Det går i rykk og napp…

No er det så lenge sidan eg skreiv eit blogginnlegg at eg laut høyra med gubben om han hadde avslutta bloggarkarrieren. Han drog litt på det, men mumla omsider at det kanhende kunne komma eit par innlegg til før blyanten vart lagd i penalet (og han sjølv også, for den del).
Men sanninga kom då fram litt etter litt. Den gubbesjuka han skreiv om i eit tidlegare innlegg var nok meir seigliva enn han fyrst tenkte – det tok tid å venda attende til eit oppegåande liv…og grunnen til det var at årets influensavaksine hadde eit hol i nettverket som slepte inn ein sint virus, og den råka sjølvsagt gubben.
Som den gamle grinebitaren han har vorte, laut han sjølvsagt få hausten ut i nokre meir eller mindre velvalde ord.

Google…Disse henger nå godt der de er…

Vinterkallen.

Det haustar på vollen,
det haustar i knollen.
Det haustar på trea,
det haustar i knea.

No vintras naturen,
og gubben vert sturen.
På den daglege rusleturen
stivnar muskulaturen.

Soldagen vert kort,
han visnar snart bort.
Kva gale er gjort,
kulda kom for fort.

Vinter, is og snø,
han må måka og strø.
Ynskjer vårleg frø,
vinteren gjer han sprø.

Gjev han våren fort,
han vil ha snøen bort.
Vil ha lukt av vårleg lort,
vinter og kulde er siste sort.

Gubbens vinterklagesong
renn or skallen gong på gong.
Ski og skeiser er ingen trong,
vinterhabitten er ikkje fjong.

Men rett skal vera rett.
Dei unge hoppar og sprett.
Utan styring og vett.
Pur vinterglede, rett og slett.
24.10.2016.M-m.
 

2 kommentarer
    1. Då eg såg biletet av skeisene vart eg skræmd, men heldigvis var det «berre» influensa. Så no er du frisk og rask med immunitet som varer lenge. Og det beste av alt; du slapp unna Black Friday. Så no sit du i tårnet ditt og ser ut over ein svart vinter, medan du tenker store tankar. Sauebonden i Hardanger har no også vist seg i hovudstaspressa, og han vil ikkje ha Vestlandsregion, det vil heller ikkje Meltveit Kleppa i Rogaland. De får ta eit oppgjer i Hafrsfjord, det har gjeve gode løysingar før.
      Men inntil vidare får du ha ei god og trivsam adventstid der vest.

    2. Pedro: Sauebonden, ja han har nok fått bod frå ei forskremd forsamling i løvehola om å sabotera etablering av ein vestlandsregion på vel 1 mill menneske. Den kan nok gje papirføyttarane i tigerstaden utfordringar i framtida. Jaja.
      Kor store tankane er, kan nok diskuterast, men uver og krimsjuke tvingar gubben over frå turmodus til tankemodus,
      Adventstida er nok på gong om me finn “adventstasjen” etter flyttinga, men akevitten er i hus og under kontroll førebels…
      Ha ein fin kveld med fyr i staken…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg