Ein gong om året…

…kvar desember er det tid for tradisjonsfest i det Haugenske hus. Då står det nemleg

…smalahåve på menyen. Då lyt det vera Kerrs-Pink-poteter og saftig kålrabistappe til, og ikkje minst

…noko godt i glaset. Om ein  ikkje har skaffa seg Smalahåveakevitten skjemmer heller ikkje Løiten smalahåvebordet.
Korleis ein tilbereder håvet og kva og korleis ein fortærer det kan vel vera noko ymse, men likar ein fyrst smalahåve er det nok eit av åras kulinariske høgdepunkt.
Mannen bak denne “delikatessen” er Ivar Løne frå Voss,

…han svir, etter eige utsagn, ca 90.000 håve om året. Han har bygd eigen Gildesal kor han arrangerer smalahåvegilde om ein ynskjer det.
Årets smalahåve på det Haugenske bord var, for å bruka salige Samaransh’ ord i ein annan sammaheng…: “The best “smalahåve” ever!

Men tru no ikkje at det berre er oss barbariske nordmenn som et smalahåve. Nei, både Færøyane og Island nyt denne retten, og ikkje minst i dei arabiske landa er smalahåve ettertrakta. Antakeleg då i ei anna tilbereding.

Jaja, festen i går vart eit høgdepunkt i denne regnfulle mørketida, og me takkar eit flott vertskap.

4 kommentarer
    1. Du må gjerne ta en tur over. Du skal få akevitt, men jeg kan ikke garantere smalahåve. Gilde Non Plus Ultra anbefales til mørk sjokolade, så jeg må nok ut og skaffe meg noe annet til julematen. Hadde jeg hatt noen dårlige kamerater skulle vi nok kverka Ultra’n også, med eller uten sjokolade. Var det vår felles bekjente Haugen som bød på saueskolter? Ja, ja, håper dere ikke tok skade av måltidet. Da blir det nok jul i år også. Tenn det tredje lyset og ha det fin!

    2. Pedro: Ja, det er tradisjon med smålahåve hos Willy Haugen i juletida slik også i år. Dessverre måtte gubben la akevitten være, han var sjåfør denne kvelden. Men smalahåvet var godt det.
      Nå står julekonsertene for tur, så da skifter vi fokus.
      God kveldsøkt…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg