet mellom leiing og enkelte tilsette som har herja teateret det siste året også har sett sine spor ute blant folket. Det har antakeleg også ført til at ein av byens sin flinkaste og mest folkekjære skodespelar, Helge Jordal har funne seg andre scener å boltra seg på. No er han på turne med stykket, «Førstereis». Det burde de nytta høvet å sjå dersom det vert oppsett i dykkar nørmiljø.
Nei, nå kom eg visst bort frå mine eigne daglege utfordringer. Jaja, me gamlingane er lett å spora av.
Så vart det altså eit lite innlegg av dette. Eg får koma attende til andre sider av pensjonistkvardagen ein annan gong.
Men fyrst skal eg på teateret og sjå Hellemyrsfolket, forresten ein av suksessane til DNS dette året.
Ha ein kreativ bloggdag.

8 kommentarer
    1. Fint med pensjonisttanker, ja.
      Vi får dele på flere slike til uka.
      Og velkommen østover, bl.a. til konsert med Vamp.

    2. Ja, eg må seie eg blei særs skuffa då du ikkje kommenterte rundfelliga på jakken eg strikka, men, men, eg får prøve å leve med det. Teater er eit fint bloggtema, det likar eg og. Elles bloggar eg ikkje så mykje for tida, Samsonen min nektar å gje frå seg bilder til Pc-en, og ikkje berre det, den er sikkert komen i overgangsalderen, for heit som ei glo er den støtt. I morgon den dag må eg på El-kjøp og kvitte meg med fleire tusenlappar for å få meg ein yngre hr. Samson.

    3. ..hehe..ingen sy og strikke innlegg fra meg heller…men noen blomster hender det at det blir :)) Husker jeg samla frimerker som barn…pappa var en ivrig samler..men det er vel ikke så mange som driver med det nå..ikke så mange av de unge iallefall 🙂 Betraktninger om nyhetsbildet og livet ellers er bra bloggetemaer synes jeg :)) Teater har jeg ikke vært på på mange år..men det er fin underholdning ..og kunst :)) Håper det var en bra forestilling du var på :)))

    4. Dersom du hadde følgt godt med på Det Store Symeisterskapet på TV ville du hatt stoff å blogge om. Der laga dei klede av m.a. gamle paraplyar, med spiler og det heile. Du har sikkert nokre gamle trollgarn som kunne blitt fine selskapsklede, for damer i alle aldrar og storleikar. Du veit, gjenbruk er in som aldri før.

    5. Pedro: Der må eg ha gått glipp av noko. Trollgarn har eg mange av, og no som dei har ulovleg maskevidde kan eg kanskje by dei ut til eit evt neste symeisterskap. Nettingkledning har jo vore populært på kvinner tidlegare, i alle fall på Place Pigalle så vidt eg hugsar. Kanskje me skulle ha teke ein retrotur nedover att.
      Ha ein fin kveld i den gamle helsetrøya…

    6. annebe: Kjekke innlegg du har, og jeg liker godt bildene dine. Det blir litt slik med meg også, jeg tar bilder på turer som jeg illustrerer inleggene med. Ellers blir det vel litt slik at på de tidene jeg er innaktiv, da blir det lite blogging også…
      Dersom Helge Jordal komme til dine trakter med forestillingen sin “Førstereis” så kan jeg trygt anbefale den.
      Ha en fin kveld,

    7. Oldemorbloggen: Du må ikkje tru at eg mislikar alt der flotte du og andre bloggkontaktar strikkar, syr eller smir, men eg vågar liksom ikkje å kommentera det- Kjenner at det skortar på min kompetanse og erfaring der.
      Elles må sjølvsagt teknologien vera i orden i vår digitale verd, så lukke til med val av ny maskin. Eg har også ein Samson, men då han er så tung å draga på har eg skaffa meg eit “brett” i tillegg. Elles må du halda auga på om “Førstereis” kjem til Stord. Der stykket kan anbefalast.
      Ha ein fin kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg