Alt til si tid…


Google

Alt til si tid.

Det kveldast i tunet
og mørknar i ruta.
Ho søkjer til lands
den gamle skuta.
Drivkrafta veiknar minutt for minutt
rekk ho til lands før det heilt tar slutt?

Ho for over hav,
i storm og stille.
I ofseleg kav
på bylgjene ville.
Ho drøymer no om ei fredeleg havn
og til kvild ved kaikantens trygge favn.

Ved solfylte kyster,
kvinner og spel.
Med  sjølivets lyster,
med kåtskap og sprel.
Men no er det berre ein tanke for baugen
å leggja til kaia og venta på draugen.

Ho sig til lands,
til den siste havna.
Til siste dans
Mot kai ho stavna.
Ho tømmes for mannskap, liv og last
men minna sit enno i spantene fast.
———
Natta sig inn over heim og båt.
Ho slit ikkje lenger i trossa.
Vil ikkje lenger bli valen og våt
og framover storhavet fossa.
Krafta er borte og modet svinn.
Ved kaia ho ventar på lagnaden sin.
18.12.2016.M-m.

Jul til besvær…


Google.

Jul til besvær.

Å jul med din glede
hugsar du den julesongen?
Den var aldri til «vrede»
for oss ungar den gongen.

I dag vil dei fjerna ordet jul,
og ingen englar som dalar i skjul.
Gjetarane får passa sine dyr
medan me på juleshopping «flyr».

Deilig er jorden, ein farleg song,
den får me’kje syngja ein gong.
Songen skal no berre nynnast
og evangeliet ikkje forkynnast.

Ingen skuleavslutning i kyrkja,
forkynning må me ikkje dyrka.
Me skal vera så forbanna nøytrale,
å tona flagg er hakkande gale.

Må me gøyma religion og kultur
berre slik at ingen andre vert sur?
Skal jula berre bli ein kjøpefest
utan barnet, song og prest?
15.12.2016.M-m.
 

Brobygging…


Google

Bruene i livet.

Bruer er vidunderlege konstruksjonar,

dei bind saman naboar, grender og nasjonar.

Menneske kan koma lett og trygt til andre sida,

og vitja kjend og kjær heile tida.

Men, bruene krev godt vedlikehald og stell

om du skal kryssa trygt kvar dag og kveld.

Er di eiga bru open og trygg ?

Gløym ikkje vedlikehaldet på ditt viktigaste bygg.

Ei helsing eller merksemd til nokon du kjenner,

og de er framleis gode venner.

Pleielaust venskap raknar over tid

Og einsam står du att på brusida di.  

11.06.2009.M-m.


Google

Skatt, hva er nå det?

Vi hører stadig politikergnålet om skatt. Venstresidas mantra er at høyresida gir store skatteletter til de rikeste, og høyresida fastholder at deres skatteletter er med på å gi flere arbeidsplasser. Den diskusjonen skal de få ta seg imellom uten min innblanding.
En ting ser det ut for at de er skjønt enige om. nemlig at veiutbygging og kollektivsatsing skal finansieres av fossilbilistene med det resultatet at bomavgifter økes og nye bomstasjoner settes i drift. Hordaland er bompengefylket nr 1, og nå arbeider man med en storstilt økning av bompengeinnkrevingen rundt Bergen for å finansiere en gigantisk bybanesatslig.
For pendlere og bedrifter vil det kunne utgjøre tusener av kroner i året.

Foto.: Askøyværingen.
Nå ser det ut til at eierne av en krympende del av bilparken reiser seg mot denne urettferdige og usolidariske måten å foreta skatteinnkreving på, nemlig at det blir fossilbilene som skal finansiere utbygging av vei og kollektivtrafikk i dette landet.
De har nå startet en gå-sakte-aksjon i rushtiden et par morgener med resultat som bildet fra Askøy denne morgenen viser. Bilistene ønsker med dette å vise at NOK er NOK. Nå må sentrale myndigheter på banen og finansiere mer av infrastrukturen i transportsektoren.
Så tilbake til skattebegrepet og politikergnålet om skatt…Dette gnålet er med på å kamuflere det faktum at alle politiske leirer gjemmer sine skatteøkninger bak begrepet avgift. Så kan de fra stortingets talerstol stå og bedrive sin selvros om moderat beskatning.
Tror dere virkelig at vi går på den, kjære politikere?

Lucia til besvær…

Innvandring til besvær. Det har svenskene siste uka gjennomgått. Det er nemlig Luciadagen i dag med lucekatter og opptog rundt omkring.
Årets Lucia på de ymse skolene har tradisjonelt vært ei lys og fager “nordisk” jente med flott smil og lyskrans i håret.

Google
Men hva fant en svensk skole på? Jo, den tok konsekvensen av at landet hadde fått nye innbyggere og nye kulører og valgte en farget flott pike til å være årets Lucia.

Google
Men da startet “hylekoret”, for å bruke vår innvandringsministers terminologi. Vi kan da ikke velge en innvandrer med annen hudfarge til å være årets Lucia, var det unisone koret fra mange. Diskusjonen har florert, og hva resultatet ble vet jeg ikke, men jeg håper inderlig  den flotte luciajenten fikk beholde sitt verv.
Hvis vi skal mene noe med innvandring, og ikke la begrepet integrering bare bli en floskel må vi akseptere og applaudere at våre nye landsmenn får delta på alle områder i samfunnet.

Men jeg undres på om ikke innvandrere som har oppholdstillatelse og hvor de fleste har blitt norske statsborgere ofte opplever dette “luciasyndromet” eller diskrimineringen som vi også kan kalle det.
Hva med arbeidssøkende utlendinger, spesielt de med arabiskklingende navn. Hvor havner de i arbeidssøkerkøen? Jo, som oftest nederst i søknadsbunken.
Og hvor ofte kan man ikke lese om hussøkende fra den tredje verden som møter meldingen utleid eller solgt hus når utleier/selger har registrert utseendet.
Her fins nok mange flere eksempel.
Jeg vil mene at når vi har tatt imot innvandrerne må de også få sjansen til å bli integrert som fullverdige deltakere i vårt samfunn, og da må vi venne oss til å tåle å se en farget Lucia, eller et arabisk navn blant kollegene våre…

Ein gong om året…

…kvar desember er det tid for tradisjonsfest i det Haugenske hus. Då står det nemleg

…smalahåve på menyen. Då lyt det vera Kerrs-Pink-poteter og saftig kålrabistappe til, og ikkje minst

…noko godt i glaset. Om ein  ikkje har skaffa seg Smalahåveakevitten skjemmer heller ikkje Løiten smalahåvebordet.
Korleis ein tilbereder håvet og kva og korleis ein fortærer det kan vel vera noko ymse, men likar ein fyrst smalahåve er det nok eit av åras kulinariske høgdepunkt.
Mannen bak denne “delikatessen” er Ivar Løne frå Voss,

…han svir, etter eige utsagn, ca 90.000 håve om året. Han har bygd eigen Gildesal kor han arrangerer smalahåvegilde om ein ynskjer det.
Årets smalahåve på det Haugenske bord var, for å bruka salige Samaransh’ ord i ein annan sammaheng…: “The best “smalahåve” ever!

Men tru no ikkje at det berre er oss barbariske nordmenn som et smalahåve. Nei, både Færøyane og Island nyt denne retten, og ikkje minst i dei arabiske landa er smalahåve ettertrakta. Antakeleg då i ei anna tilbereding.

Jaja, festen i går vart eit høgdepunkt i denne regnfulle mørketida, og me takkar eit flott vertskap.

Først kom “Black friday”…

.
..Deretter våknet vi til “blakk lørdag”. Men det var ikke slutt med det. Denne ulykksalige blakke lørdagen var det på’an igjen med firmajulebord som inkluderte nachspiel som strakk seg til litt utpå søndags morgenen. Hva våknet vi da til påfølgende dag
.
Jo, til en formidabel blåmandag med “tom-peng-pong”, sandpapir på tunga, og hvor eneste erindringen fra helga var en gedigen varehaug på stuebordet som påminnet om handelstandens gulldag og egen gryende samvittighet.

Grøss og gru…

Alle bilder hentet fra Google.

En flott…

…grønn vinterdag. Innimellom lavtrykkene og regnværet får vi noen en-dags-gløtt med sol, stille og litt kaldere vær. Men tro bare ikke at det varer. I morgen er varselet sterk vind og regn.
Da nyter vi dagen i dag, og i nabolaget svømmer noen sultne stokkender, og da passer det godt å ha en pose med brødterninger med på dagens “trimtur”.

Joda, de kommer svømmende når jeg tar fram plastposen.

Noen tar en liten formiddagsdupp i vannkanten…

Det er servert! Legg merke til måkene i bakgrunnen. De har lyst på mat, men motet svikter kanskje?

Som dere ser er dagen flott her på Askøy.
En fin dag til mine bloggkontakter også…

Novemberhymne…2016.

Beklager, men dette innlegget fikk først feil tittel. Det er ikke oktober – men – novemberhymne. Vel, gammel mann gjør så godt han kan…
Denne månaden trur eg at eg let novemberhymnet stå utan kommentarar frå mi side. Men i inngongen til desember er me spent på om den blå ballongen sprekk. Jaja, time will show, som det heiter.


Google.
Eg lyt spandera eit bilete av denne karen som kjem til å dominera aviser og verdspolitikk, i alle fall dei neste fire åra. Kva tru me har på han kan vel vera tvilsamt…

November 2016.

USA held valkampspetakkel i år.
Der kjempar to underlege kandidatar.
Usmakleg retorikk og skitslenging rår,
mellom republikanarar og demokratar.
Uverdig valkamp, eg bruker det ordet.
Skal slike få pryda verdsstyrebordet?

Nokon seier, val mellom kolera og pest,
og alle ristar oppgjevne på håvet.
Ingen av kandidatane byr opp til fest,
og veljarane riv og slit seg i håret.
Mange gjekk til urna med usmak i munnen,
og eg skjøner dei godt, i grunnen.

Verda vakna til eit veritabelt sjokk
Det vart skitslengjaren som vann.
Hadde veljarane gått over stein og stokk
og vald ein udugeleg og ueigna mann?
Eller var dei lei av politisk pampevelde
og på dette viset si misnøye ville melde?

Ja, tida vil vise kva veg det ber,
Vert det eit løft for middelklassen?
Får dei det betre, «over there»,
eller får rikfolka fylt opp dollarkassen?
Kva så med resten av verda?
Vert den tryggare, eller må me bryna sverda?

Vil du tene millionar i ein fei,
gjev fotballforbundet deg vinnarplanen.
Landslagstrenarjobb er den rette vei,
og brått tilhøyrer du vinnarklanen.
Det er berre å køyra laget i grøfta,
og loket på NFF?s pengekiste vert løfta.

Endeleg skal bergenspolitiet ha honnør,
dei løyser overgrepssaker mot mange små.
Lenge er det granska bak ei lukka dør,
og overgriparar skal framfor domen stå.
Måtte den verta streng og klår.
Løys valdsrama ungar frå sine vonde år.

Årets budsjettfarse sler alle rekordar,
krangelen står i finstova hennar Erna.
Trine og Knut Arild mot dei blåe hordar,
«det grøne skiftet» vil dei verne.
Og AP sit i båten, stilt som mus,
klar til å ta over «det norske hus».
30.11.2016.M-m.

 

Det går i rykk og napp…

No er det så lenge sidan eg skreiv eit blogginnlegg at eg laut høyra med gubben om han hadde avslutta bloggarkarrieren. Han drog litt på det, men mumla omsider at det kanhende kunne komma eit par innlegg til før blyanten vart lagd i penalet (og han sjølv også, for den del).
Men sanninga kom då fram litt etter litt. Den gubbesjuka han skreiv om i eit tidlegare innlegg var nok meir seigliva enn han fyrst tenkte – det tok tid å venda attende til eit oppegåande liv…og grunnen til det var at årets influensavaksine hadde eit hol i nettverket som slepte inn ein sint virus, og den råka sjølvsagt gubben.
Som den gamle grinebitaren han har vorte, laut han sjølvsagt få hausten ut i nokre meir eller mindre velvalde ord.

Google…Disse henger nå godt der de er…

Vinterkallen.

Det haustar på vollen,
det haustar i knollen.
Det haustar på trea,
det haustar i knea.

No vintras naturen,
og gubben vert sturen.
På den daglege rusleturen
stivnar muskulaturen.

Soldagen vert kort,
han visnar snart bort.
Kva gale er gjort,
kulda kom for fort.

Vinter, is og snø,
han må måka og strø.
Ynskjer vårleg frø,
vinteren gjer han sprø.

Gjev han våren fort,
han vil ha snøen bort.
Vil ha lukt av vårleg lort,
vinter og kulde er siste sort.

Gubbens vinterklagesong
renn or skallen gong på gong.
Ski og skeiser er ingen trong,
vinterhabitten er ikkje fjong.

Men rett skal vera rett.
Dei unge hoppar og sprett.
Utan styring og vett.
Pur vinterglede, rett og slett.
24.10.2016.M-m.