I dag fann eg…

eit rim som vart skrive for nokre år sidan. Det var vel inspirert av dei mange timane gubben brukte framfor TV-ruta, til fotball, ski, skeiser etc etc.
Fotballsesongen er no på hell til glede eller fortviling, alt ettersom. Og under over alle under, Northugen har vorte einig med Skiforbundet om at han skal få gå på ski til vinteren også. Altså, ikkje berre i Alpene om sumaren. No kan “svensken” alt ta til å gruva seg. Forresten vil han visst reisa til Sverige og vera med i opningsrennet til svenskane no i haust. Det vert ikkje greitt å vera svenske denne hausten.


Google

Sportsviruset.

 Sjukdom plagar jamt kroppane våre.
I fjor vart me råka av svinesotten.
Småsurna lunger og halsar såre,
og så kom den fårlege sumarflåtten.

 No ha me fått ein ny epidemi.
Han råkar oss i alle aldrar.
Diagnosen er sportsidioti.
Sjølv media gryler og skvaldrar.

 Sportssykja herjar heile året.
Sjølv er eg biten av basillen.
Kjerringa riv og slit seg i håret
og eg er rusa på sportspromillen.

 Når marka er kvit er det vintersport.
Skirenn og skeiser er sykja no.
Her gjeld det å gå styggjeleg fort.
Spaning stor, du rekk snautt gå på do.

 Misser du eit toppunkt er inga krise,
sjølv om du forlet skjermen ei stund.
Alt som har hendt, kjem att i reprise.
Du går ikkje glipp av eit sekund.

 Om sumaren er det fotballtid,
nokre spring galen etter ei kule.
Stundom vert det ein blodig strid.
Aktørane baskar seg blå og gule.

 Alle vil sparka kula i mål,
men der står ein og vaktar buret.
Tribunar er fulle av agelaust skrål,
og sjelvande augo mot stadionuret.

 Endeleg er kampen slutt.
No skal det fram ein djup analyse.
Alt vert synt oppatt, snutt for snutt,
fylt med alvorsam ekspertise.

 Og me sit og glor i TV-ruta.
Fotballvirusen herjar i kroppen.
Tankar for anna gjev dårleg valuta.
Heildøgnsfotball må vera toppen.

 Sjå på deg sjølv, korleis er formen ?
Ber du deg åt som du knapt er klok.
Tenk over dette i fotballstormen.
Kva tid var det sist du opna ei bok ?
10.11.2010.M-m.

4 kommentarer
    1. Oldemorbloggen: Eg likte hårbloggen din i dag, morosam. Kanskje det kjem eit tilsvar i min blogg i morgon. Eg jobbar med saka.
      Ha ein fin kveld.

    2. Dette er nok like aktuelt i 2015/2016 som det var i 2010. Men etter som vi har to TV-er burde ikke ekteskapet ryke på grunn av sporten. Brød og sirkus er gammel medisin for å holde massene i sjakk, så nå får jeg ta ansvaret for å fylle opp brødskuffa. Da går det nok bra, med eller uten Northug.

    3. Pedro: Ja, to TV-apparat må til no for tida, det sikrar både husfred og sportssendingar. Elles tykte eg at eg kunne framføra nokre tidlegare tenkte tankar om sort og sportssendingar.
      Du må ha ein roleg kveld utan fotballkampar i TV-ruta.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg