Om forskning og bussing og slikt…


Google

No har me i mest alle år høyrt at det vert bevilga alt for lite til forskning, og det kan gjerne vera noko i det. Men stundom tek forskningsinnsatsen vendingar som gjer at ein stakkar kan setja både kaffikopp og tefat i halsen når ein les morgonavisa. Slik var det i alle fall i dag etter at eg og kjerringa hadde lagt bak oss diskusjonen om kven som skulle få lesa avisa fyrst. Den striden vann eg, som vanleg.
Vel, attende til forskinga, og i dag var det Transportøkonomisk Institutt som hadde laga ei utgreiing om famtidig prising av kollektivtransporten. Her er så nokre av framlegga/konklusjonene.

1. Prisane bør vera høgare i rushtidene enn i trafikksvake periodar. Flott, tenkte eg, då kan eg kanskje ta bilen til jobben med lettare samvit. Men nei, sjølvsagt skal det            leggjast ei rushtidsavgift på bilane også. Jaja, men er me ikkje like langt då, berre med den skilnaden at transportselskapa og stat/kommune får meir pengar i kassene      sine, og me kundane mindre?

2. Ein bør betala for komfort. Altså bør det betalast meir for sitjeplassar enn for ståplassar, meiner vitskapen. Men denne løysinga meiner eg å ha høyrt om før. Då var det i      luftfarten kor Ryanair ville lansera ståplassar på flya sine. Det kokte bort i kålen. Billege ståplassar på buss og trikk er vel ingen mindre risikosport enn på flya, vil eg            tru.  Vil det ikkje vera morosamt å sjå overfylte bussar med ståande passasjerer medan setene stor tomme?

Jaja, men no ser eg i avisa at politikarar vender tommelen ned for desse effektiviteringstiltaka, men kven veit, kanskje me likevel ein gong i framtida vert tilbydd gratisplassar hengjande på utsida av bussen eller trikken.

Nei. skal me få betre byluft kunne det vel kanskje vera verd å setja ned prisane på kollektivtransporten for ikkje å seia å ta prisane heilt bort, i alle fall i rushtidene.

4 kommentarer
    1. Det eg tenker er att slike endringar ofte omhandler hele landet og ikke bare storbyane,da er det surt for oss som bor på bygda .Det snakkes om kolektivtransport,men vi får bare 1 skulebuss,tar jeg den om morgenen må eg trakke i en time før butikkane åpner,og den går ikke hjem før kl 14 så en kan ikke handle noe før siste timen skal en ungå lange armer,har skulen feriem,ja da har bussen vår også ferie 🙁 så jeg håper forandringer blir øremerka byane og ikke hele landet

    2. fruensvilje: Eg trur vel at slik forskning på køyrevaner, rushtid etc vedkjem mest byar og bynære strøk. Ute på landsbygda går det diverre oftast det vegen du beskriv, mindre kollektiv transport – ferre bussruter.
      For busselskapa er det “bunnlinja”/overskotet som gjeld, og då fell me som bur i bygdenoreg utafor “allfarveg” oftast ut av ruteheftene.
      Men eg gler meg forresten, haha, til at ståplassane på bussane vert billegare, då vert det kanskje sitjeplassar for oss “lommebokfeite” pensjonistar.
      Ha ein fin dag…

    3. Byen har alt blitt så uframkomeleg og avstengd at ein kan gløyme alt som heiter bilkøyring. Nei, ein må nok finne seg eit lite vindauge mellom morgonrush og ettermiddagsrush, og lita på offentleg transport. Men berre vent til MDG får meir makt. Då skal me alle bu i sentrum, og gå til jobben. Men kva for slags jobb?

    4. Pedro: No var du så seint ute med kommentaren at eg undrast på om du hadde teke deg ein hausttur til Sandøya. Det vert ikkje så mykje blogging for tida, emnene mine druknar litt i all rosafargen. Men når “dei glupe” kom med framlegg om auka bussprisar i rushtida, og lågare prisar for ståplass på bussen greidde eg ikkje å halda meg.
      Har du ikkje fått med deg MDG sin taktikk? Dei vil strupa ålmenta sin biltilgong til byane slik at dei kan få plass til sine eigne feite VAN-ar.
      Ha ein bilfri dag med billeg ståplass på bussen…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg