Novemberhymne…2016.

Beklager, men dette innlegget fikk først feil tittel. Det er ikke oktober – men – novemberhymne. Vel, gammel mann gjør så godt han kan…
Denne månaden trur eg at eg let novemberhymnet stå utan kommentarar frå mi side. Men i inngongen til desember er me spent på om den blå ballongen sprekk. Jaja, time will show, som det heiter.


Google.
Eg lyt spandera eit bilete av denne karen som kjem til å dominera aviser og verdspolitikk, i alle fall dei neste fire åra. Kva tru me har på han kan vel vera tvilsamt…

November 2016.

USA held valkampspetakkel i år.
Der kjempar to underlege kandidatar.
Usmakleg retorikk og skitslenging rår,
mellom republikanarar og demokratar.
Uverdig valkamp, eg bruker det ordet.
Skal slike få pryda verdsstyrebordet?

Nokon seier, val mellom kolera og pest,
og alle ristar oppgjevne på håvet.
Ingen av kandidatane byr opp til fest,
og veljarane riv og slit seg i håret.
Mange gjekk til urna med usmak i munnen,
og eg skjøner dei godt, i grunnen.

Verda vakna til eit veritabelt sjokk
Det vart skitslengjaren som vann.
Hadde veljarane gått over stein og stokk
og vald ein udugeleg og ueigna mann?
Eller var dei lei av politisk pampevelde
og på dette viset si misnøye ville melde?

Ja, tida vil vise kva veg det ber,
Vert det eit løft for middelklassen?
Får dei det betre, «over there»,
eller får rikfolka fylt opp dollarkassen?
Kva så med resten av verda?
Vert den tryggare, eller må me bryna sverda?

Vil du tene millionar i ein fei,
gjev fotballforbundet deg vinnarplanen.
Landslagstrenarjobb er den rette vei,
og brått tilhøyrer du vinnarklanen.
Det er berre å køyra laget i grøfta,
og loket på NFF?s pengekiste vert løfta.

Endeleg skal bergenspolitiet ha honnør,
dei løyser overgrepssaker mot mange små.
Lenge er det granska bak ei lukka dør,
og overgriparar skal framfor domen stå.
Måtte den verta streng og klår.
Løys valdsrama ungar frå sine vonde år.

Årets budsjettfarse sler alle rekordar,
krangelen står i finstova hennar Erna.
Trine og Knut Arild mot dei blåe hordar,
«det grøne skiftet» vil dei verne.
Og AP sit i båten, stilt som mus,
klar til å ta over «det norske hus».
30.11.2016.M-m.

 

5 kommentarer
    1. 😉 Du er dyktig til å finne rim slik at innholdet ikke “lider” under det. Her er det ikke mye hjerte /smerte – eller “smeller fra loft og til kjeller”. 😉 Når en mann som Trump blir valgt til president, så handler det om at mange mennesker er veldig misfornøyde med det som har vært. De vil ha en forandring, Når han er det eneste alternativet de har – ja så velger de ham!:P

    2. karidansen: Helt enig. Det er nok misnøyen som har gitt Trump plassen i det ovale kontor.
      Da blir det en utfordring for våre politikere å føre en politikk som blir forstått og respektert av folket. Når vi er vitne til den farsen som blir utspilt i Oslo i disse dager gir det ikke store forhåpninger. Her synes spill, posisjonering, prestisje og retoriske finurligheter være viktigere enn langsiktighet og forutsigbarhet i samfunnet. Nei, nå ble jeg visst litt for negativ – vi har det da bra her på bjerget…
      Ha en god dag i alle fall…

    3. Sjå der ja, november er historie og du har alt festa det grøvste på papiret; godt rima og godt oppsummert. Trumpen sine planer er vel alt endra litt, men noko vil me nok merke. Kanskje får me heim soldatane våre frå serkland. La folka der nede få slåst frå seg utan vår innblanding, me greier aldri å få i stand noko fred i alle fall..
      Nei, no er det jula som gjeld, men det vart ikkje noko rauvinskjøp i dag på Aker Brygge, så eg må nok nøye meg med Bag-in-box frå søta bror. Kveik ljosa, nyt adventa og spar på kreftene. God helg!

    4. Pedro: Ja, det er eg einig i. Å rota med soldatar der nede i serklandet er neilt nyttelaust. Dei får slåst for seg sjølv der nede. Forresten, no er det visst i emning at kvinnene nede i Saudi skal få køyra bil…Jaja, velkommen til tidleg 1900-tal!
      Eg vil minna deg på å kjøpa inn juleakevitten før helga, for du veit ikkje kva for avgifter Trine kan finna på no i budsjettinnspurten. Forresten her er fleire flyplassar ho kan leggja ned. I tillegg til flyseteavgifta kan ho vel innføra ei køavgift for dei som står i passkø på Gardermoen, det kan fort bli pengar av det…
      Ha ei god helg, og hugs juleakevitten…

    5. An impressive share! I have just forwarded this onto a colleague who had been doing a little homework on this.

      And he actually bought me dinner due to the fact that I discovered it
      for him… lol. So allow me to reword this…. Thank YOU for the meal!!

      But yeah, thanks for spending time to talk about this issue here on your web site.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg